Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Gløymer motstanden når medvinden kjem

Av Jan Inge Sørbø
,  04.01.13


Då Noreg gjorde det dårleg på PISA-målingane, var nesten alle motstandarar av slike målingar og særleg dei på venstresida. Når Noreg gjer det betre, er motstanden gløymd.

Utviklinga i norsk skule har det siste tiåret vore sterkt prega av dei internasjonale målingane. Dei politiske diskusjonane om skulepolitikk har i stor grad handla om kvifor Noreg har gjort det såpass dårleg på PISA-målingane, og kven som har skulda for dette. Er det høgresida, med dei økonomiske modellane sine som skal brukast alle stader, eller er det venstresida, med velferds- og omsorgsretorikken sin?
I tillegg til denne politiske krangelen om kven som skal ha skulda, opplever vi ein nokså brei og samansett front mot heile måleregimet. Lærarane blir urolege over dette, foreldre likar det ikkje, pedagogane er redde for prestasjonspresset det skaper, og filosofane hevdar at ein nok kan måla kunnskap, men at danning er langt vanskelegare å få talfesta. Resultatet kan bli at ein produserer elevar med kunnskap utan danning, farlege folk med store tekniske kunnskapar, men utan oppøving i etikk og dømekraft.

Medvit om måling<\b>
Kritikken av måleregimet er både prinsipiell og interessant og har ført til eit skjerpa medvit både om kva som kan målast, og kva som bør vera målsetjinga for utdanninga. Er det personleg vekst og utvikling, er det produktiv evne, er det glatt tilpassing til stadig skiftande konstellasjonar, er det såkalla «endringskompetanse»? Eller er det snarare ein slags personleg kjerne, evna til å vera tru mot seg sjølv og sine grunnleggjande verdiar? Den om­­fattande danningsdebatten har noko av bakgrunnen sin her, han spring også ut av omorganiseringa av høgare utdanning, der «kvalitet» er eit omgrep som ein også gjerne vil måla.
Men på tampen av fjoråret kom den nye meldinga frå det skeive kvalitetstårnet PISA. Noreg hadde rykt fleire plassar fram. Det var som eit gammaldags stigespel; sist fekk vi meldinga «rykk tilbake til start», no var det «rykk ti plassar fram».
Dette kom som manna frå himmelen til kunnskapsministeren, som straks gratulerte seg sjølv med den nye plasseringa. Den synte at skulepolitikken var heilt rett. Og gladmeldinga fekk også sin naturlege plass i kategorien for sjølvros i nyårstalen til statsministeren. Vi rykkjer fram. «Alt lykkes for denne regjering.» Vi er så gode, så.

Kritikk i motbakke<\b>
Kritikken av måleregima har tradisjonelt vore framførd av SV og Ap, og når dei har innført nasjonale prøvar og dilikt, har dei protestert for allverda.
No er motstanden borte.
Av det kan ein slutta at den politiske kritikken av målingar i skulen berre gjeld så lenge vi gjer det dårleg. Då er måleinstrumenta feil og upålitelege, då er dei farlege for uskuldige born, dei leier inn i diagnostisering og farleg prestasjonspress. Når målingane gir gode resultat, fell innvendingane bort.
Dette er kjende fenomen frå sportsverda. Når vårt lag vinn, er det fordi vi er best. Når vi taper, er det fordi dommaren er ei ku.

Måler ikkje det viktige<\b>
Eg høyrer med til kritikarane av måleregima. Problemet er både at ein innfører modellar frå mark­nadsøkonomien på feil stad, og at ein ikkje måler det som er viktig. Den verkelege kvaliteten i skulen viser seg på andre måtar: kor mange som treng ekstra oppfylging, kor mange som får diagnosar og psykologisk hjelp. Ser ein på den delen av skuleverket, er det ikkje fullt så lett å drikka brusevatn.
Vi går no inn i det året der vi feirar Søren Kierkegaards 200-årsdag. Mykje vil bli sagt om det. Her er ei opningssetning: Kierkegaards modell for læring, den såkalla sokratiske, inneber at det viktigaste vi skal læra, aldri kan målast, fordi sjølve tileigninga er det viktigaste. Det finst ingen skala for å måla den.
Det er ein god grunn til å vera skeptisk til PISA. Og min skepsis blir forsterka når vi til og med gjer det godt i slike målingar.

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast kommentator i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake