Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


– Mali kan bli ei hengjemyr

Av Per Anders Todal
,  25.01.13


Både terroråtaket i Algerie og opprøret i Mali kan knytast til Libya-krigen, meiner Nord-Afrika-kjennar Yahia Zoubir. Han fryktar følgjene av den franske intervensjonen.

NORD-AFRIKA

Den libyske borgarkrigen i 2011 kastar lange skuggar. Terroristane bak åtaket på det dels Statoil-eigde gassanlegget i In Amenas i Algerie hadde etter alt å døme våpen og utstyr som stamma frå Libya. Og den pågåande konflikten i Mali vart utløyst da eit tusental tungt væpna tuaregar vende heim til landet etter Gaddafis fall.

I ein artikkel i Foreign Affairs i juli i fjor åtvara den franske statsvitaren Yahia Zoubir om at det var altfor lettvint å oppsummere Nato-bombinga i Libya som ein «vellukka operasjon». Libya-krigen «sender framleis sjokkbølgjer gjennom Nord-Afrika og Sahel», skreiv Zoubir, og viste til flaumen av våpen og krigarar frå Libya som vart tilgjengelege for ulike separatist- og islamistrørsler. Zoubir er spesialist på Nord-Afrika, og professor ved Euromed Management i Marseille.

Mange land i fare
– Arsenalet til terroristane som no gjekk til åtak i Algerie var forbløffande, med rakettar og anna utstyr frå arsenala til Libya. Vi kjem til å slite lenge med konsekvensane av den libyske borgarkrigen, seier Zoubir til Dag og Tid. Han fryktar at også andre land i Nord-Afrika kan bli råka av ny uro.

– Det er enno lenge før vi kan seie kva som vart følgjene av Libya-krigen. Men vi veit at ei rekkje militsar og terroristgrupper i Nord-Afrika er væpna til tennene på grunn av denne krigen. Desse gruppene kan destabilisere ei rekkje land: Algerie, Tsjad, Niger, Mauritania, Burkina Faso, Tunisia, Egypt. Libya har framleis store problem. Heile regionen er full av sårbare statar, seier Zoubir.

– Uroa i Mali kan lett spreie seg. I dette området kan terroristgrupper destabilisere nesten kva land dei ønskjer. Dei har pengar og våpen nok. Og flyktningstraumane frå Mali gjer situasjonen enda meir alvorleg. Om konfliktane til dømes spreier seg til eit land som Niger, der det òg er ei stor tuaregbefolkning, kan det få fryktelege konsekvensar.

Vondt til verre
Det er likevel ikkje rett å seie at det som skjer i Mali, er berre på grunn av Libya-krigen, meiner Zoubir.

– Konflikten i Mali har ei lang og komplisert historie, men Libya-krigen har gjort situasjonen mykje verre.

Zoubir var sjølv motstandar av Nato-intervensjonen i Libya.

– Det var ikkje av ideologiske grunnar, men eg frykta for følgjene. Og eg meinte at fredsplanen til den afrikanske unionen i 2011 var fornuftig. Men da Nato var viljug til å stø opprøret i Libya, var jo ikkje opprørarane interesserte i forhandlingar.

– Var det mogleg å føreseie så store regionale følgjer av borgarkrigen i Libya?
– Det er klart det var vanskeleg å vite på førehand. Men det var føreseieleg at Libya-krigen ville destabilisere ein større region, og at våpen ville flyte over til andre område. Dei tungt væpna tuaregane som kom attende til Mali i 2011 var ein av dei viktigaste konsekvensane.

Hengjemyr
Yahia Zoubir vil ikkje kritisere den pågåande franske intervensjonen i Mali, men fryktar for følgjene av ein langvarig krig.

– Om ikkje Frankrike hadde intervenert no, ville truleg opprørarane teke resten av Mali òg. Men dersom denne operasjonen trekkjer ut i tid, kan det bli veldig komplisert.

Ei rekkje vestlege land, inkludert Noreg, vurderer å sende styrkar til Mali. Zoubir er svært skeptisk til eit langvarig utanlandsk militærengasjement i landet, som ein ny front i «krigen mot terror».   

– Jihadistane i Mali kjenner terrenget godt, dei er erfarne krigarar, godt væpna, og dei har hjelp av dei lokale tuaregane. Dei utanlandske styrkane kan hamne i ei hengjemyr, og dei vil gjere det attraktivt for nye jihadistgrupper å kome til Mali for å kjempe, meiner Zoubir.

– Det er uunngåeleg at uskuldige sivile blir drepne. Hæren i Mali har òg gjort stygge overgrep mot sivilbefolkninga i nord. Og jo lenger denne operasjonen varer, jo meir av befolkninga kan identifisere seg med jihadistane.

– Den franske historia i Nord-Afrika gjer det ikkje lettare for dei franske styrkane?
– Det stemmer. Jo lenger dei blir verande, jo lettare blir det å seie at «dei franske kolonistane er attende». Jihadistane vil seie at krossfararane har kome til Mali for å drepe folk.

Krig ikkje nok
– Det er ingen attraktive alternativ i denne situasjonen?
– Nei, det finst berre dårlege alternativ. Det var vanskeleg for omverda å sitje roleg og sjå på, og den franske intervensjonen har implisitt støtte også frå den afrikanske unionen. Islamistane i Nord-Mali står for ei forferdeleg tolking av islam, milevis frå den lokale tradisjonen. Dei franske styrkane skal frigjere befolkninga i Nord-Mali, men korleis skal dei kunne skilje mellom vanlege borgarar og jihadistar?

Ein militær siger over islamistane løyser slett ikkje dei grunnleggjande problema i Mali, meiner Zoubir.

– Nord-Mali har lenge vore neglisjert av regjeringa i landet, og sjølvstendekravet til tuaregane er gammalt. Å integrere dette landet og få til utvikling er ei oppgåve som krig ikkje kan løyser.

Påverknaden frå islamismen i Mali kan òg vise seg varig, trur Zoubir.

– Uansett utfall av intervensjonen no, trur eg at islamistane kan kome til å vinne fram i Mali i løpet av dei neste par åra. Vi har sett det skje i dei arabiske landa som har hatt omveltingar dei siste åra, og det kan skje i Mali òg.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake