Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Gudbrand i Lia og Oljefondet

Av Trygve Refsdal
,  14.12.12


Hald dykk fast. Her kjem nokre store tal. Lat oss rekna i dollar, så vert det vel enklare?

Frå 1996 og fram til i dag er overskotet (netto kontantstraum) frå petroleumsverksemda til staten tilført Statens pensjonsfond utland, også kalla Oljefondet. Der er no 656 milliardar dollar, medrekna renter og utbyte.

I desse åra er det teke opp olje, gass og kondensat, i sum 3,86 milliardar tonn oljeekvivalentar. Dette svarar til vel 24 milliardar fat olje.

Kva om me no kjøper olje for kapitalen i Oljefondet? Då kan me, med dagens pris, i alt kjøpa knapt 6 milliardar fat olje. Ein fjerdedel av det me har pumpa opp!

Tre fjerdedelar av olja er «brukt opp». Dei har gått med til utvinning, sal, administrasjon og uttak frå fondet, og mykje anna. Ein del av svikten botnar i låge oljeprisar på slutten av 1990-åra.

Reknestykket er forenkla. Eg skil, til dømes, ikkje mellom olje og gass. Men reknestykket indikerer vel at resultata ikkje er så strålande som det vert oss fortalt?

Kanskje er det dårleg? Somme vil kanskje samanlikna det med forteljinga om Gudbrand i Lia, då han var i byen og dreiv med kjøp og sal. Heldigvis hadde han ei snill kone, som ikkje stilte kritiske spørsmål. Det gjer vel heller ikkje det norske folket, no når det går så godt? Sjå berre på NRK kvar helg: Me er vinnarar på nær sagt alle felt.

Evigvarande … i teorien
Fondet skal sikra framtida for landet, bygt på ein handlings­regel om ei øvre grense for årlege uttak på fire prosent. Med dette vil fondet, i teorien, vera evigvarande. Eit døme: Nobelstiftelsen i Sverige har teke ut fire prosent i året, og det har gått bra, heilt til det siste. Også her sviktar Oljefondet. Årleg realavkasting for fondet fram til no ligg på 2,8 prosent. Det er nær ein tredjedel under dei fire prosentane me har rekna med.

Jens Stoltenberg slo an tonen, det viser eit sitat frå Dagens Næringsliv 28. mai 1994. Der seier han: «Jo større frykt du har for risiko, jo raskere pumper du opp oljen. Har du pumpet opp oljen, kan du plassere pengene i mindre risikofylte plasseringer enn olje.»

Ja, det er nettopp det me har gjort: Me har pumpa opp olja og plassert pengane i Oljefondet. Var det så lurt og så risikofritt?

Eksperimentfondet
Ein heil nasjon, Noreg, vil byggja framtida si på eit fond. Det er vel eit stort eksperiment?

Media fortel oss at pengar skaper utvikling. Eg er skeptisk. Eg har sett kva som skjer der peng­­ar kjem utanfrå og ovanfrå, som bistand i somme utviklingsland: Ideane ynglar. Det vert bygt institusjonar og byråkrati utan berekraft, svakt tilpassa lokal økonomi. Nye system og administrative strukturar, lag på lag. Mykje pengar smuldrar opp i endelause møte, konferansar og seminar. Ved eit bra prosjekt, MNRSA, gjekk 50–70 prosent til seminar og møte.

Også i Noreg, i medvinden som Oljefondet gjev, er det fri flyt av idear om korleis me kan byggja samfunnet frå toppen, ut frå ideelle mål og teoriar. Pressgrupper fremjar sine krav, ofte bygde på rettstenking, og media fyrer oppunder. Mange land i Europa må byggja ned byråkratia sine, me byggjer opp våre: Direktorat og tilsyn, ombod, verk og vesen.

Meir pengar, meir krav
Kanskje me òg bør venda blikket mot Saudi-Arabia og Emirata. Kva skjer der med pengar som kjem lett?

Krava aukar. Saudi-Arabia brukar stadig meir av den olja dei produserer, ho er alt komen opp i 25 prosent. Qatar har dei største utsleppa per capita.

I 1997 kunne Saudi-Arabia med si oljemakt pressa ned oljeprisen til 10 dollar per fat. I dag har dei ikkje råd til det. The Economist fortel at dei no treng ein oljepris på 100 dollar per fat for å halda oppe økonomien sin! Også Noreg synest å verta stadig meir avhengig av inntektene frå olje og gass. Meir di meir me pumpar opp? Den febrilske aktiviteten i Nordområda tyder på det. Og OED forankrar det i ideologi. Eg synest det er eit dårleg teikn når ein statssekretær i OED nyleg skreiv: «For å løfte millioner av mennesker ut av fattigdom er vi nødt til å produsere mer energi.»

Det er noko pompøst over det heile, ikkje berre i Dubai og Qatar, men også i Noreg. Sjå berre på Fredsprisutdelinga, med Jagland i spissen! Eller sportssendingane i NRK.

Kanskje me lever i ei boble?

Trygve Refsdal er forstkandidat og fast skribent i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake