Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Ven og vegvisar

Av Lars Roar Langslet
,  11.01.13


Minneord om Asbjørn Aarnes

Eit stort livsverk tok slutt då Asbjørn Aarnes døydde 8. januar, 89 år gamal. Han vart ein av våre fremste intellektuelle i den lange levetida han fekk, og aktiv i skrift og tale heilt til det siste.

Av fag var Aarnes franskfilolog og skreiv ei lang rad bøker og artiklar om Frankrikes diktarkunst frå barokktida til i dag. Men rotfestet hans var det norske, og han skreiv med kjærleik og innleving også om mange store i norsk dikting, frå Welhaven til Emil Boyson og Claes Gill, Olav Nygard og Olav H. Hauge.

Alltid søkjer han poesien i dikta, den løyndomsfulle kvaliteten som kjem til syne når innhald og form er smelta saman til ei meiningsverd for seg – det fullmogne kunstnarlege uttrykket som ikkje kan omskrivast i andre ordelag, for det har teke opp i seg det «useielege» (som han i storverket om Nygard presiserer til det «u-att-seielege»). Det Aarnes har skrive om poesi, høyrer til det viktigaste i norsk litteraturteori.

Men tidleg vart han også oppglødd for filosofien som ein annan veg til innsikt om djupdimensjonen i tilværet. Også her vart han ein framifrå formidlar mellom det franske og det norske: Han skreiv vektige kommentarar til Descartes, Bergson, eksistensfilosofane og Emmanuel Levinas – og han var sterkt oppteken av vår eigen filosofiske tradisjon, frå Treschow og Monrad til Hans Skjervheim. Dei mange artiklane hans om filosofiske emne, t.d. i positivismestriden, var viktige innslag i den norske filosofiske debatten.

Aarnes var stridsmann på «den annen front», mot all reduksjonisme som gjer mennesket ringt og livet meiningstomt – for han trudde på Meininga og var livet ut på leit etter teikn og tydingar som fører oss nærare til henne.

Det yngla bøker der Aarnes fann sine vegar gjennom livet: Hans eigne om eit mangfald av emne, men også dei bokseriane han fekk ansvar for – «Idé og tanke» (saman med Egil A. Wyller), «Norsk filosofi» (med Wyller og Leiv Amundsen), om lag femti nye band i Thorleif Dahls Kulturbibliotek medan han var formann der, og mange essaysamlingar etter seminar han var leiar for – heilt fram til bøkene om Snorre og vår norrøne arv ... Han var, vart det sagt, eit omvandrande einmannsforlag.

Men mannen var likevel større enn den mang­slungne litteraturen som er arv etter han. Aarnes var ein iherdig talentspeidar og inspirator for dei fleste som vart dregne inn i hans utruleg vide krins av vener og disiplar. Han var ein miljøskapar av uvanleg format. For han hadde karisma – ei åndeleg kraftutstråling som likevel ikkje batt andre, men frigjorde dei til å sjå meir og bli skapande sjølve.

I dei seinare åra fekk han status som guru og vismann, langt ut over dei fagmiljøa han kom frå. Den reflekterte riksmålskjemparen vart ein hjarteven av mange i målleiren, ikkje minst takka vera dei burleske småstubbane han skreiv på godt gamaldags landsmål for Dag og Tid. Gjennom studiet sitt av den norrøne arven fekk han nære medarbeidarar frå fag han aldri før hadde vitja. I mange delar av landet var han ein elska førelesar og seminarleiar, og over heile spektret av norske aviser stod han høgt i kurs som intervjuobjekt. Men heilt til det siste oppdaga han nytt stoff, nye perspektiv, som sette tanken på nye vegar.

Det store gjennomslaget han fekk, hang nok også saman med den bodskapen han no formidla frå den fransk-litauiske filosofen Levinas: at Eg berre er tenar for Den Andre – at vi alle blir til i møtet med eit Du som er større enn meg. Aarnes var vorten «råka av røyndom» i sitt eige møte med Levinas og tenkjemåten hans. Det vart til eit oppgjer med vestleg filosofitradisjon: I tidlegare filosofi stod alltid subjektet, Eg, i sentrum og som utgangspunkt. Her såg han at det vart omsnudd: Du står i sentrum, Den Andre er radikalt overordna og stiller meg under absolutte krav. Og der Levinas utvikla dette i eit umåteleg innfløkt språk, fann Aarnes dei enkle orda som gjekk rett til hjarta hos lesarar og tilhøyrarar.

Men i eit intervju vedgjekk han at i grunnen hadde han ikkje lært noko heilt nytt hjå Levinas, for dette hadde han alltid visst: Sant liv er å vera til for andre. Vi andre kan leggja til: Det var slik han sjølv levde.

Gjennom nær på seksti år var Asbjørn min nære ven, hjelpar og vegvisar. Også for meg ville livet ha vorte annleis utan han. Men med åra vart venekrinsen hans stadig vidare. Vi er svært mange som vil sakna hans omsorg og kraft.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake