Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Skyhøge utslepp

Av Heidi Hattestein
,  21.12.12


Auken i den norske flytrafikken kjem til å nulle ut andre klimatiltak.

Det er den enkle måten å seie det på. Den harde sanninga er at vi ikkje er samde om kor store flyutsleppa frå reisene til nordmenn er. Tala varierer frå drygt to prosent av Noregs totale klimagassutslepp (Kyoto-protokollen) til ti prosent (NTNU).

Auken i flyreiser til utlandet er nesten dobbelt så stor som auken innanlands, men berre innanlandsflygingane er med i Kyoto-protokollen. Det gjeld forresten også for båt i internasjonalt farvatn.

Dei utsleppa som er omfatta av måla i Kyoto-protokollen, gjeld berre innanrikstrafikken. Men det tyder ikkje at utsleppa frå utanrikstrafikken ikkje skjer.

Kven skal ein tru på?
Nokre hevdar med stor kraft at meir effektive motorar og meir effektivt drivstoff vil redusere utsleppa monaleg, andre hevdar med like stor kraft at framtida ser mørk ut, også dersom ein tek høgd for denne typen effektivisering.

Så kven skal ein tru på?

– Det kan vere vanskeleg å orientere seg i all informasjonen, seier Anders Arvesen, doktorgradsstipendiat ved Program for industriell økologi, NTNU. Saman med Edgar Hertwich publiserte han i 2007 ein rapport om utsleppa frå flytrafikken.

– Det er viktig å ha i mente at mange av dei som uttalar seg i klimaspørsmål, gjerne har ei særinteresse eller ein skjult agenda. Dei vel å trekkje fram enkelte ting og lèt vere å nemne andre, seier Arvesen.

– Er heile Kyoto-protokollen ein stor bløff?
– Det vil eg ikkje seie. Men det er ein viktig mangel at utsleppa frå internasjonal flytrafikk ikkje er inkluderte i protokollen. Dette er spesielt urovekkjande i Noregs tilfelle, all den stund vi har ein veldig vekst i flytrafikken, ikkje minst til utlandet. Nordmenn har råd til å reise meir og lenger med fly. Vi tok med fly frå Noreg til utlandet i rapporten.

– Og kva er konklusjonen?
– Flyutsleppa utgjer ti prosent av Noregs totale klimagassutslepp (målt i CO2-ekvivalentar) i 2005. Det er meir enn ei dobling frå 1992. Ein liknande vekst fram mot 2020 er ikkje usannsynleg, og det vil ete opp ein stor del av utsleppsreduksjonen som regjeringa legg opp til, seier Arvesen.

Reell klimaeffekt
Litt meir talakrobatikk:
Den reelle klimaeffekten av flyutslepp bidreg meir til menneskeskapt global oppvarming enn utsleppa åleine tilseier. Grunnen er at det må påreknast tilleggseffektar frå andre utsleppskomponentar enn CO2, og fordi utsleppa skjer i høgre luftlag.

For å fange opp dette har Arvesen/Hertwich multiplisert CO2-talet med 1,8. Også Cicero – Senter for klimaforsking opererer med dette talet. Til samanlikning er multiplikasjonsfaktoren for vegtrafikken 1,2.

– Dette har vi gjort for å få med nettoverknaden av andre typar utslepp enn CO2. Ordet «klimagassar» forstår eg som gassar som bidreg til drivhuseffekt. Men klimaverknaden av flyutslepp handlar også om skydanning og utslepp av gassar som ikkje er klimagassar, til dømes NOx, seier Arvesen, men presiserer samstundes at multipliseringa er ei grov forenkling.

Investerer i flytrafikken
Ifølgje FNs klimapanel bør verda kutte utsleppa med opp mot 50–85 prosent innan 2050 for å nå det såkalla togradarsmålet. Sagt på ein annan måte: Viss vi legg tala frå NTNU-rapporten til grunn, og viss vi ønskjer å nå målet til FNs klimapanel, vil vi i 2050 ikkje kunne gjere noko anna enn å fly. Det gitt at utsleppa stabiliserer seg på dagens nivå, noko som på toppen av det heile ikkje er sannsynleg.

Derimot investerer vi i ein enorm vekst i flysektoren. Politikarane har banka gjennom ei utviding ved fleire av flyplassane i landet, mellom anna på Flesland og på Gardermoen. Ifølgje Avinors eigne tal er målet å doble mengda flypassasjerar på sikt.

Arvesen er ikkje i tvil:

– Det blir gjort investeringar som legg opp til ein framtidig livsstil som ikkje kan sameinast med ei berekraftig utvikling.

På ulike planetar
Utvidinga av Flesland vil ifølgje Naturvernforbundet nulle ut alle andre tiltak som skal redusere klimagassutsleppa i Bergen kommune. Vi tek ein prat med Gabriel Fliflet, som i tillegg til å vere musikar også engasjerer seg for klimaet. Han var nestleiar i Naturvernforbundet Hordaland fram til i vår, no er han styremedlem.

– Med utgangspunkt i Avinors eigne tal legg vi til grunn at det nye terminalbygget på Flesland når toppkapasitet på ti millionar passasjerar i 2023. Vi har rekna ut at veksten i flyutsleppa til og frå Bergen lufthavn frå 2011 til 2023 vil utgjere 0,3 millionar tonn CO2. Det svarar til alle dei planlagde kutta i energi- og klimahandlingsplanen til kommunen i same tidsrom. Med andre ord: Alt som vi med mykje strev har oppnådd og skal oppnå med kutt frå tungtransport, privat­bilar, oljefyrar, båtar med meir, blir altså viska ut. Eg vil streke under at vi i utrekninga har teke høgd for meir effektive flymotorar, smartare flymåtar og også positive effektar av biodrivstoff, slik luftfartsbransjen ser dei for seg. Utsleppa aukar likevel dramatisk, fordi fleire flyg, og reisene blir lengre, seier Fliflet.

Pressesjef i Avinor, Sindre Ånonsen, ser annleis på saka.

– Per i dag ligg utsleppa frå innanriks luftfart på 2,1 prosent av Noregs samla utslepp. Det er også talet som blir brukt i Nasjonal transportplan. Ved hjelp av monaleg meir drivstoffeffektive motorar og drivstoffsparande landingar jobbar vi med å få ned utsleppa. Når det gjeld innanriksflygingar, reknar vi med at utsleppa vil vere lågare i 2025 enn i 2007, men dei vil nok halde fram med å auke på utanriksflygingar fram mot 2025, seier Ånonsen.

Vanskelege å få i tale
Noko er grunnleggjande gale, meiner Fliflet.

– Politikarane vedtek nye prosjekt utan å vite om, eller ta omsyn til, klimaeffektane. Utbygginga på Flesland er eit grelt eksempel. I reguleringsplanen står det éi setning om klimagassutslepp: «Det er også en forutsetning at veksten kan håndteres uten at utslippene av klimagasser øker», siterer Fliflet.

– Avinor unnlét å rekne på utsleppstala, og styresmaktene lèt dei sleppe unna med det. Vi i Naturvernforbundet gjorde jobben for dei. Det er verdt å leggje merke til at ingen motseier utrekninga vår. Politikarane berre teier ho i hel, seier Fliflet og held fram:

– Det er knapt til å tru at denne informasjonen avheng av at friviljuge tilfeldigvis har tid og klarer å presse seg til å gjere arbeidet på fritida. At utsleppa ved ei utbygging av Bergen lufthavn i det heile teke har blitt ei mediesak, er fordi eg klarte å presse meg sjølv til å bruke ei frihelg ved «kuleramma», seier Fliflet.

Han skuldar politikarane for ikkje å tore å ta i temaet.

– Eg har snakka med mange politikarar om dette. Eg opplever stadig at dei smiler litt stivt og går sin veg. Ingenting skjer.

Kan rekneskapen gå opp?
Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell fann ikkje høve til å snakke med Dag og Tid. I staden fekk vi den politiske rådgjevaren hans, Audun Garberg, på tråden. Vi spør kva miljøvernministeren vil gjere med veksten i flyutsleppa.

– Det finst to verkemiddel. Det eine er CO2-avgift på innan­landsflygingar. Det andre er å inkludere all utanriks luftfart til og frå norske luftplassar i EUs kvotesystem. Grunna sterk motstand frå USA og Kina er innføringa utsett i eitt år på flygingar inn og ut av EU, men internt i EU gjeld kvotesystemet. Det går kort sagt ut på at viss veksten i flytrafikken held fram, så må selskapa anten klare å redusere utsleppa per flogne kilometer, eller så må dei bidra til å finansiere utsleppskutt i andre sektorar, til dømes i industrien, seier Garberg.

Endå kortare sagt: betale oss ut av knipa.

– I dei to største byane i landet blir det lagt opp til ei dobling av talet på flypassasjerar. Samstundes seier statsminister Jens Stoltenberg at vi skal overoppfylle Kyoto-avtalen. Korleis kan denne rekneskapen gå opp?
– Når det gjeld overoppfyllinga, er det snakk om å finansiere klimatiltak i andre land gjennom kvotar, seier Garberg og held fram:

– Gjennom avgifter og kvotar gjer vi det lønsamt for selskapa å sjå på effektiviseringstiltak og ikkje minst alternative drivstoff. I tillegg er målet vårt å redusere utsleppa gjennom å byggje ut alternativ til fly. Men eg legg ikkje skjul på at vi ikkje er komne så langt som vi vil.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake