Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Knoting: det nye verdsmålet

Av Cathrine Strøm
,  18.01.13


Språkåret er sparka i gang, med ein overordna ambisjon om å vere «ei raus feiring av språklege skilnader og mangfald». Dette er ei god målsetjing, men òg eit punkt som allereie har skapt debatt. Nokre meiner at det berre er snakk om fine ord utan reelt innhald.

Språkforskarar har lenge arbeidd for å finne likskapspunkta mellom alle språka, anten dei viser til grammatikken eller til påstanden om ein opphavleg før­babelsk språkleg idyll der alle menneska snakka same språk. Andre hevdar tvert om at det nettopp er skilnadene som foreinar oss språkleg sett.

Til dei sistnemnde finn ein mellom andre den amerikanske franskomsetjaren og -professoren David Bellos. Han vitja Noreg før jul, etter invitasjon frå Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO). Møtet var lukka for ikkje-medlemer, men Bellos har gitt ut ei bok som er open for alle: Is that a fish in your ear? Boka inneheld mange interessante og polemiske kort-essay om språk og omsetjing og har blitt omsett og utgjeven i mange land.

Han tek for seg mange tåkete teoriar og inngrodde førestellingar om språk. Eitt av dei grunnleggjande poenga hans er at det einaste verkeleg universelle ved menneskeleg språk er at kvar og ein har eit unikt språk, eit språk som fortel kven du er, kvar du kjem ifrå, og kvar du høyrer til.

Knotar ut av skapet
Det er kanskje derfor knoting har så låg status. Knotaren fortel ikkje kvar han kjem ifrå så snart han opnar munnen. Ein skal helst snakke rein dialekt og bruke eit reint skriftmål. Om språk er personleg, og språkåret handlar om openheit, tek eg sjansen på å komme ut av skapet: Eg er ein knotar. Ikkje snakkar eg rein dialekt, det er verre: Ofte blandar eg ordformer innanfor ei og same setning.

Eg har alltid kjent misunning overfor dei som har ein utprega dialekt, med klare kjenneteikn. Og eg har alltid blitt litt fornærma over at nye kjende trur eg er frå Oslo, slik eg òg blir litt vonbroten over franskmenn som slår over til engelsk når eg snakkar fransk. Sjølv er eg fødd og oppvaksen på Lillehammer, av ei mor frå Os i Østerdalen og ein far som var fødd i Skudeneshavn, men som voks opp ved svenskegrensa. Dei næraste venene mine i skuletida var sjølve barn av innflyttarar frå ulike delar av landet, så kva slags språk vi utvikla, er ikkje godt å seie.

Eg nyttar fleire variantar av same ord som kjennest rett i ulike samanhengar: Eg kan seie «sjøl» med tjukk l og «selv», eg kan seie «mjuk» og «myk», og ikkje minst kan eg skrive bokmål og nynorsk, utan at eg kjenner meg mindre heime i verda av den grunn.

Knoting på saklista
Eg er ikkje aleine. I den norske grunnskulen er det i dag 150 ulike språk i bruk, så talet på knotarar vil garantert auke dramatisk. Knoting vil neppe få nokon nasjonal status, men det er openbert eit fenomen myndigheitene tek på alvor. Dei har løyvd 14,5 millionar kroner i årlege tilskot dei fem neste åra til Centre for Multilingualism in Society Across the Lifespan (MultiLing) ved Universitetet i Oslo, til forsking på språkmangfald og fleirspråklegheit. Dei har fått status som Senter for framifrå forsking (SFF) frå og med 2013 og har eit totalbudsjett på 329 millionar kroner. Senteret skal skaffe ny kunnskap om dei språklege konsekvensane av globalisering.

Globalisering er for mange språkentusiastar det same som ein trist tendens i retning av at alle snakkar same språk: engelsk. Men som David Bellos påpeikar, er det lite som tyder på at den omseggripande engelskbruken fører til eins­arting. Engelsk blir i staden snakka i stadig fleire ulike variantar, med innslag av andre språk, dialektar og sosiolektar som går på kryss og tvers av nasjonale grenser. Snart blir det kanskje naudsynt å omsetje mellom dei ulike variantane av engelsk.

For omsetjaren Bellos er desse språklege skilnadene døme på at omsetjing ikkje er noko som kom «etter Babel», men derimot noko som oppstod då ei gruppe av menneske hadde den lyse ideen om at folka på andre sida av fjellet kunne vere verde å prate med. Omsetjing er ikkje eit naudsynt vonde, men derimot første steg i retning av sivilisasjon. Språkmangfaldet representerer ikkje noko fall frå ein idyllisk opphavleg tilstand, men sjølve urtilstanden.

Nokre gonger hjelper det heller ikkje å ha same språk. I fjor las eg ein artikkel om to indianarar frå staten Tabasco i Mexico. Dei to gubbane frå ayapaneco-stammen var dei siste som kunne snakke språket til stammen, som er mange hundre år gamalt, minst. Men dei to toler ikkje trynet på kvarandre og har ikkje veksla eit ord på mange tiår. No freistar amerikanske antropologiske lingvistar å berge språket for ettertida, ved å snakke med dei to kvar for seg.

Cathrine Strøm er litteraturvitar og arbeider på bibliotek.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake