Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Ola leigesoldat

Av Jan Inge Sørbø
,  15.02.13


Det vekkjer sterke reaksjonar at norske soldatar skal ha lært opp tolkane sine i våpenbruk. Militær kunnskap og maktutøving må haldast under kontroll. Men kor stor kontroll har Forsvaret sjølv over dei internasjonale oppdraga?

I veka som gjekk, kom det opp påstandar om at norske soldatar skal ha drive litt privat­undervisning i Afghanistan og lært opp tolkane sine i våpenbruk. Her skal eg ikkje drøfta gehalten i desse påstandane. Det eg merkte meg, var den resolutte avvisinga frå forsvarsministeren om at dette var klarert med norske styresmakter. Har det skjedd, er det definitivt utan løyve frå Forsvaret og regjeringa.

Det var i og for seg ei nyttig klargjering. Vi har ikkje bruk for norsk militærpersonell som driv med kveldsundervisning i AG3 og bruk av handgranatar, om det så er til folk som kjenner seg truga på livet. Den dystre sida av dette er at tolkane kjenner seg truga på livet nettopp fordi dei samarbeider med utanlandske soldatar. Det kastar eit skarpt lys over komplikasjonane ved å vera i dette landet. For kvar som ser dei vestlege soldatane som hjelparar og frigjerarar, er det minst like mange som ser dei som invasjonsstyrkar og dermed vil straffa dei som samarbeider med dei.

Moralsk fordømd
Men tilbake til presiseringane frå Forsvaret: Militær makt og kunnskap er ikkje noko ein skal driva med på freelance. Her er tradisjonen sterk. Ei romersk setning seier at det er (moralsk) godt å døy for fedrelandet. Men til alle tider har ein sett med stor skepsis på dei som leigde ut ferdigheitene sine til framande land. Leigesoldaten har vore moralsk fordømd, og ikkje utan grunn. Å bruka militær makt er ikkje moralsk nøytralt. Det skal berre brukast for å hindra eit større vonde. Dette større vondet er det fellesskapen som må definera. Bruk av makt og våpen utan dekning i ein stat er ikkje militær­teneste, det er lovløyse og kriminalitet. Kjenner ein seg ikkje bunden av ein nasjon, men leiger seg ut til den som byd høgast, så melder ein seg også ut av moralen. Melder ein seg til teneste for ei makt som er fiendtleg til fødelandet, risikerer ein landssviksdom.

Det er grunn til å ta vare på denne skepsisen til leigesoldaten. Militært personell er moralsk sett avhengig av ein moralsk oppegåande oppdragsgjevar, elles kan dei fellast for brot mot menneskeslekta, som i Nürnberg.

Til internasjonalt rådvelde
Men i seinare år har det norske forsvaret gong på gong stilt seg til rådvelde for internasjonale oppdrag. Tilknytinga til våre eigne nasjonale interesserer har vore vanskeleg å få auga på. Kva var Gaddafis trugsmål mot oss, som gjorde at norske fly med norske pilotar kunne kjempa ned styrkane hans? Kva skil dei norske soldatane som gjorde teneste i den eine sida i borgarkrigen i Libya, frå leigesoldatane på den andre sida, i moralsk forstand?

Det er ein lang tradisjon for at Noreg har teke del i såkalla fredsbevarande operasjonar, under leiing av FN. Det er noko anna, for det handlar om å freista å avverja krig og aggresjon i det aktuelle området. Men krigane i Irak, Afghanistan og Libya, der Noreg i større eller mindre grad har vore med (offisielt ikkje i Irak), var ikkje slike situasjonar. Det var krigar sette i gang av eit land mot eit anna land, utan noka form for provokasjon. I det libyske eksemplet handla det om ein borgarkrig, der vi valde side.

Vil vurdera Mali
Utanriksminister Espen Barth Eide sa i Stortinget denne veka at dersom Noreg blir bede om å stilla styrkar i Mali, så vil dei vurdera det, og i så fall vil dei leggja det fram for Stortinget først, som alltid. Det er ei sanning med modifikasjonar. Det Stortinget aldri har drøfta skikkeleg, er det prinsipielle i om vi skal vera med på slike aksjonar; det er situasjonane som har diktert.

Tek vi ikkje ein slik diskusjon, endar vi opp som heimlandet til Ola leigesoldat.

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast kommentator i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake