Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Kva kan vi læra av Afghanistan-krigen?

Av Svein Gjerdåker
,  14.12.12


Kampen om ettermælet til den norske Afghanistan-krigen er alt i gang. Og forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen vil sjølvsagt seia sitt. Denne veka har ho sendt ut eit lesarbrev til norske aviser om Noregs innsats i Afghanistan (sjå side 30 i denne avisa).

Det er grunn til «forsiktig optimisme», meiner ho. Men «det er ein lang veg å gå», og alle borna som går på skule, «gir håp om framtida». Og «store deler av sikkerhetsstyrkene er nå godt trent og godt utstyrt».

Så kjem litt om korrupsjonen i landet som gjev «grunn til bekymring», men elles er det lite med sjølvkritikk og vilje til å tala ope og ærleg om alle problema som Afghanistan er i og som krigen har skapt.

For krigen har vore mislukka og kostbar – både i menneskeliv og i pengar. Det er så å seia alle forskarar samde om. Ja, det vart rett å bomba Tora Bora og uskadeleggjera Al-Qaida etter beste evne i 2001. Men å gå inn i landet med bakkestyrkar og delta i ein langvarig krig har vore uansvarleg.

Prisen Afghanistan må betala etter elleve år med krig, er langt større enn det forsvarsminister Strøm-Erichsen vil vedgå. Det er ikkje fred i landet, og korrupsjonen gjev ikkje berre «grunn til bekymring» – han er botnlaus og totalt øydeleggjande.

Al-Qaida har for lenge sidan flytta seg til andre stader, til dømes Mali i Afrika. Kvifor skal vi då framleis støtta krigen i Afghanistan og kampen mot Taliban, denne obskure religiøse stamma i det sørlege Afghanistan, fjernt frå alle norske strategiske interesser? Ja, Taliban er totalitære og må ikkje få makta, men er den norske regjeringa og forsvarsministeren i stand til å vita korleis det kan gjerast på rett måte, og har dei føresetnader for å skjøna kva konsekvensar denne årelange krigen får for landet og stabiliteten i regionen?

Etter Noregs lengste krig nokosinne bør Stortinget no ta initiativ til ein uavhengig gjennomgang av heile det norske engasjementet i Afghanistan. Lærdomane må vi ta med oss vidare og unngå liknande eventyr i framtida.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake