Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Pengeflaumen held fram

Av Per Anders Todal
,  08.02.13


Lite tyder på at korrupsjonen har blitt mindre medan Hamid Karzai har styrt Afghanistan, vedgår statssekretær Torgeir Larsen.

Denne veka vitja den afghanske presidenten Hamid Karzai Oslo, og vart lova 750 millionar kroner årleg i norsk bistand fram til 2017. «Nulltoleranse for korrupsjon vil fremdeles være førende for det norske engasjementet i Afghani­stan», heitte det i ei pressemelding frå statsminister Jens Stoltenberg.

– Kva tyder eigentleg «nulltoleranse for korrupsjon», statssekretær Torgeir Larsen i UD?
– Det vil seie at vi ikkje tolererer korrupsjon i konkrete prosjekt som vi støttar i Afghanistan. Om det er mistanke om korrupsjon, stoggar vi utbetalinga til prosjektet.

– Afghanistan er rangert som det mest korrupte av 174 land av Transparency International. Korleis kan ein gje 750 millionar i året til verdas mest korrupte land og snakke om «nulltoleranse for korrupsjon»?
– Det er kjent at Afghanistan er rekna som eitt av verdas mest korrupte land. Det er òg eitt av verdas fattigaste land og har svært svake institusjonar. Å drive bistand der inneber risiko, det veit vi. Men oppdagar vi korrupsjon i eitt av våre prosjekt, stoggar vi utbetalinga.

– Men finst det realisme i å snakke om «nulltoleranse for korrupsjon» i Afghanistan?
– Det er det kravet vi stiller til afghanske styresmakter. Vi meiner det er mogleg, men det er ein risiko. Vi har ved tidlegare høve stogga utbetalingar til Afghanistan på grunn av mistanke om korrupsjon.

– Hamid Karzai lovar å kjempe mot korrupsjonen. Han har vore president i over ti år. Er det noko som tyder på at korrupsjonen har blitt mindre i Afghanistan i dei åra han har styrt?
– Det er vanskeleg å samanlikne situasjonen for ti år sidan og i dag. Omfanget av bistanden har blitt mykje større, samtidig har mekanismane for å hindre korrupsjon blitt betre. Men det er nok ikkje grunnlag for seie at korrupsjonen generelt har blitt mindre i Afghanistan, dessverre.

– Det er vel truleg at flaumen av bistandspengar har ført til meir korrupsjon i Afghanistan?
– Det kan vere. Om det ikkje er nokon pengestraum, er det jo heller ikkje så mykje å suge ut. Men det er ikkje umogleg å drive med bistand utan korrupsjon.

– CMI-forskar Astri Suhrke har påpeika at pengestraumen er større enn den afghanske staten klarer å handtere på fornuftig vis?
– Det har nok vore problem med kapasiteten til å absorbere bistanden i Afghanistan. Kapasiteten til å omsetje pengane i handling har vore avgrensa.

– I fjor fekk Norad laga ei evaluering av den norske innsatsen i Afghanistan. Der heitte det mellom anna at «hovudgrunnen til dei små resultata av bistanden var korrupsjon og dårleg styresett».
– Det er ikkje noko nytt at det afghanske samfunnet har eit svært korrupsjonsproblem. Og det er bakgrunnen for avtaleverket som no er laga mellom gjevarlanda og Afghanistan. Vi er samde om at det trengst ei tettare oppfølging av bistandsprosjekta enn før, og erkjenner at dette er eit krevjande landskap.

– Norske forsøk på å hindre korrupsjon kan ha verknad på lågare nivå, men har «ingen effekt på storskalakorrupsjonen i nokre av dei afghanske departementa», heitte det i evalueringa.
– Eg kan ikkje kommentere dei konkrete detaljane i den evalueringa på sparket. Men sjølv om tiltak på prosjektnivå er effektive, får dei ikkje automatisk effekt på eit overordna nivå.

– Det er eit dilemma her: Om bistand skal gå gjennom den afghanske staten, er korrupsjonen uunngåeleg. Men sender de all bistanden utanom staten til organisasjonar de stoler på, undergrev de truverdet til den staten de skal byggje opp?
– Det er eit mål for oss at Afghanistan skal få eit berekraftig statsapparat, og gjevarlanda har lova at dei skal kanalisere ein stor del av bistanden via dei afghanske budsjetta. Om ein kanaliserer for mykje utanom staten, undergrev ein det langsiktige målet. Vi må ta risikoen ved å støtte oppbygginga av ein stat. Alternativet er kortsiktig.

– Men eg skjøner ikkje kvifor de snakkar om nulltoleranse for korrupsjon i Afghanistan. Kan de ikkje vedgå at korrupsjon er uunngåeleg når de bidreg til oppbygginga av den afghanske staten?
– Nei. Vi er klare på at når vi oppdagar korrupsjon i konkrete prosjekt, er det ingen toleranse. Om vi byrjar å gli på dette, er vi ute å køyre. Men det vil ikkje seie at vi ikkje er klare over at korrupsjon er eit gigantisk problem i Afghanistan.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake