Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Oljen bergar oss ikkje

Av Jon Hustad
,  15.02.13


Er byråkratane i Finansdepartementet mot EU? I perspektivmeldinga skriv dei kritisk om EØS-avtalen, som gjer oss mindre effektive.

PERSPEKTIVMELDINGA

Statsfinansar er delte opp i to område: pengepolitikk og finanspolitikk. Båe delar er i utgangspunktet enkelt og vert styrde etter to setningar. Setninga for pengepolitikken er denne: «Pengar er ei vare på line med andre varer.» Det tyder at når det vert for mykje pengar, går verdien av pengar fort ned, og vi får finanskriser og inflasjon. Penge­politikk vert i hovudsak styrd av nasjonalbankane. I Noreg heiter den Noregs Bank. Noregs Bank freistar å laga lite pengar. Kva Noregs Bank meiner, får vi vita i årstalene til direktøren i Noregs Bank.

Finanspolitikken vert i hovudsak styrd av Finansdepartementet. Dei styrer etter denne setninga: «Det som må taka slutt, kjem til å taka slutt.» Finans­departementet freistar å gje frå seg så lite pengar som råd er. Kva Finansdepartementet meiner, får vi vita i nasjonalbudsjettet og perspektivmeldinga. Sistnemnde vert lagd fram i kvart valår til Stortinget. Ho fortel kva som skjer om vi brukar like mykje pengar i framtida som vi gjer no. Perspektivmeldinga ser femti år framover og brukar fortida som eit døme på framtida. Her skal vi konsentrera oss om den nye perspektivmeldinga, som vart lagd fram sist fredag.

På side 124 kan vi lesa dette: «Målt som andel av BNP for Fastlands-Norge har offentlige utgifter økt frå 10 prosent i 1910 til 58 prosent i 2011.» Altså vert 42 kroner i Noreg nytta av private og 58 kroner av det offentlege, og det før eldrebylgja. Men underleg nok, i perspektivmeldinga må byråkratane i Finansdepartementet skriva som om det offentlege ikkje skal halda fram med å verta større eller gje betre tenester i framtida, dei må lata som om 2013 skal vera malen for alle åra mellom no og 2060. Dei vil altså ha oss til å tru at politikarane ikkje kjem til å vedtaka ei einaste ny og kostnadskrevjande reform. Ikkje for det: Notida har sine kostnader òg: Berre å halda på dei noverande standardane alt anna likt vil kosta 6 prosent av fastlands-BNP. Vi skal med andre ord opp frå 58 prosent i 2011 til 64 prosent i 2060, noko som i teorien skulle kunna gå greitt om vi aukar skattane med 12 prosent.

Trur ikkje på seg sjølve
Spørsmålet vert likevel om byråkratane trur på denne standardhevinga som ikkje skal koma. For på side 130–131 kan vi lesa: «For Norge viser Statistisk sentralbyrås satelittregneskap for helseutgifter en realvekst i helse- og omsorgsutgiftene på knapt 50 pst. fra 1997 til 2009, mens uendrede standarder etter alder ville gitt en vekst på under en firedel av dette i samme periode.»

I desse tolv åra burde altså utgiftene til helse og omsorg gått opp med 11 prosent; dei gjekk opp med 50 prosent. I USA vert det no tilbode ei eksperimentell behandling av hjernesvulstar. Forskarane brukar gen til å senda av garde cellegift som berre råkar kreftcellene djupt inne i hjernen og ingenting anna. Kostnaden ved denne behandlinga er i milliondollar-klassa. Når helsestyremaktene der borte godkjenner medisinen for alle, vert behandlinga tilboden den internasjonale marknaden.

Lat oss tenkja oss ein mann på 62 år som nett har gått av med AFP. Han har tre born. Han vert nekta behandling, sel huset og hytta og dreg til USA av di han vert nekta behandling her heime: Kva vert oppslaga i VG og TV 2 då? I dag er om lag 20 prosent av den vaksne folkesetnaden over 67 år, faktisk har det vore ein sterk nedgang av eldre sidan 1990, som er ein av hovudgrunnane til at statsfinansane har vore så gode i Noreg dei siste åra. Om Statistisk sentralbyrå (SSB) får rett, vil denne gruppa i 2060 vera over 40 prosent, den mest dramatiske auken kjem i gruppa over nitti år. Desse menneska kan til dømes inkludera underskrivne, som på lik line med alle andre berre kan hugsa ekstremt høg velstand. Om lag halvparten av alle norske veljarar vil med tida vera over seksti år. Kor truleg er det at dei vil akseptera ei omsorgsteneste som ligg på 2010-nivå?

Massivt fleire på trygd
Finansdepartementet har òg ein idé om at vi skal slutta med å taka ut stadig meir uføre- og sjuke­trygd. Men på side 145 finn vi figuren over auken i sjukmeldingar og uføretrygd for dei mellom 18 og 66 år gjennom dei seinaste tretti åra. I 1980 var drygt 5 prosent av folkesetnaden i arbeidsfør alder sjuke eller uføre, knapt 200.000. I 2011 var det same talet knapt 20 prosent, om lag 600.000, til kvar tid sjukmelde eller uføretrygda. Den noverande regjeringa har innført ei rausare uføretrygd enn tidlegare. Alle skal no få minst 66 prosent av inntekta si i uføre­trygd. Som byråkratane sjølve går ved: Di rausare ei ordning eller ei teneste er, di meir vert dei bruka. «Når tjenester er gratis og sterkt subsidierte, vil ikke etterspørslen etter dem gi et godt signal om hvor viktige de er for brukerene.» 66 prosent uføretrygd og 100 prosent sjukeløn for alle er verdas rausaste ordning og eit signal om kor viktig politikarane meiner arbeid er.

Finst det så alternativ til å auka skattane? Ja, og alternativet heiter arbeid. Nordmenn har høg arbeidsdeltaking, men svært låg arbeidstid, klårt lægre enn gjennomsnittet for OECD, og særleg kvinner arbeider mykje deltid. Dette kan vi gjera noko med. Vi kan byrja som svenskane, som i 1990-åra skar dramatisk i trygder og sjukepengar: «Dersom gjennomsnittlig arbeidstid i Norge kom opp på samme nivå som i Sverige, ville det være mer enn tilstrekkelig til å bringe offentlige budsjetter i balanse fram mot 2060.» Ja, faktisk treng vi berre å auka arbeidstida med 12,5 prosent for å finansiera den noverande standarden.

Kvifor arbeida meir?
Meldinga er elles full av slike positive utsegner, at alt kan ordna seg om vi berre skjerpar oss – litt. Men så var det desse statistikkane Departementet sjølv presenterer. Heilt sidan krigen har vi teke ut stadig meir fritid, og jamvel om kvinnene kom med i arbeidslivet frå 1970 og utetter, har det ikkje hjelpt noko som helst. «Økt yrkesdeltakelse, i første rekke kvinner, er mer enn oppveid av lavere gjennomsnittlig arbeidstid per sysselsatt.»

Litt drygt sagt: Menn arbeidde meir åleine før enn kvinner og menn til saman i dag. Talet på ti­­mar arbeid i året per syssel­sett har gått frå knapt 2500 i 1930 til knapt 1500 i dag. Grunnen til at vi nordmenn arbeider mindre enn stort sett alle andre i verda, er sjølvsagt den ekstreme velstandsveksten. Denne veksten på­­står Finansdepartementet skal halda fram. Men om han held fram, kvi­­for skal då nordmenn arbeida meir?

EØS er ikkje bra
Mange gonger skin det gjennom at dei anonyme forfattarane ikkje heilt trur på sine eigne påstandar, og særleg tydeleg vert dette når dei diskuterer innvandring, ei innvandring som har fått nokre underlege konsekvensar i Noreg. For om det no eingong er slik at vi nordmenn arbeider mindre enn dei aller fleste der ute, så skulle ein tru at dei som kom hit, var i stand til arbeida meir enn oss. Men slik er det ikkje.

Stort sett alle innvandrarar i alle aldersgrupper, det vere seg om dei kjem frå EØS-området eller utanfor EØS, arbeider mindre, til dels mykje mindre enn vi nordmenn. Og jamvel om dei som kjem hit, grovt sett er unge menn – vi importerer få pensjonistar – så går likevel ikkje den samla sysselsetjinga opp. Derimot går den samla statsformuen ned sidan vi vert fleire og fleire og fleire.

At vi nordmenn er så rike, handlar om éin ting og éin ting åleine, at vi har vorte stadig meir produktive. Ingen er meir effektive til å arbeida når vi fyrst set i gang. Denne effektiviteten har på si side gjeve oss høg løn, og den høge løna har tvinga arbeidsgjevarane til å investera i stadig meir teknologi. Men med inntoget av austeuropearar i EØS i 2004 har denne utviklinga nesten stogga opp. Tala frå SSB viser at BNP per person har gått ned dei fire siste åra. Ein slik nedgang har ikkje hendt sidan krigen, men slik må det nesten verta når innvandrarane anten tek seg arbeid i låginntektsyrke eller vert trygda. Som forfattarane skriv: «Personer med innvandrerbakgrunn er overrepresentert i gruppen med vedvarende lav inntekt, og høy innvandring har holdt antall husholdninger med lav inntekt oppe.»

Effekt av innvandringa er at arbeidsgjevarane ikkje leng­er treng å investera så mykje i ny teknologi, dei treng ikkje så dyre og effektive maskiner når dei i staden kan tilsetja ein billeg polakk, og om han i tillegg har med seg ei kone, kan dei norske mellomlaga kjøpa seg vaskehjelp. Eller på litt stiv departementsspråk om utviklinga sidan vi fekk EØS i 1994: «Økt kapitalbeholdning per timeverk har erfaringsmessig bidratt til økt produktivitet. De to siste tiårene har veksten i realkapital per timeverk i Fastlands-Norge vært lavere enn gjennomsnittet fra 1970 til 2011 (altså høge investeringar før EØS og låge etter EØS, red.merk.). Økt tilgang på arbeidskraft fra EU-land kan ha bidratt til denne utviklingen ved å gjøre arbeidskraft rimeligere sammenlignet med kapital. Det har gitt rom for vekst i næringer med relativt lav produktivitet og dermed lav lønnsevne.»

Konkurs!
Svært mange av innvandrarane har teke seg arbeid i byggnæringa, som har hatt ein boom grunna nett opparbeidsinnvandringa. Tal frå SSB viser at byggnæringa reduserte effektiviteten med 9 prosent mellom 2000 og 2011. Finansdepartementet har fått med seg dette: «Høy nettoinnvandring kan bidra til å dempe den underliggende produktivitetsveksten i Norge også i årene framover.» Finansdepartementet har tradisjonelt vore ein Nei til EU-bastion. Mykje kan tyda på at det framleis er det.

Om dei som bur her, held fram med å taka ut like mykje i auka fritid som dei seinaste tjue åra, aukar underdekkinga i finansane til staten frå 6 til vel 11 prosent av BNP. Då talar vi om 340 milliardar i dagens pengar. Liknande reknestykke kan vi gjera i helse og omsorg og trygding. Om vi held fram som vi har gjort, er staten Noreg konkurs. Oljen kjem ikkje til å berga oss, han utgjer berre 4 prosent av nasjonalformuen. Trøysta får vera den fyrste læresetninga i finanspolitikk: «Det som må taka slutt, tek slutt.»



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake