Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Strålande debutroman

Av Jan H. Landro
,  11.01.13


Tilgivelse er ei påminning om at fortida ikkje er død, ho er ikkje eingong fortid.

ROMAN
Patrick Flanery:
Tilgivelse
Omsett av Toril Hanssen
Cappelen Damm 2012

At ein debutant kan skrive ein så kompleks, mangesidig og velkomponert roman som Tilgivelse, er i seg sjølv forbausande nok. At ein amerikansk forfattar som knapt nokosinne har budd i Sør-Afrika, skriv så innsiktsfullt om sosiale tilhøve i dette landet, er nesten ikkje til å tru. I tillegg fortel boka ei fascinerande historie om to menneske som båe slit med si eiga fortid, og kvar på sitt vis treng tilgjeving.

Sjølvoppgjer
Handlinga går føre seg i Cape Town, der den kvite, aldrande suksessforfattaren Clare Wald skriv på ein fiktiv sjølvbiografi med tittelen «Tilgivelse», kan hende eit sjølvoppgjer, men slik at fiksjonen likevel skal gjere henne uangripeleg. Av uklåre grunnar har ho samstundes sagt ja til å la Sam Leroux, ein ung sørafrikansk akademikar som har budd fleire år i USA, skrive biografien hennar. Dei to har delvis ei sams forhistorie, men det er eit tema båe vegrar seg for å ta opp.

Parallelt med at ho dukkar ned i si eiga historie og konfronterer seg sjølv med ei vond fortid, intervjuar han henne om denne fortida, både den private og den «upolitisk politiske» (kven kunne vere fullstendig upolitisk under apartheidregimet?).

Løynde sanningar
Boka er oppbygd litt som ei detektivhistorie, der stadig nye flikar av løynde sanningar vert avdekte, nye lag av sjølvbedrag flerra vekk. Av di historia er fortald frå fleire perspektiv gjennom ulike handlingstrådar, og «fakta» og graden av sjølv­erkjenning varierer, følgjer uvissa om kva som faktisk har skjedd, lesarane gjennom nesten heile boka. I tid vekslar historia mellom ulike plan: notid – etter at Sør-Afrika fekk såkalla demokrati og frie val i 1994 – og åra før det kvite apartheidstyret fall.

Flanery teiknar interessante, – dels avslørande – psykologiske portrett av dei to hovudpersonane. Likevel er det det større biletet, samfunnstilhøva både før og etter den fredelege omveltinga, som gjer sterkast inntrykk. Dei detaljerte, konkrete skildring­­ane av vald og lovløyse og korleis dette påverkar personane, er skremmande. Der dei svarte i apartheidtida stadig levde utsett, er det no dei kvite som kjenner trugsmål frå alle kantar. Skilnaden er at dei, som Clare Wald, kan isolere seg i husa sine, bak høge murar, piggtråd og all verdas alarmsystem. Men det er likevel berre ein slags finare husarrest, og frykta kan dei ikkje sleppe unna.

Meir splitta enn nokosinne
Slik dei unemnelege ugjerning­ane frå apartheidåra har sive inn i det ANC-styrde Sør-Afrika, der sosiale og økonomiske skilnader er større enn nokon gong, blir denne romanen også ein indirekte kritikk av det samfunnet som skulle byrje på nytt etter at Nelson Mandelas sannings- og forsoningskommisjon var ferdig med arbeidet sitt. Boka refererer til dette, men rettar ikkje på noko tidspunkt direkte kritikk. Det trengst heller ikkje; å skildre samfunnstilhøva i eit land som truleg er meir splitta enn nokosinne, er meir enn nok.

Tilgivelse er fire hundre velskrivne sider, godt omsette av Toril Hanssen. Boka går inn i ein tradisjon som hittil har vore reservert innfødde, sørafrikanske forfattarar, som André Brink og John M. Coetzee (sistnemnde har rett nok gjort australiar av seg). Særleg er parallellane til Coetzees Vanære (1999) slåande – jamvel om det ikkje er tale om kopiering. Båe teiknar eit dystert portrett av det «nye» Sør-Afrika, etter omfordelinga av politisk makt, båe handlar om skuld, soning og anger, og i båe vert individuelle lagnader gjorde til brennpunkt for dei mange motstridande kreftene i samfunnet.

Jan H. Landro er journalist og fast kommentator i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake