Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Fridom med låst ratt

Av Odd W. Surén
,  15.02.13


Serena rekrutterer forfattarar som ikkje veit dei vert rekrutterte, medan ho sjølv står i eit skorfeste. Og kven styrer eigentleg kven?

ROMAN
Ian McEwan:
Serena
Omsett av Halvor Kristiansen
Gyldendal 2013

Når ein stundom kjenner på seg at det er tid for å grovsortera spenningslitteraturen, kan ein gjerne dela heile feltet i to kategoriar: ein stor, av typen «kven gjorde det», der Agatha Christie & Co held til, og ein mindre, av typen «korleis fange han eller henne», som var jobben til Colombo. I den nye romanen til britiske Ian McEwan, Serena, syner det seg, mot slutten, at me har med ein tredje kategori å gjera, nemleg: «Kven er det som fortel?» Men dette kan ikkje meldaren gå nærare inn på utan å øydeleggja romanen for andre lesarar.

No er ikkje dette eigentleg ein spenningsroman, men rett og slett ein roman, eit kunstverk, som nyttar ingrediensar frå underhaldningslitteraturen, om enn på ein original måte.

Rekrutterer kritikarar
Hovudpersonen, Serena, vert kring 1970 innlemma i dei hemmelege tenestene i Storbritannia, det såkalla MI5, men berre heilt nedst, i ei rolle som ikkje ser ut til å vera viktig. Jobben hennar er å rekruttera forfattarar som er kritiske til marxismen, utan at dei veit at dei er rekrutterte, til å skriva bøker og andre tekstar som syner at det eksisterande regimet er det beste. Dette gjekk føre seg i ei tid då dei britiske styresmaktene var i beit for såkalla goodwill, med uro i Nord-Irland og økonomisk sut, streikar i kolgruvene og ei heimleg presse som spreidde mytar om at levestandarden jamvel i DDR var betre enn i UK. Forfattarane skulle lokkast med stipend av ei stifting som verka stoverein og nøytral og som utgav seg for å vera genuint interessert i litteratur. Slik skulle forfattarane vera frie, utan å vita at dei så å seia køyrde med låst ratt.

Serena får lesa nokre noveller av ein lovande, ung forfattar, Tom Haley, og ho syner oss døme på desse novellene, mellom anna om ein rik ungkar som vert forelska i ei utstillingsdokke og innleier eit forhold til henne. Det er ganske heitt ei stund, heilt til han byrjar å mistenkja dokka for å ha eit godt auga til hushjelpa hans. Ja, desse utstillingsdokkene, dei er sanneleg ikkje til å lita på!

Etisk skorfeste
Serena vert forelska i Tom, og han i henne. Ho kjem snart i eit etisk skorfeste, men lenge ser det ut til at ho ikkje treng uroa seg for at han nokon gong skal finna ut av dobbeltrolla hennar. Men akk, det er ein slange i paradiset, for ein av sjefane hennar har også vore forelska i henne, noko som ikkje er rart, sidan ho visstnok skal vera særs attraktiv. Han meiner dessutan at ho har svikta han og kanskje øydelagt livet hans, og dermed gjer han i løynd noko som kan syna seg å vera fatalt for prosjektet hennar.

På overflata kan dette verka trivielt, men McEwan lyfter teksten til eit finurleg spel om identitet, og om kven det eigentleg er som styrer kven. Ikkje minst er prosaen på eit svært høgt nivå, skildringane er så autentiske og levande at lesaren vert fullstendig hekta, og Serena er verkeleg eit interessant menneske. Det kvinnelege blikket hennar verkar truverdig, og ho fortel på ein måte som ein kjenner att hjå intelligente skrivande kvinner frå vår eiga tid: observant, med auga for kroppslege detaljar, med finføling og djup innsikt i menneskesinnet.

Held orden
Dette er ein gripande og sterk roman, godt tenkt, smart skriven og med mange gode tids­bilete. Forfattaren held orden på alt, og når Serena ved eitt høve er litt lett på tå i forklaringa av eit logisk paradoks, innser ho dette akkurat eit sekund eller to før lesaren. Det er sjølvsagt knusande ergerleg.

Halvor Kristiansen har sett om boka på uklanderleg vis.

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar for Dag og Tid.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake