Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Ta det litt med ro

Av Svein Gjerdåker
,  11.01.13


Tru- og livssynspolitikken må handtere ei rekkje prinsipielle spørsmål. Eit av dei største er korleis trus- og livssynsminoritetane skal handsamast andsynes Den norske kyrkja.

Menneskerettsforskarar og Human-Etisk Forbund, som ofte står fram som ein felles front, argumenterer for ei streng prinsipiell likebehandling. Difor vil dei at Den norske kyrkja skal missa den privilegerte posisjonen sin.

Det er solide argument for dette. Mange vil oppfatta alt anna som urettferdig. Manglande likebehandling kan føra til konfliktar eller mindreverdskjensle. Og prinsippet om likebehandling er eit mål i seg sjølv.

Men bør vi ikkje kunna tolerera litt slakk og sjå meir pragmatisk på dette? Kan ikkje tradisjon og historie vera eit argument i seg sjølv for at vi tek vare på ein del ordningar knytte til kristendomen? Alle er vel samde om at vi ikkje skal avvikla jole- og påskeferiane fordi dei er knytte til kristendomen?

Det trus- og livssynspolitiske utvalet som kom med utgreiinga si denne veka, vil heller ikkje fjerna desse feriane. Men mange medlemer i utvalet burde synt meir av denne pragmatiske haldninga i til dømes spørsmålet om vigselsretten til kyrkja, retten til å bera religiøse hovudplagg i politiet og om staten skal syta for omskjering av guteborn eller ikkje.

Kyrkja har prega måtane vi organiserer overgangsritual på, som bryllaup og gravferder, i mange hundreår. Etter alle desse hundreåra hastar det vel ikkje slik med å avvikla det? Og vil ikkje våre nye religiøse landsmenn ha forståing for at majoritetsreligionen vil ha ein sterkare posisjon enn dei sjølve? Det er jo ikkje tale om at vi ikkje skal vise andre religionar og livssyn respekt og gje dei handlingsrom.

Vi treng ikkje ha berøringsangst for dei kristne tradisjonane i landet vårt. For tradisjon og historisk samanheng er eit gode i seg sjølv. Og kristendomen, i krass dialog med den kulturradikale kritikken, er vår historiske kontekst. Det gjeld anten vi er kristne eller ei.





Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake