Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


– Eit farleg spel

Av Per Anders Todal
,  22.02.13


Framferda til Christian Høibø som PST-informant og infiltratør reiser fleire etiske problem, meiner historikar Knut Einar Eriksen.

Tysdag viste NRK ein dokumentar om Chris Høibø som var PST-informant i Blitz-miljøet, Internasjonale Sosialister (IS) og Norwegian Defence League. Knut Einar Eriksen er historikar og forfattar av Den hemmelige krigen: overvåking i Norge 1914–1997 saman med Trond Bergh.

– Da du såg dokumentaren, kva tenkte du om arbeidsmåten til PST?
– Det er ikkje noko direkte overraskande ved arbeidsmåten. Om ei overvakingsteneste er interessert ei gruppe, er det nyttig om ein kan få informantar på innsida. Det spesielle var at denne personen informerte PST om grupper både på ytre venstreside og ytre høgreside, og at han var ung, dreiv på så lenge, og sjølv tok del i ulovlege aksjonar.

– Informantverksemda hadde stort omfang i den perioden du forska på?
– POT hadde ei mengd informantar under den kalde krigen. Dei viktigaste var i arbeidarrørsla, blant bedriftsleiarar og i pressa. POT hadde òg informantar i NKP-segmentet, seinare òg i SF og i ML-rørsla, og i høgreekstreme krinsar frå 1970-åra av.

– Christian Høibø var svært aktiv i gruppene han infiltrerte. Det kan skape etiske problem når ein informant òg er aktør?
– Det kan vere eit problem på mange måtar. Denne personen gjorde kriminelle, valdelege handlingar som han tilmed vart dømd for. Og organisasjonar som mistenkjer at dei kan bli overvaka, vil vere på utkik etter tystarar. Det er eit nokså farleg spel som reiser både personlege og etiske problem.

– Ketil Lund seier til NRK at han har vanskeleg for å sjå at Blitz og IS «ligg innanfor det PST skal passe på»
– Eg veit ingenting om saka ut over det som kom fram i programmet. Men eg går ut frå at PST anten har dekning i instruksverket eller har fått ei form for politisk godkjenning for å overvake desse miljøa. Det bør vere ei informasjonsutveksling mellom PST og den politiske leiinga om kva miljø som kan overvakast. Og også EOS-utvalet til Stortinget bør bli orientert.

– Høibø seier han gav PST medlemslister og abonnentlister frå IS. OM PST registrerte slike lister, er det i så fall i strid med regelverket?
– Det ville truleg vere ulovleg, men dette går eg ut frå at EOS-utvalet vil avklare. Om Høibø skaffa slike lister, er det eit spørsmål om PST har brukt dei på noko vis. Og om PST har brukt dei, er det grunnar til at det kan forsvarast? Og er politiske styresmakter i så fall gjort kjende med dette?

– PST skal førebyggje og etterforske «politisk motivert vold», heiter det i instruksen. Handling­ane til delar av Blitz-miljøet kan definerast innanfor virkefeltet til PST?
– Blitz-miljøet var gjenstand for noko overvaking alt på 1980-talet. Det var grunnar til det. Folk frå Blitz har stått bak ulovlege demonstrasjonar og aksjonar. Og dei har kasta stein mot politiet, og det må kallast vald.

– Dilemmaet mellom ønsket om samfunnstryggleik på eine sida og personvern og meinings- og organisasjonsfridom på andre sida er ganske konstant?
– Ja. Og for ein organisasjon som PST, som skal førebyggje vald og kriminalitet, er mykje av arbeidet å sjekke organisasjonar og personar som ein i ettertid kan lure på kvifor dei sjekka i det heile. Under den kalde krigen vart mange nordmenn overvaka og registrerte, men berre eit fåtal hadde gjort noko ulovleg. Men om det kjem eit stort terroranslag, blir PST spurde: «Kvifor gjorde de ikkje jobben dykkar?» Vi såg dette etter terroren 22. juli.

– Etter 22. juli fekk PST kritikk for å ha vore for lite opptekne av den ekstreme høgresida. Trur du PST har ei ideologisk slagside?
– Eg tvilar på at det er slik. Det er 25 år sidan den kalde krigen, og PST har ein ny generasjon tenestemenn. Etter Lund-kommisjonen fekk overvakinga langt strengare retningsliner. I dag vektlegg nok PST først og fremst terrortrusselen, deretter førebygging av spionasje.

– Lund-kommisjonen synte at det meste av den ulovlege overvakinga i Noreg var retta mot folk på venstresida. Det er slik sett forståeleg at somme mistenkjer PST for å vere meir opptekne av venstre- enn høgresida?
– Det er det nok. Men i dag er det langt strengare reglar for metodebruk og kven som kan bli gjenstand for overvaking, og PST er som sagt underlagt ein heilt annan politisk kontroll enn under den kalde krigen.

– Høibø er medlem i Norsk Journalistlag (NJ), som vil ekskludere han fordi ein «ikkje kan vere journalist og samtidig infiltratør og informant». Under den kalde krigen lét det seg fint gjere å vere journalist eller redaktør og informant for POT?
– Det ville blitt ei lang eksklusjonsliste om NJ hadde ein slik praksis da. Pressa er langt meir profesjonell i dag.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake