Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Avmakta i lufta
Svein Gjerdåker ,  21.12.12

Veksten i den norske flytrafikken er stor. Og større skal han verta.

Ny rullebane på Gardermoen og utbygging av Bergen lufthamn Flesland vil syta for det – saman med Norwegian – som synest uslåeleg til å få ned kostnadene. No skal dei òg fly oss billeg til USA og Thailand.

Vekas tilbod frå Norwegian er 299 til Malaga, Milano for 349 og Oslo–Bergen til 149. Kven kan stå imot slike tilbod? Ikkje underskrivne, iallfall – når du kan fly til Dublin for eit par hundre kroner. Men ein flytur gjev like mykje CO2-utslepp som eit halvt års bilbruk. Så all syklinga, for at bilen skal kunna stå i ro, vert raskt nulla ut med ein tur til Roma og tilbake.

Den store veksten i flyreisene syner avmakta til forbrukarane. Kvifor skal ikkje eg òg fly når alle andre gjer det? Og fortener eg ikkje eigenleg ei langhelg i Barcelona? Det er difor uansvarleg å satsa på at vi kvar for oss skal bidra til å få ned flytrafikken.

Dette må vera eit felles ansvar – altså er det storting og regjering som må ta ansvar. Men det skjer ikkje. Politikarane synest like avmektige som forbrukarane.

Vi sende denne veka eit e-brev til Miljøverdepertemenet: «Kva gjer regjeringa/miljøvernministeren for å få redusert flytrafikken i og ut av Noreg?» Svaret gav liten grunn til optimisme. Departementet hadde lite konkret å melda.

Eit ærleg svar frå miljøvernministeren ville vore: «Her slit vi verkeleg. Vi byggjer ut flyplassane og legg til rette for fleire fly. Flyreisene vert billegare og billegare. Folk får meir og meir pengar og fritid. Vi har vore for passive, men no skal vi verkeleg ta tak i utfordringa. Veksten kan ikkje halda fram.»

Om ikkje anna ville eit slikt svar gjeve oss von om at regjeringa skjønar problemet. Men enn så lenge skal vi altså dobla talet på flypassasjerar ut frå Bergen og Oslo. Og for at det heile skal sjå fint ut i klimarekneskapen, kjøper regjeringa klimakvoter for oss i utlandet. Pengar har vi nok av.

Dag og Tid ynskjer lesarane god jul og godt nytt år.
Neste avis kjem 4. januar.





Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake