Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Eit gnagsår i norsk polarhistorie
Harald Dag Jølle,  04.01.13

Alexander Wisting vil teikne eit nytt bilete av Hjalmar Johansen, men verkar meir oppteken av å forklare helten Roald Amundsen.

Biografi
Alexander Wisting:
Hjalmar Johansen. Seierens pris<\i>
Kagge Forlag 2012

For nøyaktig hundre år sidan, om kvelden 3. januar 1913, gjekk den kjende polfararen Hjalmar Johansen inn i Solliparken i Kristiania og skaut seg. Skotet var meint for han sjølv, skriv Tor Bomann-Larsen, men «det streifet minst to menn til: Fridtjof Nansen og Roald Amundsen. Det traff nasjonens hjerte.» Og skot­såret er tydelegvis ikkje lækt. Det syner Alexander Wistings bok om Johansen.
Hjalmar Johansen var turnaren frå Skien som følgde Nansen mot Nordpolen og kom heim til eit jublande folk i 1896. Etter det hamna han i Tromsø som offiser, drakk seg mykje full og køyr­de ekteskapet i grøfta. Mannen dukka opp att i ålmenta som ein av Roald Amundsens menn, på veg til Sørpolen i 1910. Men no kom han ikkje heim som helt. For medan dei andre sørpol­karane møtte jubel, kom Hjalmar Johansen heim åleine, audmjuka og utstøytt. Noko hadde skjedd i Antarktis. Og dette noko har norske polarskribentar slåst om i fleire tiår.   

Ein tragedie
8. september 1911 starta Amundsen med sju menn mot Sør­polen. Dei kom til 80 grader sør, og termometret kraup under 50 minusgrader. Utolmodet hadde vorte for stort; redde for at Scott og britane skulle vinne kappløpet, hadde dei starta for tidleg. Dei måtte snu for å berge livet. Returen vart ein kamp mot kulda. Ein av karane, Kristian Prestrud, greidde ikkje å halde tempoet, og medan dei andre fór nordover mot Framheim, tryggleik og varme, venta Hjalmar Johansen på han som hang etter. Fleire timar etter den første sleden kom tilbake til basen, ramla to utslitne karar inn over dørstokken. Neste morgon sprakk det for den røynde polfararen. Han las Roald Amundsen ei lekse. Nøyaktig kva han sa, får me aldri vite, men det var strengt – og kritikken vart oppfatta som så alvorleg av ekspedisjonsleiaren at han sette Hjalmar Johansen av laget som skulle føre det norske flagget til verdas sørlegaste punkt.
Og det er dette som stadig er eit vanskeleg tema i den norske polarhistoria – «en norsk tragedie» for å nytte ei overskrift i ein avisdebatt om Johansen frå 1980-talet. For spørsmålet ser ut til å vere: Var Hjalmar ein helt som berga Prestrud og dermed ekspedisjonen frå ei aktlaus døds­ulukke medan Amundsen, sjefen, styrta heimover? Kapteinen som forlét ei søkkande skute. Eller var heimturen ein kontrollert retur, der Hjalmar Johansen utan grunn ikkje greidde å styre sinnet sitt, opponerte mot ekspedisjonsleiaren og dermed tvinga Amundsen til å setje han ut av laget? Altså: Johansen gjorde mytteri.
Alexander Wisting meiner openbert det siste. Og han har skrive nesten fire hundre sider for å argumentere for saka si.

Allvitande forteljar
Eg tykkjer ikkje eg kjem nær Johansen i Wistings penn. Det er noko uengasjert og uentusiastisk. Forfattaren verkar òg lite interessert i, eller evnar ikkje, å trekkje ut spenningskurver som er openberre i Johansens liv, til dømes Johansens og Nansens kamp for livet etter forsøket på Nordpolen.
Dramaet som ligg i denne historia, blir punktert i Wistings ønske om å forklare og fortelje kva som kjem til å skje, og kvifor det kjem til å skje. I det heile har Wisting ein gamalmodig forteljarstil. Han er den allvitande forteljaren som veit korleis folk tenkte, og kvifor dei handla som dei gjorde. Korleis veit han at Oscar Wisting var «stillfarende og godt likt, uten noe større ambisjon enn å gjøre jobben for Amundsen»? Heller ikkje i omtalen av hovudpersonen blir eg støtt overtydd av Wistings mange udokumenterte karakteristikkar. Til dømes om årsaka til at han ikkje stoppa drikkinga i tide: «Siden han i liten grad var god til å tolke andre mennesker, forsto han ikke signalene.» Eller om Johansens forhold til kvinnfolk: «Han elsket Hilda og var utpreget monogam av natur.»
For ikkje å snakke om denne karakteriseringa av sørpollaget: «[Prestrud] var plaget av følelsen av å ikke strekke til. De andre mennene var seige og utholdende. Wisting, Hassel, Hanssen og Bjaaland var i tillegg mentalt stabile og syntes å ha medfødt tålmodighet. De lot seg ikke stresse under kritiske situasjoner, men gjorde oppgavene de ble tildelt uansett forhold. [...] Roald Amundsen utviste selv generelt et stabilt humør og en forutsigbar oppførsel.»

Forfylla og valdeleg
Boka skal teikne eit nytt bilete av mannen som levde i skuggen av dei største polfararane våre, lovar baksideteksten. Og aldri har me møtt ein meir fordrukken, kone­mishandlande og sosialt fortapt Hjalmar Johansen. Og forfallshistoria gjer inntrykk. Vonene som brast etter heimkomsten frå Polhavet. Og dette er sjølvsagt ein alvorleg og tragisk del av historia om Johansen, men Wisting tilbyr svært få prov når han teiknar ein mann som meir eller mindre hamna i ruin, fysisk og mentalt.
Og det er samstundes dette forfallet som skal bli Wistings viktigaste forklaring på at Johansen er syndaren i oppgjeret med Amundsen.

Polemikk
Eg les Wistings bok som ein polemikk mot Ragnar Kvams framstilling av Hjalmar Johansen (frå 1997) og Bomann-Larsens biografi om Roald Amundsen (frå 1995). Hjå begge desse er Johansen helten som berga Prestrud og dermed Amundsens renommé. Begge serverer sterke forteljingar frå dei kritiske timane i Antarktis. Men det kan samstundes stillast spørsmål – og det blir stadig gjort – om kor kjeldeetterretteleg desse forfattarane er.
Ein kunne difor ha venta at ei ny framstilling av denne saka ville snudd og vendt på alt me veit, analysert og diskutert. Men nei, det kan verke som Wisting meiner han ikkje treng å dokumentere det han hevdar. Han har ikkje ein einaste referanse i heile boka. Rett nok viser han stundom til andre forfattarar i teksten eller forklarar at sitata kjem frå eit brev eller ei dagbok. Men denne lesaren får ei kjensle av at Wisting meiner han har innsikta som skal til for å fortelje oss korleis polfararar for hundre år sidan tenkte, vurderte og skulle oppføre seg. Difor kan han reservasjonslaust kome med utsegner som: «Sett fra Amundsens ståsted hadde den siste etappen vært gjennomført noenlunde etter planen.» Og: «De fem mennene var et riktig valg sett i et historisk perspektiv.»

Sigerens pris?
Når Johansen stuper inn døra i Framheim, etter eit sju og ei halv mils desperat tilbaketog, er det livsførselen og den mentale balansen til polfararen forfattaren stiller spørsmål ved: «Hjalmar var sliten og irritert. Han må ha merket både alder og livet han hadde levd siden han gikk med Nansen.» Årsaka til at Roald Amundsen sende Johansen ut av polarsoga, ligg ifølgje Wisting i historia: «I Hjalmars fortid. I skyggetilværelsen etter berømmelsen med Nansen. Det var seierens pris – og forbannelse.» Dette er ei slutning eg ikkje vart overtydd av – men dette poenget blir så viktig for Wisting å få fram at han misser den han biograferer av syne.
I staden for å skrive om kjensla til Johansen då han sat att i Framheim, såra over det som hadde skjedd, skuffa over kameratane som ikkje stod opp for han. Spørjande om kvifor Amundsen plutseleg kastar om på planane til ei så stor ferd. «Det er mulig, at jeg tar feil», skriv Johansen, med sjølvinnsikt i dagboka, «for jeg er jo selv part i sagen, men det skal i sin tid interessere mig at høre, hva Nansen mener om dette, når jeg forelegger ham de faktiske omstendigheder.» Men Wisting er meir oppteken av sigershistoria. Forteljinga om suksessen som førde Amundsen og hans eigen oldefar – Oscar Wisting, «Amundsens nærmeste mann» – til Sørpolen. Det var desse – «fem mann med riktige egenskaper og en beinhard offervilje som la ut. Robert Falcon Scott var i realiteten sjanseløs før han ga seg i vei mot polen, uansett hvilket imperium han måtte ha i ryggen.»

Ei sviklaus sjel?
Nansen avslutta nekrologen til Johansen med følgjande punch-line: «en sjel hvori det ikke fanntes svik». Nansen, som hadde høyrt Amundsens påstandar om Johansens mytteri, kjende Johansen betre enn dei fleste. Wisting drøftar ikkje kva Nansen kan ha meint med ei slik fråsegn, for han har funne Johansens svik og konkluderer: «Slik Roald Amundsen så det, hadde Johansen gitt ham få andre alternativer enn å knuse hans troverdighet før han nådde hjemlandet.»
Eg skal ikkje gjere meg til domar over kva som skjedde i oppgjeret mellom Johansen og Amundsen, sjølv om eg synest det luktar av måten Amundsen takla konflikten på – særleg av mytteripåstandane i ettertid. Eg lèt meg ikkje overtyde av Wistings enkle analyse om at årsaka til konflikten med Amundsen må søkjast i forfallet til Hjalmar Johansen. Den liknar for mykje på ein forsvarstale for Amundsen.
Eg etterlyser ei friskare tilnærming til det dramatiske kappløpet mot Sørpolen, der me klarar å fri oss frå helte- og antiheltforteljingane, der me kan stille interessante og utfordrande spørsmål som får fram dei samansette relasjonane som må ha vore mellom deltakarane på ein slik ekspedisjon – der me verken er moralsk indignerte eller er farga av ønsket om å teikne eit glansbilete av den stolte norske polarhistoria – og der det ikkje treng å vere slik at det anten er Amundsen eller Johansen som er dritsekk eller helt.

Harald Dag Jølle er historikar ved Norsk Polarinstitutt og fast skribent i Dag og Tid.<\i>



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake