Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Frå matfatet: Vaniljesukker

Av Siri Helle
,  01.02.13


Etter den søte kaka kjem den endelause kjemikalindustrien.

Du har gjerne høyrt det før. At det ikkje alltid er vanilje oppi vaniljesukkeret sjølv om det står vanilje på pakken. Kanskje har du òg høyrt om erstatninga vanilin, og kanskje ser du litt opp for det i butikken. Men har du tenkt over kvifor du er skeptisk? Kva er eigentleg vanilin?

For å byrje med byrjinga: Vanilje er ein orkidé som veks i tropiske strok. Planta har vore litt uheldig med evolusjonen – ho treng rett og slett hjelp til formeiringa ved at nokon må befrukte kvar plante. Dette, saman med ein rimeleg komplisert aromatiseringsprosess, gjer vanilje til eit eksklusivt krydder. Frøbelgane har nemleg ikkje nokon særleg aroma når dei vert hausta. Dei må lagrast i særskilde temperaturar og råmer, slik at enzym kan få fram den særlege aromaen – vanilin.

Tresmak
Heilt rett, vanilin er smaksstoffet i naturleg vanilje. Naturleg og syntetisk framstilt vanilin er like heilt ned på molekylnivå. Industrien har rett og slett gjort ein sabla god jobb. Vanilin vart framstilt syntetisk fyrste gong alt i 1874, og framgangsmåten har same utgangspunkt i dag: Syntetisk vanilin vert i stor grad produsert av reststoff frå celluloseproduksjon. Trevirke altså, stort sett nåletre. I trevirke er det lignin, eit karbohydrat som er så tøft at det er vanskeleg å gjere noko vitug med det – bortsett frå å framstille vaniljesmak. I Noreg er det i all hovudsak Borregaard Industrier som står for denne produksjonen – bioraffineriet omtalar vanilinproduksjon som «Wonders of wood».

Det er Freias blå boks vi fyrst knyter til vaniljesukker. Det blendakvite innhaldet av­­slører fort at dette vaniljesukkeret aldri har vore del av nokon orkidé. Ingrediensar: sukker, maisstivelse, vanilin og etylvanilin.

Etylvanilin er storebroren til syntetisk vanilin – større, sterkare og billegare i drift. Her er det òg Borregaard som står for framstillinga, men promoteringa av produktet er monaleg meir dempa. Etyl­vanilin er eit «petrokjemisk produkt». Det er mange, lange og kompliserte prosessar sidan etylvanilinet låg under havbotnen i Nordsjøen, men opphavet er fossile hydrokarbon.

Bourbon
Helios lagar vaniljesukker basert på bourbonvanilje. Utanfor Madagaskar ligg ei øy vi no kjenner som Réunion, men som tidlegare heitte Bourbon. Her tok franskmennene til med vaniljedyrking kring år 1800. Bourbon er i dag namnet på den vaniljesorten som inneheld mest naturleg vanilin. Helios vaniljesukker kostar kring 66 kroner per hekto, medan Freia ligg på kring 14 kroner.

Å ete trevirke kan eg kanskje gå med på. Men olje? Og skal verkeleg maten vår produserast i laboratorium? Eg veit at alle syntetiske tilsetjingsstoff må gjennom grundig testing før dei vert godkjende for tilsetjing i næringsmiddel. Likevel sit eg att med hovudet fullt av Willy Wonkas Undergjerande, Magiske Tyggjegummi. Hugsar du, i Charlie og sjokoladefabrikken, tyggisen som fekk Violet Beauregarde til å bli eit enormt blåbær? Då eg var lita, var det mange som drøymde om slike treretters tyggjegummimåltid. Spør du meg, var ikkje Willy Wonka noko særleg til kar.

Kjøper eg Freia Vaniljesukker? Nei takk, eg held meg til ekte vare frå Helios.

Siri Helle er elev ved Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake