Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Mindre teorifag

Av Svein Gjerdåker
,  18.01.13


Arbeidarpartiet vil gjera skulen til ei hovudsak i valkampen. Det er bra og dei kan gjerne starta med å forklara oss kva dei skal gjera med alle dei elevane som kvart år droppar ut frå vidaregåande før dei er ferdige.

Det er eit stort problem, sjølvsagt fyrst og fremst for alle dei einskildindivida som gjer det, men òg for familien og samfunnet.

Reform-94 endra den vidaregåande skulen dramatisk. Målet var å hindra at elevane alt som sekstenåringar måtte avgjera kva dei skulle verta. Difor skulle alle få rett til, i praksis plikt til, å ta ein vidaregåande skule som gav alle kompetanse til å gå vidare på høgskular eller universitet.

Måten dei gjorde dette på, var å auka mengda teori i dei gamle yrkesfaga dramatisk. Resultatet gav seg sjølv. Dei teoritrøytte og teorisvake miste høve til å gå på ein skule fri for den klassiske skulekvardagen med mange teorifag.

Ein ting er at dei droppar ut av skulen, etter mange månader i frustrasjon og mistilpassing, men desse ungdomane får det òg vanskeleg med å få ein ufaglærd jobb etterpå. Dei taper i konkurransen med andre ufaglærde. Ikkje minst taper dei i dag mot alle dei frå EØS-området som kjem hit for å søkja seg til ufaglærde yrke. Dei er meir attraktive enn dei som har fått stemplet som skuletaparar.

Kva gjer vi så? Vi må stogga dette mekaniske opptaket som vi gjer kvar haust av elevar som ikkje er motiverte for meir klassiske skulefag. Vi må få til klare alternativ. Det hjelper ikkje med alle mogelege tiltak innanfor dagens system. Vi må innsjå at ikkje alle er motiverte for teoretiske fag i den alderen og dermed gå tilbake til start og tilby skular med så lite teorifag som berre mogeleg.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake