![]() |
|
|
Lovar alt og difor ingenting Av Jon Hustad , 11.01.13 Alle skal få, om Kristeleg Folkepartis politiske program står til truande. Det gjer det neppe. POLITIKK Dag og Tid går gjennom partiprogramma før stortingsvalet. Denne veka: KrF. Kva tyder å prioritera? Det er ikkje heilt lett å svara på, men på ungdomsskulen lærer elevane at «politikk er å fordela knappe gode». På side 120 i KrFs programutkast for 2013–2017, som er vedteke av landsstyremøtet og vert lagt fram for landsmøtet til våren, kan vi lesa dette: «KrF prioriterer økt satsing på kollektivtransport i og rundt de store byene, og en sterkere satsing på veibygging og vedlikehold av veier i distrikt og mellom store byer for å binde regioner sammen.» Her skal ein altså prioritera E18, E39, E6, T-bane, trikk, buss og jarnbane. Men kva vil KrF gjera med riksvegane som no er overlatne til fylka? «Staten må følge opp med tilstrekkelige bevilgninger til fylkeskommunene slik at de er i stand til å ta hånd om dette vedlikeholdet på en god måte.» Her skal ingen stå att på perrongen. KrF vil òg «arbeide målrettet for realisering av tog med hastigheter over 250 km/t, først på de strekningene der dette er samfunnsøkonomisk mest lønnsomt». Men nett her er det faktisk ei viss prioritering som ligg inne. Statens eiga snøggtogutgreiing synte at ikkje ei einaste lyntogrute var samfunnsøkonomisk lønsam å byggja ut, så her er det nokon som vert skuffa. Men kan ein ikkje taka tog, er bil eit alternativ. Det er kanskje difor at partiet vil at alle som går på vidaregåande, skal få tilbod om køyreundervisning som fag. Alle ungdomar har i dag rett til vidaregåande opplæring og vil med det også kunna få gratis førarkort. Om vi seier at 40.000 elevar kvart år tek sertifikat på skulen, og kvart sertifikat i gjennomsnitt kostar 15.000, snakkar vi om 600 millionar. Les meir i papiravisa, eller som PDF « Tilbake |
![]() |
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|