Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Carlsens tour de force

Av Atle Grønn
,  25.01.13


Dei 92 trekka mellom Magnus Carlsen (22) og jamgamle Sergej Karjakin i runde 8 var ei eineståande oppvising i tolmod. Temaet var å gjera det umogelege mogeleg, eller å «pressa blod ut av stein», som den engelske stormeisteren Gawain Jones formulerte det. Dei som følgde framsyninga heilt til slutt, vart serverte eit stykke genialitet frå den norske verdseinaren.

Turneringa i Nederland er kan henda den viktigaste tradisjonsberaren i inter­nasjonal toppsjakk, arrangert i 75 år. Midtvegs i turneringa var Carlsen sjølv i det filosofisk-metaforiske hjørnet: «Eg leitar etter ein metafor som kan forklåra kva slags rolle Wijk aan Zee har i sjakkverda. (...) Det er ei påkjenning å spela her, kanskje som eit skimaraton eller skeiserennet ‘Eleven Cities Tour’ gjennom Holland» (frå Carlsens engelskspråklege blogg).

Den vesle, forblåsne nederlandske landsbyen Wijk aan Zee har ikkje anna å by på i den mørke januarkulden enn sjakk og vinden frå Nordsjøen. Etter over to veker vert den lengste turneringa i sjakkverda feira med ertesuppe til deltakarane.

Carlsen spelar i år den tiande tour-en på rad. Den fyrste, i 2004, i C-gruppa var gjennombrotet. Det var den gongen gutungen frå Noreg trollbatt sjakkverda med ein epaulettematt i 1700-talstil, ein matt der kongen vert fanga av sine eigne tårn og truga av dronninga til motstandaren. Sjakkens Mozart vart han døypt i The Washington Post. Då eg såg epaulettematten mot Sipke Ernst, skjøna eg at denne guten var kan henda ikkje oppskrytt likevel. Sidan har han vunne A-gruppa to gonger. I år ser det svært lovande ut, endå verdsmeisteren Vishy Anand endeleg har funne forma.

Umenneskeleg vakkert
I fjerde runde spela Anand eit av dei vakraste åtaka i sjakkhistoria då han vann etter berre 23 trekk med svart mot verdstrearen Levon Aronjan. Offisers­offera til Anand kom som perler på ei snor, men dei svarte offiserane som ikkje vert ofra, gjekk saman i perfekt harmoni for å fanga den kvite kongen. Det var så vakkert, så vakkert, ja umenneskeleg vakkert. Hovudideen til Anand var i sanning uråd å finna for eit menneske og kom frå computeranalysar i opningslaboratoriet til den indiske verdsmeisteren.

Samstundes sat Carlsen og spela i den vanlege langsame stilen sin mot ein annan indar, Pentala Harikrishna (alder 26, rating 2698). Opninga til Carlsen med kvit var uvanleg gamalmodig og fjern frå computersjakken: Ponziani-varianten, fyrst oppdaga i 1497. Ein gong på 1800-talet fann ein ut at denne cafésjakk-opninga gjev initiativet til svart. Alt i 1904 vart opninga karakterisert som «komplett poenglaus» av den store amerikanske meisteren Marshall. Men stakkars Harikrishna vart teken på senga av den aparte ideen som Carlsen hadde drege fram.

Carlsen ofra to bønder i midtspelet og fekk initiativet. Det vart ein lang posisjonskamp som slutta med at den pressa indaren måtte gje attende heile tre bønder før Carlsen kunne krona verket: Om svart tek dronninga til kvit, vert det svarte tårnet teke av det kvite med sjakk matt.

Publikum smilte nøgd av Ponzianien til Carlsen, men eg trur det kan gå ti eller tjue år før vi får sjå han på ny. I den 8. runden mot den russiske erkerivalen, Sergej Karjakin (alder 22, rating 2780), spela Carlsen med kvit ei roleg og upretensiøs opning med små sjansar til føremon. Det skjedde lite dei fyrste tre–fire timane. Men endeleg, etter 43 trekk, gjorde russaren eit unøyaktig trekk. Carlsen greip momentant sjansen. «No vert det blod!», tenkte vi. Men etter slagvekslinga er stillinga materielt lik (5 bønder, ein laupar og eitt tårn kvar). Alle amatørspelarar skjønar at stillinga er remis. Ein god amatør vil likevel skjøna at kvit har den beste lauparen, men kva hjelper det? Korleis kjem kvit vidare? Nei, det var det ingen som kunne seia. Carlsen og Karjakin manøvrerte fram og attende denne januarsundagen.

«Carlsen stel seks–sju timar av fridagen min», klaga ein tilskodar. Somme vart irriterte: «Dette er daud remis. Eg gjentek daud remis! Ikkje noko å spela for.»

«Men kvifor ser du på då?» spurde ein annan.

På internett kunne publikum, som alltid, følgja trekka, men vi fekk òg sjå spelarane på ein video. Trekka er jo det viktigaste i sjakk, men å sjå to unge menn sitja i over seks timar ved eit bord er jo òg underhaldande. «Partiet varer så lenge at Carlsen har fått litt skjeggvekst», kommenterte ein tilskodar. «Den perfekt strokne skjorta til Carlsen har byrja missa fasongen sin», sa ein annan.

Så kom det med eitt ein tour de force frå nordmannen. Han ofra på genialt vis to bønder på kongefløya (g3–g4!? følgd av h4–h5) for å skapa seg fri bane for f-bonden. Objektivt sett skal ikkje dette vera mogeleg – og Karjakin kunne ved perfekt motspel ha berga ein remis. Men russaren var skjeken. Den siste halvtimen vart ei brutal overkøyring. «Karjakin er knockout. Domaren bør stoppa matchen», spøkte publikum. Etter 92 trekk tok Carlsen på seg jakka. Framsyninga var over for i kveld.

Alte Grønn er internasjonal meister i sjakk og fast spaltist i Dag og Tid.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake