Surrogati
Svein Gjerdåker, 07.12.12
Surrogati i Noreg er forbode. Bidreg du med det som lækjar, vert du straffa. Slik bør det halda fram med å vera. Og det er få som tek til orde for noko anna.Men surrogati er lovleg i mange land. Den praktiske og moralske utfordringa er såleis kva vi gjer med dei stadig fleire som nyttar surrogati i utlandet. Ein ting er at ein moralsk ikkje kan forsvara å bruka fattige kvinner til å føda fram barn for rike foreldre i Vesten. Men kva gjer vi når det fyrst er gjort og borna er der? Skal foreldra straffast? Skal foreldra få ta borna inn i landet? Skal familien få barnetrygd? Skal foreldra få foreldreretten? Dette må vi ha klare reglar for. Her må vi ta omsyn til borna og la nåde går for rett. Så kompliserte er desse spørsmåla og så pragmatiske må vi vera. Når borna fyrst er fødde, har ein ikkje noko anna val enn at foreldra må kunne ta dei med heim. Eit alternativ er sjølvsagt at foreldra buset seg i surrogatilandet, men det vert ein urimeleg streng praksis. Og når borna er komne til landet, må sjølvsagt born og foreldre ha same rettar som alle andre. Kva når kvinner i USA, der surrogati er lovleg i einskilde statar, ber fram born for nordmenn? Eller kva med søsken eller vener som ber fram born til barnlause søsken? Då gjeld jo ikkje argumentet om at rike utnyttar fattige lenger. Skal ikkje ei kvinne kunne hjelpa storebror sin til å få eit barn? Det må seiast tydeleg: Det går heilt sikkert bra med norske surrogatibarn. Men ingen har rett på barn. Og alle born skal ha rett til å vita kven som er dei biologiske foreldra, om det er mogleg. Surrogati er dermed eit moralsk spørsmål om kva som er det beste for borna. Det blir for komplisert for barnet når egget, sæden – eller begge deler – kjem frå ein anonym donor og barnet er bore fram av ein tredjeperson.
« Tilbake
|