Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Spissformulert, men naudsynt

Av Bjørn Kvalsvik Nicolaysen
,  11.01.13


Debatten om norsk kultur kunne vore meir kultivert, men er absolutt på sin plass.

«Vert så den norske kulturen truga av innvandring? Sjølvsagt vert han det», skreiv Dag og Tid-journalist Jon Hustad i Aftenposten 2. januar. Hustad meinte Hadia Tajik hadde gjeve dårleg svar i Stortinget før jul, då Frp-representanten Christian Tybring-Gjedde stilte skriftleg spørsmål til statsrådane Tajik og Thorkildsen om kva dei meinte var norsk kultur, og i kva grad han bør vernast.

Med spissformuleringa om at Tajik ikkje var hans kulturminister, markerte Hustad ein kritikk av at ho ikkje tek innvandringa alvorleg som kulturproblem. Statsråden svara korrekt nok, som før jul, at ho kan ikkje avgjere kva som er norsk kultur, ei heller kan ho ta ansvaret for sosialantropologiske eller andre faglege kulturanalysar. Hustad var dårleg nøgd med uklåre svar. Sjølv var han upresis både i omgrep og adresse. Eg vil tillate meg å rekonstruere to poeng eg finn svært viktige i Hustads resonnement.

Kan ha synspunkt
Det eine er at sjølv om ministeren ikkje har til oppgåve å analysere kulturutviklinga i Noreg, men derimot tek seg av forvaltning og utvikling av kultur­livet (heller ikkje lett å definere), så er ho fri til å ta del i eller fremje slike ordskifte. Ansvaret for at kulturorientert forsking og undervisning er nedbygd under noverande regjering, ligg hjå kunnskapsministeren. Kulturministeren kan like fullt ha synspunkt på kva vi treng meir forståing av og tiltak for innom norsk kultur. Til dømes verknaden av innvandring.

Det andre er at sjølv om kulturministeren ikkje har ansvar for integreringspolitikken (eller for den del kulturomgrepet), så er det særs lite ambisiøst å føresetje at innvandringa og kulturelle endringsprosessar som fylgjer, skal liggje utanfor kulturpolitikk-området.

Semje frå 70-åra
Frå midten av 70-åra, då statleg kulturpolitikk vart reformert og samla, var det tverrpolitisk sjølvsagt at kulturpolitikken skulle vere med på å øve oss opp i samhandling, utvikle gleda over skilnader og særmerke, dyrke gjensidig respekt språkleg, kunstnarleg og overfor ulike sosiale praksisar. Fyrst og sist skulle vi få hjelp til å organisere samarbeid. Demokratisk kulturpolitikk bygde på eigenaktivitet og initiativrikdom.

Ikkje slik lenger. Helst er det institusjonskulturen, den høge, kvalitative kunsten og festivalane som er prioriterte og utbreiinga av alle desse opplevingane til flest mogeleg. Effekten av fleire tiår med kulturpolitikk gjer likevel at tanken om variasjon og ulikskap framleis er med.

Men tenkjer noverande regjering kulturpolitikken som aktiv drivkraft i samfunnsutviklinga? Kvar er planane for å skape eller styrkje naudsynte møtepunkt, samarbeidsinstitusjonar – og kulturell oppseding, både av gamle og nye slag landsmenn og -kvinner? Eg finn ikkje svara i aktuelle styringsdokument.

Kulturomgrep i endring
Eit problem for debatten er det, eller kanskje ikkje, at Hustad har teke utgangspunkt i eit «folkeleg» kulturomgrep, der «kultur» meir står for det vi før kalla framferd, åtferd, brukvis, skikk og bruk, folkeliv. Røkjer ein etter, finn ein nok at framandordet kultur nokså seint har fått bere alle desse tydingane. Det har samband med demokratisk kulturpolitikk i Norden i etterkrigstida. Inter­nasjonalt er vår bruk av ordet kultur for ‘måten å te seg på’ pluss ‘verdisystemet i nasjonen’ nokså uvanleg.

Til gjengjeld er slike forståingar mykje diskuterte i strengt fagleg samanheng (som i sosiologi, sosialantropologi, etnologi, skriftkulturforsking og anna). Det kjem i nokon mon av at vi treng eit oppsamlande omgrep om vere- og gjeremåtar i folke­livet. Såleis å hevde at det kan vere kulturskilnader når særskilde innvandrargrupper kan ha vanskar med å respektere kvinner slik vi er opplærde til det. For dette var og er ei læringssak og kom ikkje lett for alle slag nordmenn før heller.

Må vere diskuterbart
Omgrepet «kultur» handlar i fagleg forstand både om materielle og immaterielle tilhøve innvovne i samfunnsfunksjonane. Mange som granskar kultur, meiner det er viktig å skjøne at sjølve omgrepet alltid må kunne diskuterast. Medvitet om ein kultur eksisterer ved at vi diskuterer kva det inneber.

Sameleis med omgrepa «politikk», «demokrati» og «religion». Sluttar vi å diskutere politikk, vil vi få despoti, ikkje noko politisk liv. Så kan det likevel vere grunn til å fastsetje nokre område å diskutere kultur innanfor; det gjev lita meining å setje pinnekjøt på line med kristenarven, slik somme har gjort i denne nye kulturdebatten.

Som artefakt eller handling
Slik eg ser det, finst det fire hovudforståingar av kva «kultur» er. Dei oppsummerer hundrevis av ulike einskilddefinisjonar i ulike område.

1) Kultur som artefakt, det vil seie gjenstandar og produksjonen av dei, med bruksområde, produksjonsmåtar, teknologi, estetikk. Potteskar, reiskapar og kunst høyrer heime her. Difor talar vi om Komsa-kulturen så vel som renessansekulturen.

2) Kultur som meiningsproduksjon, det vil seie kommunikasjon, evner til å finne og skape meining; verdisystem og normer; truer og oppfatningar; her høyrer rettsstat, media og religion heime, og den retten og plikta vi alle har til å nytte det frie ordet i eit demokrati.

3) Kultur som handling. All handling er knytt til førestelling­­ar og praktiske ordningar for koss vi ter oss saman med andre, om det så i visse særskilde samanhengar (som i religionen) kan verte noko abstrakte reglar. Kultur som handle- og veremåtar føreset tenkjemåtar omkring koss vi skal vere overfor dei menneska vi er i lag med. Denne forståinga av kultur ser ut til å ha fått forrang i politiske ordskifte utanom tradisjonelle kulturpolitiske område.

Der finst eitt perspektiv som er sams for dei førnemnde tre, nemleg:

4) Kultur er det som kan lærast i eit samfunn. Vi må alle lære å vere nordmenn, demokratar og deltakarar. Å lære noko nytt er alltid å verte annleis enn ein var. Det legg i alle høve eg vekt på å fortelje alle nye studentar i starten av kvart semester.

Kva er sams verdiar?
Slik personleg endring fører med seg jamlege diskusjonar om kva som skal vere sams verdiar, kva som er tolerabelt og intolerabelt, kva som er vanlege eller omframme målsetjingar for handlingar i og utanfor institusjonar, kva som er tradisjon, og kva som er innovasjon. Det er ikkje større grunn til å frykte innvandringa, meiner eg, medan det er god grunn til å stille spørsmålet om politikarane våre ser utfordringane på rette måten, all den tid arbeidsinnvandringa berre må auke for at aktivitetane skal haldast oppe.

Ordskiftet har, sjølvsagt, forfalle i visse kanalar. Frå å verte personleg til å verte sjikanøst, visse stader. Somme har prøvd å mistenkjeleggjere Hadia Tajik; bra å sjå at slikt prellar heilt av. Hustad har opplevd å verte framstilt som ein grobian som vil stengje norske grenser.

Oppheta, men viktig
Det er å vone at ukultivert personleg sjikane vert uakseptabel, både på venstre- og høgresida i politikken. Den raskt aukande temperaturen er likevel eit mål på kor naudsynt initiativet til Hustad var. Sjølv om det er fleire av premissane til Hustad eg ikkje deler, meiner eg slike utspel som det han kom med, må takast vare på og takast alvorleg, for slik er det den demokratiske kulturen utviklar seg. Og vi treng i høgste grad grundigare svar på kva for rolle norsk kulturpolitikk har i samfunnsendringane.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake