Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Stort tenkt

Av Ragnar Hovland
,  08.02.13


Dei beste augneblinkane veg opp for dei mindre gode, skriv Ragnar Hovland om Bibelen-oppsetjinga.

Teater
Det Norske Teatret:
Bibelen
Regi: Stein Winge

Så, ein skal melde teater også no. Og den første tanken som melder seg, er: Kor mange av dei som sit i storsalen på Det Norske Teatret, har eit nært forhold til forteljing­ane i Bibelen? Neste tanke som melder seg, er: Det kan vel iallfall ikkje bli verre enn John Hustons bibelfilm frå 1966!

Ein har forventingar til Stein Winge. Han kjem til å finne på ting. Og han kjem til å slå litt stort på det, slik han er kjend for. All grunn til å setje seg godt til rette og vente på at Bjørn Sundquist skal skape verda. Og mennesket i sitt bilde.

Dette blir meir ei teaterhending enn noko heilskapleg stykke. Her sprikjer det i alle retninga. Naturleg nok, kan ein nesten seie, då boka stykket byggjer på, også må seiast å vere eit noko sprikjande verk. Og såpass ulike forfattarar som Maria Tryti Vennerød, Cecilie Løveid, Ari Behn og José Saramago har bidratt på tekstsida, i tillegg til dei forholdsvis anonyme bibelforfattarane.

Over stokk og stein
I første del, «Ørkenvandringar», går det då også for ein stor del over stokk og stein. Vi møter kjende og til dels kjære personar som Gud og Satan, Moses, Adam og Eva, Kain og Abel, Abraham, Isak og Jakob, i tillegg til diverse englar. Og den lidande Job, i Bjørn Skagestads skapnad, virrar rundt og lid så det er reint vondt å sjå. Elles får vi servert nokre av dei mest minneverdige historiene frå Det Gamle Testamentet: syndefallet, Noa og syndfloda, Gud som byr Abraham å ofre sonen Isak, Jakob i teneste hos Laban, Kain som tar livet av Abel, Moses som fører det murrande israelsfolket gjennom øydemarka. (Og det svært relevante spørsmålet blir stilt: I røynda ville ein klare strekninga frå Egypt til Kanaans land på ei lita veke. Korleis kunne det då ha seg at israelsfolket måtte bruke førti år på turen? Mange har nok lurt på det same.) Stilmessig vekslar det mellom det tilsynelatande djupaste alvor til spilloppar og rein buskis­humor. Og ikkje før no har ein innsett kor mykje det blei banna i Bibelen! Så då ein i pausen ser den saktmodige biskop Kvarme vandre rundt, lurer ein jo litt på kva han tenkjer.

Leiartypen
Men det ein mest saknar i denne ørkenvandringa, er nok ei slags retning på det heile, ein heilskap. Og ein lurer verkeleg på kva slags tanke Sundquist hadde med å skape desse menneska når han er så misfornøgd med dei. Men Sigve Bøe som Moses er ein fin figur, ein stammande og tvers gjennom ukarismatisk leiartype. Og Jan Grønli er ein førebiletleg Satan/Lucifer. Mens dei mange referansane til vår tid og Israel/Palestina-konflikten blir føreseielege og pliktløpaktige og gir inga ny innsikt. (Litt fikst er likevel åtaket på Jeriko, sett frå synsvinkelen til Jeriko-innbyggjarane.)

Tvilande Jesus
I andre del tar det seg definitivt opp, då Halvbroren – eg meiner Frank Kjosås – tar over scena som Jesus. (Litt morosamt er det når Jesus seier: «Eg kjem ikkje med fred!» Og ein tenkjer: Nei, for du er jo Fred!) Han har ein naturleg autoritet på ei scene som få andre har. Men paradoksalt nok er det er det ein litt veik og engsteleg Jesus vi møter, ein tvilar, eit offer. Og ein undrast litt over, på same måte som med Moses i første del, korleis han kan få alle desse menneska til å følgje han. Men autoriteten er der altså likevel, og når Kjosås-Jesus står åleine på scene og framfører Bergpreika i sin heilskap, nærmar det seg ei religiøs oppleving, og ein skal vere svært hardhuda for ikkje å fryse litt på ryggen. Og det gir vatn på mølla til dei som krev at teatret ikkje skal drive forkynning. At Golgata på slutten blir omgjort til sjukehuset i Gaukereiret og Jesus blir til Jack Nicholson, godtar ein også på merkeleg vis, sjølv om denne scenen blir for lang. For lange blir også nokre av dialogane om det Gode og det Vonde og ein får inn med litt for mange teskeier alle dei ulykker og all den vondskap kristendommen vil føre med seg opp gjennom hundreåra.

Sjølv om delar av framsyninga kjennest mislykka, så er det mislykka med stil, og dei beste augneblinkane veg opp for dei mindre gode. Lys- og videoeffektane er til dels spektakulære, og med eit show på seks timar med innlagd mat- og vinpause blir det alt i alt ein ugløymeleg kveld i teatret. Sjølv om det nok er ein fordel å ha iallfall ein overflatisk kjennskap til nokre av hovudforteljingane i Bibelen.

Og no ventar eg spent på Stein Winge si dramatisering av Koranen.

Ragnar Hovland er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake