Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Korleis kan vi få betre sjukehus?

Av Svein Gjerdåker
,  01.02.13


Helseminister Jonas Gahr Støre har denne veka kome med ti framlegg for å betra drifta av sjukehusa og gje eit betre tilbod til pasientane. Utgangspunktet for Støre er mellom anna at det er for lange ventetider, for mange pasientskadar og eit for tungrodd datasystem ved norske sjukehus.

Framlegga til Støre verkar fornuftige: Lengre opningstid på sjukehusa gjer at bygningar og utstyr vert utnytta best mogeleg. Ved å endra arbeidsfordelinga mellom tilsette på sjukehusa kan fleire gjera same type oppgåver der det er fagleg og praktisk mogeleg. Og om ein får slutt på overdriven rapportering, kan det gje meir tid til pasientbehandling.

Ein av dei viktigaste sjukehusdebattane framover handlar om kven som skal få hjelp, og korleis ein skal syta for at prioriteringa vert best mogeleg. Den teknologiske utviklinga gjer det mogeleg å behandla stadig fleire typar sjukdomar enn før – men vi kan jo ikkje hjelpa alle, heile tida.

Utfordringa er å hindra at dei svakaste pasientane – kronikarane – revmatikarane, dei psykisk langtidssjuke, stoffmisbrukarane – skal koma sist i køen. Særleg vil dei kronisk sjuke verta nedprioriterte når sjukehusa i dag vert organiserte som økonomiske «føretak» med prising av alle typar tenester.

Ein mangel ved lista til Støre er eit punkt om kva det private kan bidra med i det offentlege sjukehustilbodet. Det trengst fleire private alternativ for å sikra nytenkjing og effektiv drift av dei offentlege sjukehusa.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake