Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Teiknar Egner i tida

Av Arild Pedersen
,  14.12.12


I høve hundreårsjubileet skriv Anders Heger godt om Thorbjørn Egner i samspel med samtida, men kanskje er det òg noko tidlaust i denne forfattarskapen.

BIOGRAFI
Anders Heger:
Egner. En norsk dannelseshistorie
Cappelen Damm 2011

Den 12. desember var det hundre år sidan Thorbjørn Egner vart fødd, og for høvet har det gamle hovudforlaget hans fått ein av sine eigne, Anders Heger, til å skrive ein biografi om dette ikonet. Det er ikkje rart at boka uttrykkjer størst medkjensle med direktørforgjengaren til Heger, Henrik Groth, som må ha ført ein desperat kamp mot ei av dei få mørke sidene hos Egner: den manglande respekten for fristar. Heger sjølv har gjort det kvar forleggjar ville elska: å få boka ferdig i tide.

Dessutan har Heger gjort eit klokt grep: I staden for å skriva ein rein kunstnarbiografi slik Egner-familien ønskte, har Heger valt å skriva «om samspillet mellom hans verk og det samspillet han virket i». Dette inneber ikkje at vi vert avskorne frå biografiske opplysningar. Boka er ordna tradisjonelt kronologisk i tre delar med basis i dei tre bustadene til Egner frå aust til vest i Oslo: Kampen, Marienlyst og Ekely, og vi får høyra meir enn nok om oppvekst, familie, reiser og liknande.

Interessant for andre?
Spørsmålet er om det kunne vore meir enn dette å fortelja av personlege ting som ville ha vore interessant for andre enn Egner-familen. Andre barnebokforfattarar kan ha vorte avslørde å ikkje vera så snille som bøkene sine, men når det gjeld Egner, er det all mogeleg grunn til å tru at han verkeleg var ein tvers igjennom vennleg mann. Sjølv om det var ståltenner i smilen hans, som Gromyko sa om Gorbatsjov.

For mykje av livet hans var som om det skulle ha gått føre seg i hans eigen Kardemomme by. Han trefte kona si, Annie, då dei var sytten–atten, og ho viste seg å vera nett som fru Bastian, ei venleg husmor. Saman fekk dei fire born som kom til, må vi tru, utan sex, men berre gjennom venleg framferd, for dinest å vera nett som dei venlege borna i denne byen. Egner var glad i kona si heile livet og trufast mot henne, må vi òg tru, endå han ofte var saman med bohemar med ein heilt annan moral.

Røyndom eller myte først?
Og alt dette er fullt mogeleg; det finst slike menneske og familiar. Dei er berre ikkje stoff for spanande litteratur og biografiar, slik at vi ikkje høyrer så mykje om dei elles. Men for barne­bøker? Éin av tesane til Heger er at Egner etter kvart bygde opp ein myte om seg sjølv som han så opptredde innanfor. Men ein kan undra seg over kva som kom først: røyndom, myte eller Egner?

Sjølve hovudtesen i boka er at forfattaren og teiknaren som for alvor stig fram i 1940, gjennom krigen utviklar ein stil og implisitt ideologi som føregrip den sosialdemokratiske eksplisitte ideologien om fellesskap og samarbeid i etterkrigstida, for så heilt å smelta saman med han utetter i 50-åra. Dette er ein periode der Egner har dei største ambisjonar om å forma heile nasjonen gjennom eitt samlande leseverk for skulen i seksten band. Men etter 68-hendingane samspelar han ikkje like godt med den politiserte samtida, i takt med og kan henda forårsakande ein kreativ tørke som varer til han døyr, og der han berre er oppteken med å ta vare på og pussa på livsverket sitt.

Gode analysar av hovudverka
Denne hovudtesen argumenterer Heger for både gjennom forteljinga si og gjennom mange gode analysar av særleg hovudverka om Hakkebakkeskogen og Kardemomme by. Vi lærer at dei handlar om korleis dei som står utanfor fellesskapen, kan integrerast inn i han: reven gjennom å fornekta naturen sin og verta vegetarianar, slik Gerhardsen ønskte at kapitalistane skulle ta jobb i statsselskap, og røvarane ved å frigjera den alt gode naturen sin gjennom venleg framferd, slik KROM ville ha kriminalpolitikken.

Allsidig forfattar
Men undervegs stig òg Egner sjølv fram som alt det han uavhengig av samspel med tida si var. Han var ein fødd teiknar som overalt nytta teikneblokka si slik vi i dag brukar digital­kameraa våre. Han var ein litterær forteljar og visediktar, og sanneleg var han musikalsk nok til å laga flotte melodiar til visene. Alt dette fanst det jo andre som var like flinke til. Astrid Lindgren var ein betre forfattar. Yukon Gjelseth var ein betre visesongar. Christian Hartmann var ein betre komponist, og det fanst vel andre teiknarar som var minst like gode. Men det spesielle med Egner må ha vore at han lét alle desse tre gåvene veksa fram saman gjennom ei barnleg teatralsk førestellingsevne: Teikningane laga forteljingar som leidde til musikk, eller omvendt, alt samla i teatret. Og viktigast og mest spesielt: frå eit barnleg perspektiv, noko Egner ser ut til å ha hatt spesiell tilgang til. Slik var Egner ein slags Gesamtkunstnar, ein norsk Wagner for born.

Ingen Lie i byen
Jau, så vart han kritisert for å vera for idylliserande. Det var røvarar i Kardemomme by, men ingen kapitalistar og ingen Haakon Lie. Men her kunne ein like gjerne kritisera Heger: Kan henda skulle Egner ikkje berre sjåast i samspel med si tid. Kan henda vert det for eindimensjonalt. Kan henda er det nokre tidlause behov hos born Egner talar til: eit barndomsrike der tryggleik lèt seg gjenopprettast på enklaste vis, ei verd som 68-arane lét invadere med politikk. Kardemommelova høyrer heime i dette tidlege barndomsriket, utan at det er fare for at nokon seinare skulle tru at ho kan setjast i staden for den norske grunnlova.

Egner vert òg mykje kritisert for at han, ein slik snill Bastian, kunne vera så hard og tyrannisk når det galdt å marknadsføra og ta vare på verket sitt. Men han var òg eit moderne, vakse menneske, med oppvekst i ein kjøpmanns­familie og bakgrunn i reklamebransjen. Det skulle berre mangla at han var ein harding som til og med bruka hersketeknikkar for å få ut varene sine. Skulle ein tru at han var lytefri, slik som Wagner heller ikkje var?

Profesjonelt arbeid
Men på sine premissar har Heger likevel gjort profesjonelt arbeid. Han skriv godt og har oversyn over det meste. Til slutt er det likevel «dei barnlege» som har det siste ordet: Vil born òg i framtida gleda seg over at reven må eta dobbeltpepra peparkaker? Eg trur det. Sjølv om Stein Winge ein gong skulle få heilt frie hender.

Arild Pedersen er professor i filosofi ved Universitetet i Oslo og fast bokmeldar for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake