![]() |
|
|
Kake til alle Av Jon Hustad , 01.02.13 Høgrepopulismen som retorisk fenomen er daud. Men sidan vi har Oljefondet, er det meir kake att. Høgrepopulismen, kva det no måtte vera, var artigare før, særleg i dansk tapping. «Når ei tibetansk fjellgeit har fått ein torn i foten, er ikkje det eit dansk problem», som Morgens Glistrup, leiaren av det danske Framstegspartiet, sa det. Eller: «Når vi ser kor mange som har uførepensjon her til lands, skulle ein tru det hadde gått ein atomkrig over landet.» Overdrivingane var så kraftige at dei vart både elegante og pregnante. Carl I. Hagen kunne òg vera morosam. Då Bjørn Hansen og Tom Berntzen i NRK køyrde han knallhardt på at landet kom til å gå åt skogen om vi førde inn att sjuårig folkeskule, svara Hagen: «Alle vi tre gikk i den syvårige folkeskolen. Det ble da skikkelige folk av noen av oss.» Slik er det knapt lenger. No er det traurig og tilsynelatande sakleg politikarprosa som gjeld, og særleg gjeld det i framlegget til partiprogram for 2013 til 2017. Høgrepopulismen som retorisk fenomen er daud og partiprogrammet keisamt, keisamt og keisamt. Daud er òg mykje av den liberalismen som Glistrup og Hagen, i det minste i yngre år, representerte. For no er det meir kake att til alle, som er greitt nok å hevda, sidan vi har Oljefondet, men Frp vil òg ha oss til å tru at vi ikkje vert feitare av meir kake, og det er ikkje fullt så greitt. For som vi les på side 9: «Veksten i offentlig sektor må holdes lavere enn veksten i privat sektor.» Dette målet er i og for seg høgverdig nok, men i møte med eldrebylgja er det nokså utopisk, og endå meir utopisk vert det i møte med Frps eige program. Auka offentleg sektor Det er betre å sitera enn å parodiera. Lat oss byrja med skatt: «Det bør innføres et flatere skattesystem med store bunnfradrag som bidrar til at flere kan greie å leve av egen inntekt.» Vi får ikkje vita kva det kostar. «Frp vil også fjerne arveavgiften, samtidig som vi vil redusere dokumentavgiften og flere andre fiskale avgifter for å avvikle disse på sikt. Slike skatter er i realiteten en dobbeltbeskatning.» Men alle avgifter er i realiteten dobbelskatt; når vi kjøper noko, er det med inntekt vi alt har betalt skatt for. Frp meiner neppe at helvta av den norske skatteinngangen, som kjem via avgifter, skal bort, men argumentet om dobbelskatt går att: «Særnorske skatter bør avvikles, herunder formuesskatten, som er en dobbelbeskatning.» I alle høve ser det ut som dei aller, aller fleste, ja, 100 prosent skal få lægre skatt: «Vi vil også arbeide for en harmonisering av skattetrykket på kapital og arbeid, ved at skatten på lønnsinntekt blir redusert.» Og sjølvsagt skal avgiftsnivået på alkohol og tobakk ned til nivåa hjå nabolanda våre. I tillegg: «Vi ønsker at Stortinget opphever lov om eiendomsskatt slik at kommuner fratas muligheter til å kreve inn skatt på eiendom. Eiendomsskatt ansees for å være en uverdig dobbelbeskatning.» Lista kan gjerast mykje lengre, svært mykje lengre. At Frp vil setja ned skattar og avgifter, er rett nok ikkje overraskande. Såpass av arven etter «Anders Langes Parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep» må vi nesten venta er att. Men med skattenedgang fylgjer redusert offentleg pengebruk, eller som den før nemnde nullskattytaren Glistrup sa det: «Det at eg ikkje betaler skatt, har vore til gagn for samfunnet. Det har reist ordskiftet om skatteproblema. Eg har ikkje vore med på å betala ti meter med ekstra motorveg, ei ekstra høgd på ein eller annan ambassade eller ein ny kanon til dei militære.» Ja til meir Enno har vi ikkje byrja å fortelja kvar dei skal investera i helse- og samferdslesektorane. Der er den potensielle utgiftsveksten så ekstrem at dei tilsette i Finansdepartmentet må ty til harakiri om programmet vert røyndom. I tillegg til ei kraftig utbyggjing av veg og kva det skal vera, skal alle noverande bommar verta rivne, skuld ettergjeven, og «veiprising, rushtidsavgifter, køprising eller andre betegnelser på skatter og avgifter som har til hensikt å fordyre transport, aksepteres ikke». Meir innvandring I tillegg må den offentlege delen av BNP auka meir enn privat sektor når det offentlege skal bruka meir pengar. Kombinasjonen av skattelette og auka offentleg pengebruk har vore prøvt før, til dømes av USA, som grunna ein slik politikk har gått frå å ha verdas største nettoformue til å ha verdas største nettoskuld. Få vil i dag seia at USA er i ein posisjon som gjev grunn til optimisme. Stoltenberg har ei lett oppgåve når han skal argumentera mot Frps politikk. Rett nok vil Frp at det skal verta lettare å arbeida meir gjennom ein del såkalla tilbodsidereformer, mellom anna oppmykjing av arbeidsmiljølov og meir lokale lønstingingar. Men Noreg er alt i dag i verdstoppen i arbeidsdeltaking, og den einaste måten ein kan auka denne arbeidsdeltakinga på, er ved å få fleire trygda i arbeid. Men i trygda vil ikkje Frp skjera. Det er ei økonomisk jarnlov at den einaste måten ein nasjon kan verta rikare på, er gjennom auka produktivitet. Frp ignorerer dette. Den noverande regjeringa har mest dobla offentleg pengebruk sidan ho kom til makta. Trass i dette har verdiskapinga og med den velstanden per innbyggjar gått ned i fire år no, den lengste nedgangsperioden sidan krigen. Frps svar på dette paradokset er meir pengar. Litt truverde Frp er tvillaust det mest nyskapande partiet i Noreg, mykje av norsk politikk er i dag tufta på framlegg som Frp var fyrst ute med, til dømes stykkprisfinansiering som Ap sa var umogeleg til det vart offisiell Ap-politikk. Frps preg på norsk politikk vil truleg halda fram, både i og utanfor regjeringskorridorane. I møte med eldrebylgja må til dømes arbeidsmiljølova mykjast kraftig opp, det er òg lite truleg at Noreg kan halda fram med å vera verdas fremste innvandringsland. Frp vil òg kutta i landbruksoverføringar, utviklingshjelp og kultur, som tvillaust er dei fyrste områda kutta kjem i når oljepengane er bruka opp. I så måte kan ein kanskje seia at partiet er Noregs mest progressive parti, for ingen andre vil bruka opp oljepengane så raskt som Frp, og di raskare pengane vert bruka, di raskare kjem kutta og reformene.
« Tilbake |
![]() |
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|