Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Skal vi bli med i Mali-krigen?

Av Svein Gjerdåker
,  25.01.13


Opprørarane i Nord-Mali har styrt sitt okkuperte område sidan april 2012. Det nye landet sitt kallar dei Azawad.

Opprørarane står bak store ugjerningar. Det er berre å lesa rapportar frå Human Rights Watch og andre menneskerettsorganisasjonar. Dokumentasjonen på vald og valdtekter, plyndring og bruk av barnesoldatar er massiv. Opprørarane kallar seg islamistar, men har jo i realiteten ingenting med islam å gjera. Men dei rekrutterer altså islamistiske terroristar til sitt nyokkuperte «land».

Kva skal omverda gjera med dette? Skal dei fritt få operera og verta eit nytt Tora Bora i Afghanistan? Frankrike har sagt nei og invadert. Skal så Noreg gje si støtte og hjelpa til militært?

To argument talar for støtte: Innbyggjarane i Nord-Mali treng vern og hjelp mot dei grufulle overgrepa og valden som okkupantane står bak. For det andre må vi hindra etableringa av eit nytt opplaupsområde for internasjonal terrorisme. Argumenta er gyldige. Sjå berre kva som skjedde i Afghanistan før 11. september 2001. Og omverda kan ikkje berre sjå på at eit heilt folk vert terrorisert.

Likevel bør vi halda oss unna. Historia dei seinaste ti åra har synt at Vesten ikkje evnar retta opp all verdas vondskap ved hjelp av invasjonar og krig. Vi er styrde av for mykje overmot. Vi har skapt like mykje problem og vald som fred der vi har invadert.

Å verta kvitt okkupantane i Mali må regionen og nabolanda sjølve syta for. Er det ansvarsfråskriving? På eit vis ja, men ein militærinvasjon må motiverast av anna enn den gode viljen.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake