Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


USA og Frankrike: Liberal, nasjonal eller populistisk?

Av Bernt Hagtvet og Per Egil Hegge
,  21.12.12


Moderne konservatisme er i krise. Nokon vil då seia: Det er ikkje noko nytt. Kriser er livsblodet til politikken. Gjennom kriser til avklåring.

Men situasjonen på høgrekanten no i USA etter Mitt Romneys valnederlag og i Frankrike etter tapet til Nikolas Sarkozy innbyd til interessante refleksjonar. Her kan vi sjå ulike konservative tradisjonar og overlevingsevna deira i klårtekst. Samstundes seier striden i desse partia mykje om ulik politisk kultur i desse landa. Openbert ser vi ein ideologi i djup villreie om kva som er måla framover, og kva for veljargruppe dei vil appellere til.

Fredelege maktskifte
Dei indre drapsrituala har enno ikkje byrja hjå republikanarane i USA. I alle fall ikkje i same grad som hjå UMP, partiet som vart danna av Jacques Chirac i 2002 for å byggja bruer mellom dei ulike fraksjonane på høgrekanten. Philippe Bernard i Le Monde (8. desember) samanliknar kampane mellom dei to kandidatane Francois Fillon og Copé med etterfylgjarstridane i nokre afrikanske land. Det er flust med døme på presidentar der som har tapt val, men som ikkje vil gje seg og kjempar med våpen for å halda på taburettane.

Dei gløymer at nett fredelege maktskifte er kjerneverdien i demokratiet. Ein institusjon som gjer demokratiet overlegen alle andre styreformer. Dei som hugsar eldretreffa på balkongen over Lenins lik i Moskva medan kommunismen enno var blant oss, vil skjøna dette.

Kvar gong Kreml vart omdana til ein sjukeheim, kom dei til, kremlonologane, med sine spådomar om kven som stod for tur no. Desse eittpartiregima hadde få eller ingen reglar for maktskifte. I staden kom dei bysantinske korridorane, eit spel Stalin dreiv til perfeksjon. Lina Bresjnev–Andropov–Tsjernenko seier alt om fornyingsevna til dette systemet – til Mikhail Gorbatsjov stod fram.

Og det skal seiast: Ingen hadde trudd at systemet kunne reformerast innanfrå. Det kunne det.

MANGEL PÅ FORNYING
Konservative i USA og i Frankrike ser ut til å lida av same problem: mangel på fornying. Konkret tyder det til dømes at ingen av desse partia heilt har teke innover seg at landa deira er endra – for alltid.

Korkje i USA eller i Frankrike har dei to konservative partia eit avklåra tilhøve til innvandrarane. Vi veit no at Romney med sine utsegner om «self-deportation» tapte katastrofalt blant latinos. Avkledd alle frasar sa Romney at han skulle gjera livet så forferdeleg at latinamerikanarane drog heim sjølve. Obama vil no prøva å få til ei ordning med ein lovleg veg til statsborgarskap for born fødde i USA av illegale immigrantar. Skjer det, vil den latinamerikanske minoriteten, som stadig vert større, for alltid knytast til det demokratiske partiet, slik arbeidarklassa vart knytt til Franklin D. Roosevelt etter New Deal. I botnen her ligg eit uavklåra syn på den rolla staten skal ha.

REDNINGSPLANKEN
Dette er særs tydeleg i Frankrike. Finanskrisa i 2008 gjorde at Nikolas Sarkozy dempa den neo-liberale retorikken. Den var ikkje så stas medan alle kunne sjå at systemet hadde store sprekkar. I staden hengde Sarkozy seg på populismetoget – i ein freistnad på å tøma det politiske rommet til høgre for seg kring Front Natio­nal. Utvisinga av romfolket og den tunge fordøminga av opptøyane i «les banlieus» (forstadene) utanfor Paris er døme på dette lineskiftet.

Det spørsmålet som gjeld no, er kven som skal profittera på «taparane» i moderniseringsprosessen, det gamle partiet til Jacques Chirac, UMP, eller Front National. Her er den mindre vulgære dottera til Jean-Marie Le Pen, Marine, langt farlegare for UMP enn faren. At Sarkozy tok opp den gamle fana om fransk identitet, anti-rom og anti-islam, var nok ein freistnad på å sila bort veljarar frå Le Pen. Copé står i denne tradisjonen.

KVA ROLLE SKAL STATEN HA?
I USA ser vi eit atterskin av denne debatten. GOP – det republikanske partiet – er no partiet til den kvite, ikkje-college-utdana mannen. Skal partiet appellera til minoritetar, må det endra syn på innvandring og på livsstilsverdiar som kvinner er opptekne av, til dømes abort og toleranse andsynes homofile.

Og GOP lukkast aldri i å framstilla seg sjølv som truverdige forsvarar av dei små i samfunnet: dei truga småeigarane, arbeidarklassa i ein dårleg økonomi, dei som ser seg truga av Kina og innvandrarar som tek jobbane, og er pessimistiske med tanke på framtida.

Her kjem synet på staten inn. Dei vann som var viljuge til å bruka statsmakta. Obama for å berga General Motors M og gje folk sømeleg helsetilbod, Hollande i Frankrike for å hindra at Peugeot sa opp åtte tusen arbeidarar. Obama vann med ein koalisjon av unge, minoritetar og kvinner. I Frankrike veit vi no at mobiliseringa av veljarar mellom 18 og 24 år og muslimar – i desse gruppene røysta 57 og 86 prosent for Hollande – var viktige for å sikra valsigeren hans i andre omgangen.

DEI UNGE VINNARANE?
Visepresidentkandidaten til Mitt Romney, Paul Ryan, har gjeve innspel til ei redefinering av GOP. I ein meir og meir kunnskaps­driven økonomi må dei satsa på nyvinning og ekspansjon, på vinnarane i den nye, internasjonale økonomien, ikkje taparane. Dei unge framstormande, velutdana sjikta.

Vi ser ekko av denne debatten i England. Finansminister Osborne og statsminister Cameron tala båe om skiljet mellom «strivers» og «slackers», mellom dei som lever av staten, og dei som skaper velstand, dei produktive. Det er som å høyra Mitt Romney med hans «47 prosent»-sitat om dei som syg seg til velferdsapparatet og aldri vil røysta på han.

KVA SLAGS KOALISJON TIL HØGRE?
Både det amerikanske og det franske konservative partiet er koalisjonar. Det franske har ei nasjonalkonservativ gaullistisk fløy, sentristar og liberale, og ei hard høgrefløy med populistiske innslag nær Le Pen. Det amerikanske har nesten inga liberal fløy att, etter at Nixon/Rockefeller-tradisjonen forsvann under Reagan.

No gjeld det å sjå kva for fløyer som vinn fram. I USA er det særleg personar som guvernør Bobby Jindal som målber eit omskifte i liberal retning (men det ordet kan ikkje brukast i USA). Begge parti har innvandrarkritiske tendensar, mot muslimar i Frankrike, mot latinos i USA.

I Le Figaro nyleg skreiv Fillon-medarbeidaren Francois Baroin at UMP i Frankrike for all del må unngå å innsnevra veljarkorpset sitt, slik GOP hadde gjort det i USA. Det er eit signal om eit opnare, liberalt UMP.

I desse dagar kjem den engelske utgåva av Jacques Chiracs sjølvbiografi. Den som vil vita meir om konservative brodermord, kan lesa han (My Life in Politics). Kampane innanfor den konservative falanksen, mellom han og Valéry Giscard d’Estaing og Eduard Balladur, er fantastisk lesing – om svik og forræderi, personleg vonbrot og offentleg kamp.

Chirac starta UMP nett fordi han ville blåsa av striden mellom det gaullistiske RPR og Giscards UDF. Det vi ser i dag, er at desse kampane ikkje vart gravlagde. Det vert rapportert frå den franske landsbygda der Chirac, nett 80, no bur, at han er null interessert i fektingane i det gamle partiet sitt.

Chirac ville ikkje ha nokon flørt med Le Pen. Det gjorde at han aldri lika Sarkozy. Politikken har mange dimensjonar.

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake