Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Når minoritet blir majoritet

Av Tina Åmodt
,  08.02.13


Klassen hadde elevar frå sytten land, men skiljet gjekk mellom dei norske og ikkje-norske. For mange av dei norske elevane var rolla som minoritet vanskeleg å takle.

«Kvar gong Iselin blei nemnd, sa dei i eit distinkt, nedlatande tonefall ‘den blonde’ eller ‘Blondie’ eller ‘den blonde, Iselin’. Aldri berre Iselin.»

(Frå doktoravhandlinga til Ingunn Marie Eriksen)

Afsheen: «Eg pleidde å bu på [ein liten stad utanfor Oslo]. Og der hadde eg berre norske vener. Eg hadde ingen utanlandske. Og då eg flytta til Oslo i sjetteklasse, kom eg inn i det utanlandske miljøet her. (...) Og då endra alt seg veldig, eg blei verkeleg ei utanlandsk jente. (...) Og språket endra seg og alt. Men no når eg har byrja her (på Skogbyen), er det endå verre!» (Frå avhandlinga)

Kva skjer med ein skuleklasse når fleirtalet av elevane har minoritetsbakgrunn? Forskar Ingunn Marie Eriksen følgde ein klasse i Oslo gjennom fyrste semester på vidaregåande og blei overraska over kva ho såg. Alt frå fyrste skuledag blei det teikna opp ei skarp sosial skiljelinje mellom «utlendingar» og «nordmenn».

– Eg såg det til dømes på kvar dei sat i klasserommet, kven dei var saman med i pausane og kven dei jobba på gruppe med i timane, men også på korleis dei beskreiv seg sjølve og kvarandre, seier Eriksen, som skriv om funna sine i ei ny doktorgrads­avhandling.

Austkantskulen, i avhandlinga kalla «Skogbyen», hadde relativt låge inntakskrav og få norske elevar. Ingunn Marie Eriksen vitja klassen i ein periode då det var mykje diskusjon i media om skyssing av kvite elevar til vestkanten, og det var elevane opptekne av, meiner ho.

– Så skeive skuleinntak får nokre uheldige konsekvensar for måten elevane snakkar om seg sjølve på. I ein skule der alt er multietnisk, skulle ein tru at dei ulike gruppene kom nærare kvarandre, men det motsette skjedde. Veldig mange blei opptekne av å snakke opp identitet. Dette påverka definitivt læringsmiljøet på ein negativ måte.

SPRÅKLAUS MARGINALISERING
«Nokon spurde høgt: ‘Kan ikkje nokon syngje ein norsk song?’ Ein gut ropa: ‘Trur du verkeleg vi kan nokon norske songar??’ Sahir skreik: ‘ROLF! Kvar er du? Du må syngje ein norsk song!’ Rolf sa med eit smil at ‘eg kan ingen norske songar!’»

(Frå avhandlinga)

At norske Rolf i starten av skuleåret nektar for at han kan norske songar, var ikkje heilt utypisk.

– Fornektar han bakgrunnen sin?
– Ein kan tolke det slik, eg tenkjer vel at det er ein naturleg måte å reagere på når ein er sosialt savvy og forstår kva som er kult og ikkje kult i ei gruppe. Ein har eit naturleg ønske om å passe inn, men kanskje avgrensa moglegheit til å gjere det, seier Eriksen.

Fleire av dei norske elevane fortalde i intervju med Eriksen at dei reagerte med gråt og vantru då dei blei elevar ved «Skogbyen».

– Somme opplevde store kjensler av nederlag, eit dobbelt fall. Denne skulen var gjerne sistevalet, og venene gjekk på andre skular. Plutseleg var dei ikkje lenger vanlege elevar, men nordmenn, som sleit med å skulle formulere seg sjølve som minoritet.

Konsensusen som blei etablert i klasserommet, skilde «nordmenn» frå «utlendingar», ofte med rasistisk ordbruk. Norske jenter blei mellom anna omtala som horer, mens minoritetsjentene omtalte seg som ærbare.

– Å gjere det mindre bra og bråke på skulen, og å ha strengare seksualmoral, blei nært knytt til det å vere utlending, seier Eriksen.

Dei minoritetsetniske var ei svært samansett gruppe.

– Noko av det mest spennande ligg i dei store indre skilnadene mellom desse elevane, kor mykje det blei «jobba» for at dei skulle verke som ei gruppe. Dei kom frå seksten u-land og hadde svært ulike bakgrunnar og motiv for å tilskrive seg ein «u-landsk» identitet. Nokre av dei minoritets­etniske elevane ønskte sterkt å «bli utlending», dei oppsøkte skulen for å velje den delen av seg, som mange oppfatta som meir fargerik. Dei fleste var svært stolte over å vere «utlending». Dei var dei «kulaste» i klassen, seier Eriksen.

Ei av hovudutfordringane for mange av dei norske elevane i klassen var kjensla av å vere i eit språkleg vakuum. Dei var ikkje vane med å snakke om kulturskilnader.

– Dei kom inn med haldningar som «ein kan ikkje seie utlending, ein kan ikkje seie minoritetselevar om klassekameratane sine». Men på skulen blei det ledd av dette upperdog-språket.

Skulen la heller ikkje vekt på skilnadene mellom gruppene. Det var uheldig, meiner Eriksen.

– Dei norske elevane følte seg marginaliserte, men hadde ingen ord for å uttrykkje det. Som norsk blei det difor vanskeleg å setje ord på noko dei opplevde som utruleg prekært.

PROTEST MOT NORSK SKULE
«Eg bryr meg ikkje om dei (resten av klassen), om dei får ein toar eller – det som plagar meg, det einaste eg bryr meg om, er korleis det påverkar meg. Når dei bråkar i klassen, klarer eg ikkje å jobbe. Og eg har ingen rollemodellar. Så det er liksom ... Kven skal eg sjå opp til? Eg forstår ikkje korleis andre gjer det bra.»

(Frå avhandlinga, intervju med ei av dei mest bråkete jentene)

Noko som overraska Eriksen, var at det var minoritetsjentene som stod bak det høge støynivået som forstyrra undervisninga.

– Jentene var dominerande i klasserommet. Mange gutar slutta i klassen, fleire for å gå på andre skular. Men det gjorde ingenting med bråket, det blei heller verre og verre. Bråket hadde ei suggererande kraft, og sidan det var så nært knytt til identitet, kasta fleire seg på bølgja, seier ho.

Jentene protesterte ofte mot det som blei forventa av dei i skule­samanheng.

– Dei følte seg ganske framandgjorde i den norske skulekonteksten. «Vi er jo utlendingar, trur du vi snakkar norsk, eller?» – den blei heile tida trekt fram. At minoritetsjentene blei så strenge på seksualmoral, kan sjåast som ein måte å gjere opp for det akademiske neder­laget i sosial samanheng, seier Eriksen.

– Vil du seie at innvandrar­elevane fekk mest makt?<(b>
– Makt kan vere mykje forskjellig. I den lokale skulen blei mange av dei norske elevane tilsidesette. Men dei hadde ei sterk kjensle av ein rett til å gjere det bra på skulen som norsk, og å ikkje bli møtt med rasisme som norske. «Men eg er jo norsk, eg skal ikkje oppleve dette», sa dei.

– Dei hadde ei kjensle av rett til tilhøyrsle i Noreg som størstedelen av minoritetselevane ikkje følte at dei hadde. Så ein kan sjå det på to nivå. På skulen, det vesle nivået, var dei norske underdogs. Men på det store nivået, altså gjennom ei mykje sterkare kjensle av å høyre til Noreg, er dei hypotetiske vinnarar, seier Eriksen.

Forskaren var med gruppa i eit halvt år, men vitja dei fleire gonger til dei var ferdige med vidaregåande.

– Korleis utvikla dynamikken seg?
– Det gjekk seg gradvis til, og det viste seg også at mange hadde blanda vener utanfor skulen, at det blei sett på spissen inne på skulen. Men hovudskiljelinja fanst framleis. Og det var altså mange elevar som slutta.

– Bytte mange norske skule?
– Nei, alle dei norske blei faktisk verande.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake