Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Eit annleis blikk på Hulda Garborg

Av Bjørn Kvalsvik Nicolaysen
,  25.01.13


I biografien sin viser Sigrid Grønstøl fram tidlegare uovertenkte sider ved Hulda Garborg.

BIOGRAFI
Sigrid Bø Grønstøl:
Hulda Garborg. Forfattaren og feministen
Aschehoug 2012

Lat det vere sagt med ein gong: Dette er ei bok folk bør unne seg. Hulda Garborg får her ein heilt ny status. Ho vert ein sjølvstendig tenkjar og gjev tilskot til vår eigenleg nokså sparsame intellektuelle historie. Vi lyt vel vedgå at mangt av det norske skjønnlitterære forfattarar skreiv av teoretiske og politiske utlegningar kring førre hundreårsskifte, ikkje har stått seg særs godt. Ein del har berre kulturhistorisk interesse, og ein undrast somtid om alt er bryet verdt å grave fram att.

Som kulturhistorisk kuriosum vart Hulda gjerne handsama, heilt fram til at Tor Obrestad lyfte fram forfattarskapen hennar i biografien sin frå 1992, og for eit par år sidan laga Arnhild Skre perspektivet på Hulda som nasjonal strateg. Boka til Sigrid Bø Grønstøl er spennande på eit anna vis. Skrivemåten er modig; Grønstøl lit på eiga røyst. Ho drøfter dei mange aspekta ved forfattarskapen opp imot feminismen i samtid og ettertid. Etter å ha drøft fram nye perspektiv på dramatikken til Hulda Garborg har Grønstøl rydda ny grunn og gjer det mogeleg å syne fram tidlegare ukjende, eller uovertenkte, sider ved Hulda.

Frigjerande natur
Langvarig interesse for Rousseau gjorde at Hulda omsider skreiv ei bok om han i 1909 som for det meste er oversedd. Men her ligg kimar til forståing av ein vitalisme, eller vitalromantikk, som leier inn i sivilisasjonskritikk. Såleis i romanen Fru Evas Dagbog (1905). Naturen frigjer der kulturen bind. Hulda skaffa seg eit teoretisk grunnlag for å gå imot «averotisert og asketisk livsførsel», som Grønstøl seier. Kritikken mot det maskuline hjå Hulda heng i hop med at mannen mang­lar evna til å kome det kvinnelege kjærleiksbehovet til møtes, for mannen har fått forkrøpla sin seksualitet. I oppvoksteren, i omgangen med prostituerte, fleire årsaker kan finnast kring­om, mannen strevar med kjærleiken alltid og har eruptive periodar. Kvinna er alltid kjærleiksklar og seksuell.

Synet på den naturlege fysiske kjærleiken vert utvikla i kontakten med Laura Marholm og Lou Andreas-Salomé, såleis kjem Nietzsche inn i liva til Garborg-ane i stor grad gjennom Andreas-Salomé. Kjønns­potensialet hjå kvinna vert såleis eit sentralt emne, i forfattarskapen til dei båe. Men der Arne Garborg skriv om hjelpelause og forvirra menn, og ulukkelege kvinner som fylgje av dei, skriv Hulda alternative soger om kvinner i same miljø og situasjonar. I særleg grad greier ho å utvikle skildringar av jentepuberteten.

Forskjellsfeminisme
Norskdomsideologien, forfattarskapen, teaterarbeidet, husstellet, fritenkjeriet, naturreligionen – alt i dette allsidige livet bryt med føresetnadene som er oppstilte både i bygdesamfunnet og i byborgarskapen. Ikkje slik at Hulda gjev seg over i beisk protest mot tilværet, men på alle område søkjer ho alternative livsformer, ho går lenger enn å protestere. Ho lever ideala sine og forkynner dei bramfritt. Dermed kan ho forme seg ei feministisk innstilling som Grønstøl døyper «forskjellsfeminisme», til skilnad frå «likskapsfeminisme».

Grønstøl lyfter fram denne tradisjonen og drøfter verknadene av han og ser både farar og positive trekk i dei politiske konsekvensane. Såleis får vi sett Huldas tilskot til ei tenking om tokjønnssystemet, der skilnadene mellom kjønna er positive og naturlege, opp imot nyare tenkjarar som Simone de Beauvoir, Julia Kristeva og Toril Moi. Vi ser at det kan ha verka noko avgrensande for tenkinga til Hulda at ho insisterte på morsrolla opp imot likskapstanken, samstundes vert vi sanneleg også meir vare for at dei marknadsstyrde definisjonane av mennesket har eigne avgrensingar, jamvel når vi trur oss likestilte. På denne måten fristiller Sigrid Bø Grønstøl tenkjaren (og aktivisten, i nokon mon) Hulda Garborg og gjer henne open og tilgjengeleg for ny undring og refleksjon for oss alle. Inga lita bragd, og di større av di dette ikkje er gjort i tonen til ein insisterande pamflett, men med varme og omtanke både for stoffet og lesaren.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake