Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Lang veg til fred i Mali

Av Øyvind Strømmen
,  18.01.13


Det er ikkje vanskeleg å stø den franske intervensjonen i Mali. Men vona om ei rask avklaring synest i beste fall å vera naiv.

Sidan tidleg i fjor har Mali stått ovanfor si verste krise i nyare historie. Den nordlege delen av landet fall i hendene på tuaregopprørarar. Sør i landet utløyste dette eit militærkupp, leia av kaptein Amadou «Bolly» Sanogo. Den folkevalde presidenten Amadou Touré – sjølv ein tidlegare kuppmakar av den sjeldne sorten – var kasta, skulda for inkompetanse i møtet med opprøret. Det var i mars 2012.

Bakteppet er ein annan konflikt. Medan mange på venstresida – også den norske – snakka med store bokstavar om «vestleg imperialisme» i høve intervensjonen i den libyske borgarkrigen, har dei snakka lite om Gaddafi sine tidlegare forsøk på stormaktsspel.

Gaddafi sytte for finansiering, væpning og opplæring av ymse grupper i både Mali, Tsjad og Niger. Han spelte eit machiavellisk spel med tuaregane, blant anna for å svekka Algerie. Tuaregar vart også henta inn som leigesoldatar i det libyske forsvaret. Då Gaddafi-regimet fall, vende ein del av dei attende til det nordlege Mali. Dei var godt væpna og hadde stridserfaring. Dermed kunne tuaregnasjonalismen i nord, som har stått i konflikt til den maliske nasjonalismen – i stor grad tufta på mandefolket i sør – drøyma om siger. I april 2012 vart den uavhengige staten Azawad erklært.

Dårlege nyhende
Draumen skulle ikkje vara lenge. I dag er det ein annan fraksjon opprørarar som dominerer i nord. Dei er ytterleggåande islamistar. Sentralt står gruppa Ansar Eddin (Truas forsvararar), som også er knytt til gruppa som på norsk gjerne vert omtalt som AQIM, Al-Qaida i det islamske Maghreb.

Dette er av fleire grunnar usedvanleg dårlege nyhende. Menneskerettssituasjonen i Mali er dramatisk forverra, og verst er det i nord, der dei ytterleggåande islamistane påtvinger befolkninga ein særs rigid og ubehageleg variant av islam, ein variant som i utgangspunktet er framand for folk i området. Kristne er drivne på flukt og stabiliteten i ein heil region står på spel.

På bakgrunn av dette er det ikkje vanskeleg å skjøna at den tidlegare kolonimakta Frankrike intervenerer. Det er ei støtte til dei maliske styresmaktene i sør – som har fått noko legitimitet etter at Touré offisielt trekte seg som president. Mali har bede om hjelp. FN sitt tryggleiksråd har tidlegare sanksjonert internasjonal militærinnsats. Andre vestlege land har gjeve si støtte til den franske intervensjonen. Det har også afrikanske land gjort.

Talsmenn for tuaregopprørarane lovar også å slåst saman med franske og maliske styrkar: Fiendar vert allierte. Russland har heller ikkje innvendingar. I skrivande stund har ikkje FNs tryggleiksråd diskutert den franske intervensjonen, men lite tyder på at det vert særleg bråk om det heile.

Overdriven optimisme
Likevel spelar Frankrike høgt.

– Me skal stansa terroristane, og så er det gjort, sa den franske utanriksministeren Laurent Fabius på tysdag. Han meiner det er eit spørsmål om veker.

På overflata har han eit poeng. I møtet med overlegen fransk militærmakt er det lite truleg at islamistane som rår grunnen nord i Mali, kan dra franskmennene inn i ein langvarig krig. Det kan vera snakk om veker, men det kan verta blodige veker, og jamvel om sigeren mot islamistane kjem raskt, så er det ikkje gjort.

Sjølv om dei radikale islamistane vert slegne, vert det ikkje slutt på konflikten som utløyste krigen i Mali. I botnen ligg tuaregane sitt krav om ein eigen stat. Etter at Mali vart sjølvstendig i 1960, har det ført til opprør fleire gongar. Det kjem ikkje den franske intervensjonen til å gjera ende på. Kjensla av historisk urettferd er sterk blant tuaregane.

Vegen fram
Det er likevel vanskeleg å vera imot den franske intervensjonen i Mali, med mindre ein tuftar det på rein pasifisme eller på motvilje mot all vestleg «innblanding» i Afrika. Intervensjonen er på mange måtar rett: Dei ekstreme islamistane som rår grunnen nord i landet, representerer ein ufyseleg og fårleg ideologi og har koplingar til rein terrorisme. Dei har også gått til åtak på sjølve kulturhistoria i Timbuktu. Mali har trygla om hjelp. At det internasjonale samfunnet tek ansvar, er på sin plass.

Men det ansvaret inneber meir enn å slå ned ekstreme islamistar. Skal Mali ha von om varig fred, fornya stabilitet og eit fungerande demokrati, må det finnast ei løysing på ein gamal konflikt. Det har vore eit malisk problem. No er det også eit fransk.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake