Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Venstres lure høgrevri

Av Per Anders Todal
,  14.12.12


Det kan vere smart av Trine Skei Grande å vere krass mot LO, meiner valforskar Bernt Aardal. Venstre har uansett lite å hente blant dei fagorganiserte.

Sist helg sa Venstre-leiar Trine Skei Grande at ho «vart kvalm» av kritikken partiet fekk frå LO. Ho beklaga delvis ordvalet etterpå. Men at Venstre har eit vanskeleg forhold til fagrørsla, er ikkje nytt.

– Brodden mot LO var vel noko som kom i Lars Sponheims tid som Venstre-leiar, Bernt Aardal?
– Det kan vere noko i det. Da Venstre var ute av Stortinget etter vala i 1985 og 1989, hadde partiet ein smal profil med liten tillit på andre felt enn miljø. Da Lars Sponheim vart leiar, utnytta han det politiske rommet til høgre for sentrum. Han såg nok at det var meir plass for Venstre i ein moderat høgreposisjon, og lukkast med å hente veljarar frå Høgre, seier Aardal.

– Dessutan har Venstre alltid vore skeptisk til koplinga mellom Ap og fagrørsla. Og partiet har svært låg oppslutnad blant dei fagorganiserte. I 1993 var det berre 1,4 prosent av LO-medlemene som røysta på Venstre. Partiet har ikkje noko særleg å hente der, så det er ei risikofri øving å kritisere LO.

– Det siste utspelet til Grande seier noko om kven Venstre ønskjer å appellere til?
– Det er klart. Venstre profilerer seg no på spørsmål som engasjerer småbedrifter og arbeidsgjevarsida. Før hadde partiet ein posisjon der dei kunne gå både mot høgre og venstre, men partiet har no klart valt side. Odd Einar Dørums frieri til Gro Harlem Brundtland var mislukka. Den viktigaste grunnen til at Venstre gjorde det så godt i valet i 2005, var at dei vann veljarar frå Høgre. Men desse forsvann attende i 2009. Om Venstre vil vinne desse att, er det ikkje så dumt med skarpe utspel mot LO.

– Venstre og LO er sakleg usamde på ei rekkje felt: mellombels tilsetjing, arbeidstidsreglar, permitteringsreglar og skattefrådrag for fagforeiningskontingenten.
– Ja, det er ei ganske tydeleg politisk plattform for Venstre der. Og vi ser det enda klarare i Unge Venstre, som har eit sterkare liberalistisk drag enn før.

– Venstre vil appellere til dei som driv småbedrifter. Da er det rimeleg å tale for liberalisering og forenkling av lover og reglar.
– Heilt klart. Utfordringa for Venstre i dette landskapet er å overtyde veljarane om at dei skal røyste Venstre i staden for Høgre. Det er ikkje så lett no når Høgre er så store og har rekordhøg lojalitet blant dei tidlegare veljarane sine.

– Ein kan tenkje seg at Venstre vil nå delar av den unge, urbane middelklassen: folk som er lite opptekne av tariff og fast arbeid og synest fagrørsla er gammaldags.
– Det liknar på det Richard Florida har kalla «den kreative klassen». SV, Venstre og Høgre prøver alle å appellere til urbane velutdanna veljarar. Men det verkar ikkje som om Venstre har særleg tak på desse veljarane. Også her verkar Venstre vere avhengige av at det går dårleg med andre parti for at dei skal få framgang sjølv.

– Venstre-agget mot fagrørsla er av nyare dato. Historisk har Venstre vore det mest arbeidarvenlege av dei borgarlege partia?
– Ja, mykje av sosiallovgjevinga før Ap fekk regjeringsmakt, var det Venstre som stod for. Venstre var da det radikale alternativet for norske veljarar, men dei fekk problem da Ap byrja å røre seg for alvor.

– Det er slåande at Venstre i dag har ein langt meir aggressiv tone mot fagrørsla enn kva Høgre har?
– I ein situasjon der Venstre er eit litt vanskeleg parti å plassere, kan det vere ein smart strategi. Ein skarpare profil støyter bort nokre veljarar, men det gjer deg synleg for andre veljarar i omlandet. Og så moderat som Høgre er no, kan det gjere det lettare for Venstre å markere seg på denne måten.

– Store parti som Høgre og til dels òg Frp har ikkje råd til å leggje seg for mykje ut med fagrørsla, medan Venstre kan spisse bodskapen sin mot mindre målgrupper?
– Både Høgre og Frp har moderert posisjonen sin i spørsmål om arbeidsmarknaden, sjukeløn og velferd. Høgre har lukkast i å trekkje veljarar bort frå Ap, og det er avgrensa kor hardt Høgre – og dels Frp òg – vil fronte motstand mot fagrørsla. Høgre fekk 8,5 prosent av LO-røystene sist, Frp fekk 18 prosent. Men Venstre har lite å tape blant desse.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake