Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Når ein pave går av

Av Kjell Arild Pollestad
,  15.02.13


Det er ikkje overraskande, men likevel sensasjonelt at pave Benedikt 16. ikkje ber krossen til endes.

Verdspressa har dei siste dagane vore full av om­­skrivne nekrologar. Det vert ikkje same freden over minneorda når paven berre er gått av, og ikkje bort. Journalistar har leita bakover i soga for å finna ut om slikt har hendt før. Dei har drege fram fleire døme, det siste seks hundre år gamalt. Hadde dei sett nærare etter, ville dei oppdaga at det var noko nær det motsette som hende då: Konsilet i Konstanz tok seg ikkje berre tid til å døma Jan Hus til bålet – det avsette to rivaliserande motpavar, Johannes 23. og Benedikt 13., og pressa pave Gregor 13. til å trekkja seg. Han gjekk med på dette, men det var langt frå friviljug.

Det finst berre eitt døme på at ein pave har «gått av» utan å vera tvungen av ytre omstende, og det var Celestinus 5., som vart vald 5. juli 1294 og sa frå seg embetet 13. desember same år. Han var sjølv ikkje kardinal, men då kardinalane hadde krangla i over to år utan å verta samde om ein kandidat, samla dei seg om den kjende einebuaren og abbeden, som var femogåtti år gamal då han vart pave. Han var ei enkel sjel, heilt ueigna for oppgåva, og så ulærd og ukunnig i latin at møta med kardinalane (konsistoriet) måtte haldast på italiensk.

Det gjorde eit sterkt og nærast fælsleg inntrykk i samtida at paven gjekk av. Dante, som fylte tretti året etter, har gjeve pave Celestinus plass to stader i sin Guddomlege komedie, begge i Helvetet. Diktaren såg og kjende att skuggen av mannen che fece per viltà il gran rifiuto – «som av reddhug sveik sitt høge kall». Det var feigt, tykte diktaren, som ikkje minst var ulukkeleg over at hans eigen verste fiende, kardinal Benedetto Caetani, vart den neste paven under namnet Bonifacius 8.

Granska samvitet
Måndag 11. februar heldt pave Benedikt 16. konsistorium i Det apostoliske palass i Vatikanet. Dei skulle drøfta tre helgen­kåringar. Paven hadde sjølv skrive talen sin på latin – han er ein av dei siste i verda som ikkje eingong treng manuskript for å tala Ciceros og Augustins tungemål. No hadde han granska samvitet sitt om att og om att coram Deo – for Guds åsyn – og han hadde vorte heilt viss på at han i sin høge alder ikkje lenger hadde dei kreftene som trongst til å bera Peters­embetet i Kyrkja.

Han var sjølvsagt klår over at dette embetet ikkje berre skulle fyllast agendo et loquendo – i handling og ord – men like mykje patiendo et orando – i liding og bøn. Og likevel, i den raskt omskiftande verda me lever i, og med alle dei tunge og vanskelege spørsmål me møter som truande, krevst det både fysisk og sjeleleg styrke for å forkynna evangeliet og styra Peter si skute. «I dei siste månadane har eg kjent kreftene mine minka i ei slik grad at eg berre må vedgå at eg ikkje lenger kan gjera det eg skulle i den tenesta som er lagd på meg. Difor, heilt medviten om alvoret i ei slik handling, gjer eg i full fridom kunnig at tenesta som biskop av Roma, etterfylgjar av den heilage Peter ... vil eg seia frå meg ... frå den 28. februar 2013 kl. 20.»

Bar ikkje krossen til endes
Kardinalane skjøna nok at dei var til stades ved eit historisk ny­­hende i pavesoga. Det mest naturlege i verda elles, at ein gamal og trøytt mann bed om avløysing, var her ein sensasjon. Me som såg pave Johannes Paul 2. bera krossen sin heilt til endes – patiendo et orando – me trudde nok at her låg eit mønster alle pavar måtte fylgja. Pave Benedikt 16. har elles ikkje vore ein mann som har brote med tradisjonar eller forsømt sine plikter. Likevel fekk me eit lite hint alt for eit par år sidan, då han flytte julenattsmessa i Peterskyrkja fram frå midnatt til kl. 22. Det er slikt sløve og liturgisk slurvete sokneprestar kan finna på rundt om i verda, men ein kjennar og elskar av liturgien som paven ville aldri ha rikka på tidspunktet om ikkje kreftene svikta.

Joseph Ratzinger frå Bayern leika pave som liten gut, kunne storebror Georg fortelja etter valet i 2005. Han var heilt uvanleg gåverik og vart etter kvart rekna som ein av Tysklands leiande intellektuelle. Hans lysande intellekt gjorde seg òg gjeldande på pavestolen, der han heldt fram med å undervisa. I heimlandet kalla dei han «Professor Papst»! Eg såg han ein gong han hadde hundre tusen romerske katekismeborn på Petersplassen. Ein flokk av dei sat i halvkrins kring paven framme på podiet og hadde førebudd spørsmål som dei stilte han om trua, så grunnleggjande og vanskelege spørsmål som berre born kan stilla. Svara frå paven var enkle nok til at borna forstod han, og djupe nok til at sjølv teologisk skolerte vaksne fekk noko å tenkja på. Det var meisterleg gjort. Korleis den gamle mannen makta å skriva tre tjukke, solide og særs velskrivne teologiske band om Jesus, samstundes som han fann rik tid til bøn og gjorde alle sine plikter som pave, er det mest uråd å skjøna. Sjølv sa han berre at det galdt å ha ein god rytme, og så kasta han aldri bort tid på sport.

«Pensjonert» pave
No går han av utan å gå bort. Det er det mest radikale han har gjort som pave, samstundes som det vitnar om at han er ein fornuftsstyrd og klok mann. Om ein slik avgang skulle vera Himmelen imot, har han gjeve Gud ein tidsfrist på eit par veker til å kalla han heim medan han enno sit på pavestolen. Kjem det ikkje noko teikn ovanfrå, får Benedikt 16. ei siste stor oppgåve: Han må gje form til eit liv som «pensjonert» pave. Alt er urøynt. Celestinus 5. ynkste å dra attende til einebuarhola si på Morrone-fjellet, men etterfylgjaren heldt han som fange i eit slottstårn ved Ferentino, der han døydde to år seinare. I 1313 vart han helgenkåra. Om etterfylgjaren til den noverande paven veit me ingen ting. Eg tippar han kjem til å heita Leo 14.

Pave Benedikt 16. skal førebels bu på Castel Gandolfo, i den pavelege sumarresidensen. Seinare skal han visstnok få seg eit husvære i Vatikanet. Det tykkjer eg høyrest underleg og ikkje heilt klokt ut. Vatikanet har nok å bala med frå fortida, om dei ikkje i tillegg skal få ein sjuande far i huset.

Kjell Arild Pollestad er forfattar og omsetjar.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake