Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Å bygge einsemd

Av Sigrun Slapgard
,  01.02.13


Han er ikkje gammal, men nå har han blitt gammal. Eg ser det i eit gløtt av sanning da eg vinkar farvel. Far har hamna på gamleheimen.

Det var som å vinne i lotto da vi fekk leilegheita, og det heiter sjølvsagt ikkje gamleheim. Det er eit nybygd alderspalass og så flott at vi aldri høyrer om det i media. Han har ingen ting å klage på. Det er ikkje eingong ein innvandrar som kjem og smør han i lysken. Ei solid dølajente dusjar og steller og gjer ein langt betre jobb enn lønna skulle tilseie.

Eg har lenge tenkt at eg skulle skrive noko positivt om alderdom, eg har så mange gode venner over både åtti og nitti, dei er forfriskande selskap. Eg ville skrive om alderdomspotensialet. Men det var før eg hamna i ein runddans med våre ulike variantar av «bu- og aktivitetssenter». Dei heiter gjerne det, gamleheimane av i dag. Nå skjønar eg at faktagrunnlaget mitt var skeivt: Eg har til nå møtt dei heldige, dei som ikkje har trunge særleg til støtteapparat. Verkelegheita for alle dei andre er brutal.

Kva tenkte dei?
Det skal ikkje skje meg, tenkjer du. Men da bør du sjå deg rundt på norsk byplanlegging og bygdestruktur. Finn fram til døma på nytenkjande arkitektur, med integrerte løysingar for alle fasar av livet. Eg skal love deg at du må leite. Ghettotenking er vårt rådande mantra. Du har tenkt å bu i nærleiken av barn og barne­barn og klare deg sjølv, seier du? Sjå deg rundt ein gong til. Du kjem til å få det travelt med å bygge og planlegge. Og sørg endeleg for å ha helsa i orden.

Kva tenkte sosialdemokratane som bygde dette landet? Hadde alle saman forjævlige foreldre som dei ville stue vekk og få andre til å stelle for? Og kva skjer når vi bli innhenta av aldersboomen for alvor?

Overlate til lønnsemd?
Omsorgsyrka er i eksplosjon, vi omgir oss med filippinske, svenske, polske hjelparar, og vi kjøper tenester som aldri før. Men kor er den politiske diskusjonen om samfunnet vi bygger? Skal det overlatast til entreprenørane og lønnsemda når utbygging skjer? I dag finst det nokre få bustadkompleks der det er tenkt framtid og ulike aldersbehov. I hovudstaden er dei helst på vestkanten, utover på bygda finst dei knapt.

Dei rike eldre i byane våre ser ut til å kunne kjøpe seg omsorg, eit glas vin og godt selskap, opphald i Syden og så vidare. Men heller ikkje dei rikaste har store valet når det kjem til bustadalternativ. Det finst ikkje nok av tilpassa bustader sjølv om du kan betale. Også dei rikaste blir prisgitte tilgjengeleg service lagt ut på anbod. For både rik og fattig endar det ofte opp med einsemd framfor TV-en og betalte sosial­tenester.

I den flottaste gamleheimen eg har sett til nå, er det konkurranse om romma. Dei gamle i Gudbrandsdalen står i kø for å bli plasserte her, far stod lenge på venteliste. Nå slår eg av ein prat i den lyse fellesstua, her er minimalistisk og nymotens arkitektur.

– Ja visst, er det fint, seier dei fem som sit rundt sofabordet, - men det er ingen som trivst her.

Har Noreg verdas mest utakknemlege gamle, eller har vi tenkt heilt feil?

Sette på vent
I tidlegare tider dytta vi dei unyttige utfor stupet. Nå sit dei her og ventar, hundre meter unna kyrkjegarden. Og døden er som kjent ein skøyar, han kjem ikkje når du ropar.

Vil vi ha det slik i vår eigen alderdom?

Eg ser på dei fem som sit der med panoramautsikt til gravstøttene. Ja, ja, det er mange som har det verre, tenkjer eg, og som det heiter i Mitt liv som hund: Man måste jamföra. Far har så fin leilegheit, og han har fått plass til sitt gamle piano på daglegstua.

- Eg må køyre til byen nå, ropar eg inn i øyret hans. Han sit og spelar «Lisa gjekk til skolen» med éin finger.

Han har ingenting å klage på, heldigvis.

Sigrun Slapgard er journalist og fast kommentator i Dag og Tid.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake