Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Rein manipulering

Av Jon Hustad
,  25.01.13


NRK har bede om orsaking for å få ro i saka. Det er ikkje godt nok. Dei må forklara korleis dette kunne skje.

For tretten dagar sida synte Laurdagsrevyen ein reportasje om ei såkalla fattig og tilsynelatande urettvist dømd romkvinne frå Romania. Eg skreiv om reportasjen førre fredag. Det har ført til at NRK i ymse medium har bede om orsaking for reportasjen og sagt at han ikkje burde vore send. Det er ikkje godt nok.

Eg veit ikkje kvifor NRK laga reportasjen, men grunngjevinga dei har kome med til fagbladet Journalisten, er denne: «Hensikten med reportasjen var å sette søkelys på det prinsipielle ved at romfolk er dømt for menneskehandel for at deres egne barn blant annet solgte smykker.»

Ingen dømde for smykkesal
Grunngjevinga må vera feil, for her er ingen dømde for å selja smykke. Og her held det ikkje med orsaking; her må både journalisten som laga reportasjen, redaktørane som støtta han, og vaktsjefen som tvinga gjennom sendinga, møta sanksjonar i form av ein lengre ferie. Alt ansvar er til sjuande og sist personleg. I tillegg må NRK-leiinga gjennomføra ei gransking av si eiga nyhendedekkjing. Folk internt protesterte før sending; dei vart ikkje høyrde.

Her er nokre av dei momenta eg til no veit er feil, usanne og misvisande. Alt som står her, seier påtalemakta at NRK hadde tilgang til før sending, inkludert domen. I tillegg har eg fått hjelp av den røynde TV2-reporteren Haakon Eliassen, som har laga dokumentarar om menneskehandel og dekte rettsaka mot familien av romfolk som vart dømd for svindel, steling, valdtekt, seksuelt misbruk av born og menneskehandel i Bergen tingrett i fjor sumar. Ingenting av det som står under, er direkte nytt; NRK har vore konfrontert med reportasjen fleire gonger. Alt dei gjer, er å seia at dei gjorde feil, men utan å fortelja kvifor.

Den mest grove feilen, som nemnt på denne plassen førre fredag, er sjølvsagt at NRK ikkje tok med at kvinna dei intervjua, var dømd for å ha lagt til rette for valdtekt av den då elleve­årige dotter si og for å ha tvangsgifta henne. Ho selde henne for 10.000 euro. Ho var vidare tiltala for å ha lagt til rette for to andre valdtekter då jenta var tolv og tretten. Det NRK heller ikkje sa, var at ho var dømd for menneskehandel med to andre mindreårige born som ikkje var hennar eigne.

Seriekriminell
NRK fortalde heller ikkje at kvinna før denne saka var domfelt og bøtelagd mange gong­­er for vald, tjuveri, svindel og omsetjing av narkotika i Noreg, Sverige og Romania. I reportasjen vert det sagt at ho berre hadde med eigne ungar til Noreg. NRK fortalde ikkje at ho hadde med seg fleire born som vart nytta som lokkeduer for sexkundar, og at smykka som vart selde, var merkte som ekte gull endå dei var falske, altså svindel og ikkje legalt smykkesal.

Dagsrevyen fortalde at borna hennar no var heime i Romania. Det er ikkje sant. Kvinna vart pågripen i Sverige og dømd der for tjuveri i september 2010, kort tid før ho kom til Noreg. Kvinna hadde utnytta to born til å stela i ei forretning. Det eine barnet var hennar eiga dotter på tretten, som vart teken hand om av barnevernet i Sverige, der ho no bur på løynd adresse. Svenske styremakter kjem til å halda henne i Sverige til ho vert vaksen, sidan dei reknar med at ho er i fare om ho vert send til heimlandet. Dette er den same jenta som mora selde til valdtekt og ekteskap.

Så Noreg
Kvinna drog altså frå jenta i Sverige og reiste til Noreg saman med fleire av dei andre som vart domfelte i Bergen, attåt to born. Desse borna vart utnytta til svindel, tigging og tjuveri fram til dei var tekne i Bergen 13. oktober 2011. Tjuveriet i Sverige vart filma av overvakingskamera. NRK fekk tilbod om filmen, men takka nei. På filmen ser vi den dømde kvinna stappa tjuvegods oppunder skjørta til borna.

NRK namngjev dottera. I reportasjen identifiserer også Laurdagsrevyen den sytten år gamle svigerdottera til kvinna. Svigerdottera seier at kvinna er uskuldig. NRK hadde ikkje innhenta løyve til å namngje svigerdottera frå verja i Romania, som er barnevernet. NRK henta derimot inn løyva til å namngje jentene frå den same familien som er dømde for menneskehandel. Svigerdottera var tolv då ho vart gifta bort, og fekk born då ho var fjorten. Son til kvinna får intervjua si eiga kone om at mora er uskuldig. Sonen vart òg dømd for menneskehandel. NRK lét altså overgriparen intervjua sitt eige offer om kor uskuldig mor hans er.

NRK avsluttar reportasjen med å seia at når kvinna kjem attende til Romania, må ho på nytt ut å reisa for å skaffa peng­­ar. «Barna kommer til å bli med henne. Det er sånn romfolket lever.» Vel, ikkje desse romfolka. Kvinna skal rett i fengsel for å sona ein dom i heimlandet på fire år. Ho er dømd for svindel. To av dei nemnde borna er i alle høve under vern frå barnevernet i to ulike land og får ikkje løyve til nokon tur.

God omsorgsperson
Kvinna vert framstilt som ein god omsorgsperson i reportasjen, ei som verkeleg bryr seg om velferda til born og unge. Dei to jenteborna sov på toalett og i bagasjerom då politiet tok hand om dei i Bergen. Svigerdottera sov saman med babyen sin på toalettet på Trengereid då politiet greip henne.

I reportasjen får vi vita at son hennar ikkje kan taka bussen til skulen av di dei er fattige. Dagsrevyen nemnde ikkje at dei domfelte sende 800.000 kroner heim medan dei oppheldt seg i Noreg. Gjennomsnittleg årsløn i Romania er 35.000 kroner. Dagsrevyen sa at kvinna var dømd til to år og fire månader fengsel; ho vart dømd til tre år og seks månader.

Lista kan gjerast mykje lengre. Reporteren var elles røynd. Det var vaktsjefen i Laurdagsrevyen òg. Men røynsle er noko anna enn etikk. Ankerkvinna, Nina Owing, protesterte mot reportasjen. Det skal ho ha ære for.

Jon Hustad er journalist i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake