Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Nedtur for kunnskapsløftet

Av Karin Sveen
,  21.12.12


Kunnskapsløftet stod som eit storstilt opplysingsprosjekt då det starta i 2006. Målet var å heva det generelle kunnskapsnivået hjå alle elevar, men slik gjekk det ikkje, syner to nye rapportar, ein frå OECD, ein annan frå NOVA.

Fleire elevar enn før får karakteren seks, men store grupper held fram med å falla utanfor, ja, skilnaden aukar. Nedst ligg to tusen ungdomar som avsluttar grunnskulen utan karakterar i minst halvparten av faga. Få elevar av eit årskull på 60.000, men ille for dei få. Dei flinkaste er òg få, og det er desse som har hatt framgang under Kunnskapsløftet.

Skulen har sett tendensen og prøvd å redusera skilnadene ved å nytta spesialundervisning, men utan det store hellet, og eg kan ikkje anna enn stussa. Har Kunnskapsløftet for dei mange basert oppdraget sitt på ein spesialpedagogisk innsatsstyrke?

Ikkje spesialpedagogikk
Spesialpedagogar er utdanna til å assistera særskilde elevar, som evneretarderte, funksjonshemma, dyslektikarar og dei som har åtferdsproblem. Eg lastar ikkje Kunnskapsløftet for at ein tyr til dei mannskapa ein har, men førde det til at dei spesialpedagogiske målgruppene vart mangedobla? Neppe. I staden har ein gjort lågt kunnskapsnivå til eit spesialpedagogisk spørsmål, noko det ikkje er.

Skal ein heva kunnskapsnivået hjå elevane, lyt ein fyrst heva det skyhøgt hjå lærarane. Det vert inga endring før opptakskrava til lærarstudiet vert tronge som nålaugo. Då held det ikkje å seia at ein lyt senka krava på grunn av auka lærarmangel. For ein kan ikkje venta at studentar med dårlege karakterar frå vidaregåande skal gje noko kunnskapsløft hjå framtidige elevar. No heiter det at lærarutdanninga skal gje mastergrad, men kor gode gradar får dårlege studentar, og kor høg allmennkunnskap?

Systemsvikt
Kunnskapsmangel har vore regel og ikkje unnatak i skulen. Difor er dette ein systemsvikt, og slikt rettar ein ikkje på ved masse­utdanning av masterar eller spesialpedagogisk massediagnostisering av elevar. Har ein ikkje kunnskapar, har ein ikkje fått dei, korkje i klasserommet eller andre stader. Annleis då for dei betrestilte elevane. Sviktar skulen, finst kunnskap heime, bøker, bilete, ro, reiser, sjølvtillit og status, og slik vert desse elevane flinke. Andre har ofte berre skulen, og det sosiale gapet veks som skuggen kasta frå kategoriane: han frå den ressursrike heimen, ho frå den ressursfattige. Farlege ord, farleg røyndom.

Kunnskapsløftet skulle vera eit kollektiv prosjekt; alle skulle opp frå dei sosiale grøftene. I staden veks skilnaden, seier rapportane, meir enn i noko anna nordiske land. Systemsvikt? Emne for ei større spalte enn denne. Men kan henda speglar det nedslåande resultatet eit samfunn som ser opp til særskild kunnskap og ned på den allmenne. Særskild kunnskap er den nyttige karrierekunnskapen, medan den allmenne er den unyttige, sjølv om han skulle gjera oss til opplyste borgarar. Ironisk, utopisk? Vi lever då ikkje i opplysingstida! Nei, vi gjer ikkje det.   

Kunnskapsløftet kan sjølv likna ein utopi, for når ein lèt dei sosiale skilnadene veksa elles i samfunnet, er det rørande å tru at ein arm lærar kan stogga dei. Difor lyt prosjektet attende til oppdraget sitt og drøfta kva det skal tena til, opplyste elevar i alle klassar eller karrierebudde i den eine. Falsk motsetnad? Eit ope spørsmål. Gagns menneske, sa vi før, og det heldt. No teier vi om slikt, for det held ikkje lenger.

Karin Sveen er forfattar og fast kommentator i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake