Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Når Dagsrevyen ikkje fortel sanninga

Av Jon Hustad
,  18.01.13


Om du godtek ein dom for medverknad til valdtekt av jentungen din, er du då eit offer som fortener vår sympati? NRK ser ut til å meina det.

Ifylgje biologar som Richard Daw­kins er vi styrde av DNA og det egoistiske genet. Kvar ein forelder er viljug til å gjera mest kva det skal vera for å verna avkomet frå tidleg død, smerte og det vonde.

Det biologiske svaret er sjølvsagt rett, men det er ikkje heile svaret, for grensene er flytande. Når er til dømes barnet vakse? Det er eit vanskeleg spørsmål, og tydelegast ser vi det innanfor seksualiteten. Eg har til dømes ingen klåre svar på kvar den seksuelle lågalderen bør setjast. Når vi er klare for seksuell kontakt, er individuelt.

Relativisme
Men same kor intellektuell og kynisk eg vert: Eg kjem aldri, aldri til å verta viljug til å relativisera valdtekt av ei elleve år gamal jente. Elleve år gamle jenter skal ikkje ha samleie, korkje friviljug eller under tvang, men særleg ikkje under tvang. Dette trudde eg at kvar ein forelder frå naturen si side var selektert til å meina. Men av og til overstyrer kulturen naturen.

I juli i fjor vart ei rumensk mor frå romfolket i Bergen tingrett dømd for å ha medverka til menneskehandel og for å ha lagt til rette for valdtekt av dotter si på elleve år. Retten slo fast at mora fekk pengar for jenta, og at ho medverka til valdtekta. Jenta bur no på ei løynd adresse ein stad i Sverige eller Noreg.

Gruelege smerter
«Flere menn holdt meg, og jeg var veldig lei meg og gråt og hadde signalisert at jeg var imot dette», sa jenta i retten. «Jeg husker veldig godt at jeg hadde store og grusomme smerter.» Ho vart halden nede av fleire menn medan valdtekta gjekk føre seg. I alt var fire born menneskehandla, dei same borna vart brukte som tjuvar og var fanga på film.

Dei dømde i saka fekk til saman fjorten år og ti månader i fengsel. Mora fekk ei straff på to år og fire månader. Denne månaden godtok ho domen og dreg attende til Romania når ho er fri. «Handlingene er så avskyelige og forkastelige at man aller helst ønsker å tro at de ikke hadde funnet sted», sa aktor i sluttprosedyren sin. Etter domen var han letta. «Bevisene var sterke og omfattende. Det forelå blant annet film som viste hvordan de tiltalte kvinnene puttet varer i skjørtene til barna.»

Laurdagsrevyen
Sist laurdag hadde Dagsrevyen eit langt intervju med kvinna og familien hennar heime i Romania. Under introduksjonen kunne ankerkvinna fortelja at mora som den fyrste romkvinna var dømd for menneskehandel i Europa med eigne born, og at ho reiste «rundt med barna og selde smykke».

I reportasjen fekk vi mellom anna sjå ein telefonsamtale mellom kvinna og svigerdottera heime i Romania. Svigerdottera var eit av offera for menneskehandel, men no var dei tilsynelatande gode vener, om vi skal tru Dagsrevyen.

Kvinna på si side sa at ho ikkje hadde gjort noko av det ho var skulda for, og at ho ikkje burde ha fått fengsel, men domen godtok ho altså.

Dagsrevyen sa ingenting om at kvinna medvite og for peng­ar hadde gift bort dotter si og såleis etter romtradisjonen måtte utsetjast for samleie for at ekteskapet skulle vere fullbyrda. Dei sa ingenting om filminga av tjuveria, dei sa så godt som ingenting utover dette abstrakte at ho var dømd for menneskehandel. Derimot fekk kvinna seia at ho handla i samsvar med tradisjonen til romfolket og tok jenta til Noreg «for å beskytte henne», Dags­revyen lét mora gje opp namnet på jenta, men fortalde ikkje at ho no budde på ei løynd adresse.

«Dette skulle vært historien om at det å ta med seg sine barn til Norge (...) for på ulikt vis å skaffe penger, er straffbart», sa reporteren skuffa då det synte seg at kvinna hadde drege anken attende. No fekk altså ikkje sjåarane vita om kvinna hadde gjort noko ulovleg.

Vi som derimot har lese domen, veit at det ikkje er lov å selja borna sine i trygg forvissing om at dei vert valdtekne. Men det fekk ikkje sjåarane av Laurdags­revyen vita.

Jon Hustad er journalist i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake