Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Å finne si hylle
Cathrine Strøm,  04.01.13

Gjennom stadig fleire kanalar kan folk publisere sjølve utan å gå gjennom dei etablerte forlaga.

I den vesle byen Vancouver i Washington finst eit lite bibliotek som kallar seg The Brautigan Library, etter den amerikanske kultforfattaren Richard Brautigan. Det er eit «library of rejected books», ei samling av til no 291 manus som aldri blei publiserte. Nokre av desse har vore innom mange ulike forleggjarar og redaktørar utan å lukkast. Men her er det plass til alle, uansett kvalitet. Det vil seie heilt inntil nyleg då dei av plassmangel òg måtte begynne å avvise manus.
Som det kjem fram i ein ny, stor Brautigan-biografi av William Hjortsberg, hadde Brautigan ved fleire høve sjølv opplevd å få manusa sine refusert, også etter gjennombrotet med Trout Fishing in America. Den eksentriske forfattaren fann seg aldri heilt til rette verken som fattig poet eller suksessrik forfattar og hadde gjennom heile forfattarskapen eit særleg blikk for andre mislukka, vaklevorne antiheltar av alle slag.
I boka The Abortion. An historical romance 1966, ein roman som blei avvist av fleire forleggjarar før han kom ut, skriv Brautigan mellom anna om forfattarar som etter å ha fått avslag på grått forlagspapir kjem til «the library for unpublished writers» med manusa sine. Mellom dei han omtalar, er ein mislukka forfattar ved namn Brautigan som leverer sitt tredje eller fjerde avviste manus, mens ein annan kjem med eitt som er blitt refusert heile 459 gonger.

Meir sjølvpublisering<\b>
No er det ikkje lenger slik at ein må vente på godkjend-stemplet til eit etablert forlag for å få publisert tekstane sine. For nokre år sidan steig for første gong talet på sjølvpubliserte titlar over talet på titlar for den kommersielle marknaden. Det er òg ei aukande mengd mindre forlag som freistar utfordre dei store forlaga. Med internettet finst det fleire moglege kanalar for å ytre seg enn nokon gong.
Problemet er ikkje lenger å få gitt ut skribleria sine, men meir korleis ein skal få dei lesne og slik bli ein reell del av ei litterær offentlegheit. Utgjevingar frå små, idealistiske forlag og sjølvpubliserande forfattarar finn berre unntaksvis vegen inn til bokhandlarane og biblioteka, og endå verre er det å få dei melde i avisene.

Spirer på Demoteket<\b>
Ved Bergen Offentlege Bibliotek starta ein for nokre år sidan noko som blir kalla Demoteket, etter ein idé frå Sverige. Der kan ungdom levere inn eigne tekstar, teikneseriar, sjølvinnspelte demoar eller anna sjølvlaga materiale slik at det kan bli tilgjengeleg for andre. Det er stas å sjå sitt eige verk i ein seriøs samanheng og oppdage at nokon har fått lyst til å låne det med seg heim. Demoteket kan dessutan syne for andre unge kunstnarspirer at det slett ikkje er umogleg å lage noko sjølv og få det ut i verda.
Spesialsamlingar og -arkiv kan vere ein måte å løfte fram dei som ikkje får plass i den offisielle historia. Vi treng òg arkiv og bibliotek for alt og alle som ikkje skulle vore der.

Cathrine Strøm er litteraturvitar og arbeider på bibliotek.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake