Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


«Det finst ein stad som også eg skal finna»

Av Tore Elias Hoel
,  01.02.13


Denne diktboka kan nå eit breitt publikum.

LYRIKK
Jon Fosse:
Stein til stein. 39 dikt og 1 salme
Det Norske Samlaget 2013

Korleis får vi eit godt liv? Aldri før har vi kunna søkje så fritt etter det, og aldri før har det vore så mange forslag i lufta. Bustad i Spania eller i Noreg, Audi eller Toyota, feit bankkonto eller askese, engasjement eller tilbaketrekning, opprør eller aksept?

I desse dagane kjem det ut ei ny diktsamling av Jon Fosse, den første på ti år. Det er poesi mot fråvære og einsemd. Nokre få gonger blir det nemnt direkte: mørket, natta, den tomme himmelen utan fuglar, redsla for å vere nær. Men dei fleste dikta handlar heller om det positive idealet – å vere der den andre er, leve i kjærleik. Vere i den store samanhengen.

Kjærleiken
Det kan handle om kjærasten. Varig og sterk kjærleik, men også plutselege glimt av rørsle. Andre dikt handlar om kjærleiken frå ein far, stødig og utan opphald: «dei gamle hendene / som stryk meg over håret». I andre dikt igjen er det naturen. Møtet med to hjortar. Båten som glir langs land. Eller det daglege virket med pærer som skal plukkast, og fiske på fjorden. Eit sterkt nærvære. Men dei fleste dikta går lenger og skildrar lengselen mot ein annan stad – dagar av blå rørsle, «der vi er saman». Ro og stille, lys:

det finst ein stad
som også eg skal finna
der vinden snakkar lågt
og der kjærleik andar
i si lyse stille
av himmel og av jord

Religiøs dimensjon
Denne lengselen kan få ein religiøs dimensjon: «alt er til å skjøna / (...) og alt er stjerner / på himmelen / der den store månen lyser gult / og er som handa til ein far». Og når poeten skildrar eit andlet som opnar seg på himmelen, som ser på oss, bøyer seg ned mot oss og andar inn i oss, er det same tendens. Det kan også vere nært, som når «dagens engel / vinkar deg til seg». I førre diktsamlinga frå Fosse var ikkje det guddommelege så tydeleg til stades.

Dikta er ulike annan norsk samtidslyrikk. Dei er sterkare orienterte mot dei store fundamentale elementa i livet: lukke og visse, stille og ro, kjærleik, lys. Og Gud. Det er sentrallyrikk, om dei store tinga i tilværet. Desse dikta er dessutan gjennomsiktige og lett tilgjengelege, enklare å lese enn det meste. Grunnen kan vere at orda er ein «uskjøneleg einskap / av alt som har vore / og av alt som blir borte / og slik blir verande / som forsonande ord». Vil det seie at den moderne og utbreidde tvilen på språket, avstanden mellom ord og referanse, er overvunnen? Det som ved første blikk kan likne symbol – båten og vatnet, steinar i elva, vinden og stilla, engelen og stjernene, andletet på himmelen – må då bli lese bokstavleg.

Tankevekkjande
Stein på stein er ei god diktsamling, sjølvstendig og gjennomlevd, språkmedviten og lett tilgjengeleg. Ho vekkjer tankane om kva for retning vi skal gå, men det skjer på ein lågmælt måte. Vanleg samtidslyrikk når sjeldan eit breitt publikum. Denne boka kan bli unntaket.

Tore Elias Hoel er lektor, forfattar og fast lyrikkmeldar for Dag og Tid.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake