Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Byggmjøl

Av Siri Helle
,  22.02.13


Ugrasmidlet vi finn i kornet vi produserer mest av, oppfører seg kanskje ikkje heilt slik vi vil.

Når var siste gongen du henta fram byggmjøl­posen frå kjøkkenskapet? Bygg utgjer størstedelen av norsk kornproduksjon – vi er faktisk sjølvforsynte med bygg i Noreg. Det er det dessverre stort sett husdyra våre som får nyte godt av. Bygg hevar dårlegare enn til dømes kveite, men har til gjengjeld meir smak. I flatbrød, raspeballar og graut gir byggmjøl smak og konsistens, og du kan fint blande inn 40 prosent byggmjøl i brøddeigen utan at det går ut over hevinga. Norgesmøllene dominerer mjølmarknaden i Noreg gjennom merkevara Mølleren.

Grunnen til at bygg dominerer norske kornåkrar, er nok den korte veksttida, som passar godt til somrane her nord. Det meste av konvensjonell korndyrking i dag er i monokultur, utan husdyr eller andre vekstar på garden. Næring vert tilførd med kunstgjødsel, og ugras vert nedkjempa med plantevernmiddel. I Noreg vert det brukt 700 tonn kjemiske plantevernmiddel årleg. Av dette er om lag 300 tonn eit ugrasmiddel som heiter glyfosat.

Giftgigant
Den største produsenten av glyfosat er kjemikaliegiganten Monsanto, gjennom merkevara Roundup. Glyfosat fungerer ved at det trengjer inn i grønt bladverk og set amino­syreproduksjonen i planta ut av spel slik at ho visnar og døyr. Det vil skje med alle grøne planter ho treffer – gifta skil ikkje mellom nytteplante og ugras. På grunn av dette er det stort sett berre tillate å bruke glyfosat før såing eller etter innhausting – med eit unnatak: i dyrking av bygg.
I byggåkrar kan du sprøyte med glyfosat heilt fram til sju dagar før innhausting. Føresetnaden er at du ventar til fem dagar etter kornet er «gulmoge» – det tyder tørt nok til ikkje å verte påverka av plantevernmidlet. I teorien. I praksis fann Mattilsynet sporverdiar av stoffet i 9 av 36 matkorn- og risprøver i 2007.

Glyfosat vert presentert som lite skadeleg for dyr og menneske, sidan kroppane våre ikkje set saman aminosyrer på same måten som planter. I same setning vert det sagt å ikkje påverke miljøet det vert sprøytt i. Dei seinaste år har likevel glyfosat vorte funne i grunnvatn fleire stader i Europa. Analysar gjorde i Noreg viser at kor fort glyfosat vert uskadeleggjort i jord, kjem heilt an på tilhøva gifta møter. Kanskje gjer ikkje glyfosat heilt som vi seier? Eller kanskje greier vi ikkje heilt å skjøne konsekvensane av det vi gjer når vi slepper kjemikalium laus i naturen?

Kjemikaliecocktail
Glyfosat er eit godkjent kjemikalium med ein høgst tillaten verdi i matvarer – 0,1 mg per kg. Mattilsynet tek stikkprøver for å sjekke at verdiane ikkje er høgre. Men glyfosat er dessverre ikkje det einaste «giftstoffet» vi møter i mat. Cocktail­effekten er eit festleg namn på eit leitt faktum vi ikkje veit stort om – effekten små mengder av mange ulike kjemikalium har på oss og miljøet. Føre var er eit anna, noko meir traust og keisamt omgrep. Spør du meg, er dette eit greitt høve til å henge litt att i det trauste og trygge.

Holli mølle ligg i Østfold og produserer økologisk korn utan plantevernmiddel. I økologisk jordbruk nyttar ein mangfald som verkemiddel mot ugras – ved å nytte jorda til ulike vekstar med ulike eigenskapar gir ein kornet gode tilhøve og ugraset dårlege. Avlingane vert om lag 40 prosent lågare med ein slik driftsmodell, noko som kanskje viser att i prisane: Byggmjøl frå Holli kostar 29 kroner per kilo, Mølleren 13 kro­ner.
Kjøper eg Mølleren byggmel? Nei takk, eg held meg på den trygge sida med Holli Mølle.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake