![]() |
|
|
T-banen for Sør-Noreg Av Svein Gjerdåker, 04.01.13 Samferdsleminister Marit Arnstad skal ha ros for at ho ikkje vil prioritera bygging av lyntog frå Oslo til Stavanger, Bergen og Trondheim. Ho vil heller byggja ut jernbanen rundt dei store byane. Dette har mange venta på: ein samferdslepolitikk basert på realisme og ikkje gode ynske. Vi har ikkje kapasitet og råd til alt. Noreg er eit land med få innbyggjarar, og vi må prioritera. Dessutan skjer folketalsveksten rundt dei store byane – særleg rundt Oslo. Det kan ein lika eller ikkje lika – vi likar det ikkje – men det er likevel ein realitet som må påverka jernbaneutbygginga dei neste tretti åra. Og ser ein på dei topografiske karta, skjønar ein at det er noko anna å byggja jernbane mellom Oslo og Bergen enn mellom Paris og Lyon. Kva botnar så denne iveren etter å koma så raskt til og frå Oslo i? Legg ein opp til pendling? Eller hyppigare helgeferiar? Er det ikkje slik at vi helst bør bremsa transportveksten? Og flyveksten kan ein vel få ned på andre måtar? I dag er reisetida mellom Bergen og Oslo seks og ein halv time. Det er for dårleg. Men ei oppgradering og innkorting av traseen, som til dømes ny Ringeriksbane mellom Oslo og Hønefoss som vart vedteken for lenge sidan, kan få reisetida Bergen–Oslo ned under fire timar. Det er svært bra. Dersom ein så innfører ein solid klimaskatt på alle flyreisene mellom Oslo og dei tre store byane, vil det samla sett vera ein klok og framtidsretta samferdslepolitikk. Lyntogideen er sjølvsagt fascinerande, men det er overmot. Det vert som å laga eit T-banenettverk for heile Sør-Noreg.
« Tilbake |
![]() |
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|