Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Fredsprisinga

Av Ottar Fyllingsnes
,  08.02.13


I fjor stod Salem Ahmed bin Ali Jaber opp i ein landsbymoské i Jemen og fordømde Al-Qaida. Dette var modig gjort av ein far med sju born, og folk såg på han med respekt.

Tre dagar seinare kom tre medlemer frå Al-Qaida og sa dei ville snakka med Jaber. Han møtte opp saman med ein politimann, men brått kom ein amerikansk drone – og drap alle.

Talet på amerikanske droneåtak har auka kraftig dei seinaste åra; frå 50 under George Bush til meir enn 350 på dei siste fire åra under Barack Obama. Amerikanske styresmakter hevdar at sivile tap har vore minimale, medan lokalbefolkninga har fortalt om store tap.

I fjor haust fortalde ein rapport at 3300 menneske er drepne av droneåtak, og at det er 900 sivile mellom desse. Forfattaren Peter Berger har tidlegare hevda at mindre enn 13 prosent av droneåtaka under Obama har drepe leiande terroristar. FN har no innleidd gransking av åtaka og vil kartleggja kor mange sivile som er drepne. Fleire meiner at den aukande bruken av dronar er ei utfordring i høve til folkeretten.

USA har brukt dronar både i Pakistan, Somalia og Jemen. Nyleg vart det kjent at USA har ein dronebase i Saudi-Arabia, og at det er planar om ein ny i Nord-Afrika. Washington hevda denne veka at droneåtaka ikkje er i strid med amerikanske lover – heller ikkje når amerikanske borgarar er målet. Fleire tunge juristar var usamde og uttrykte stor uro over at presidenten og advokatane hans lagar nye tolkingar av lova.

I Danmark har bruken av dronar ført til kraftig ordbruk. Søren Pind (V) samanlikna åtaka med snikmord, og Amnesty sa seg samd. Her i landet har det vore lite debatt om dronane, trass i at fredsprisvinnaren godkjenner det eine drapet etter det andre. Det burde i det minste fått leiaren i Nobelkomiteen til å reagera.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake