Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Juks i miljørekneskapen
Jan Inge Sørbø,  07.12.12

Noreg har falle frå ei topp-plassering som miljønasjon til ein 27. plass. Den plasseringa er etter alt å døma feil. Ho er for god.

Oppgjørets time, Erling Borgens nye dokumentar om klimakvotar som miljøtiltak, avdekkjer det mange har ant, eller hatt ei kjensle av. Nemleg at miljøinnsats gjennom kjøp av klimakvotar er ein stor bløff. Miljøminister Solhjell demonstrerer dette på eksemplarisk vis, når han hevdar at Noreg har overoppfylt Kyoto-avtalen. Vi har gjort meir enn det vi forplikta oss til, seier han. Men i same periode har utsleppa i Noreg gått radikalt til vêrs. Korleis kan ein få dette til?

Kreativ bokføring
Det skjer på to måtar. Dels gjennom kreativ bokføring av det som skjer i Noreg. Ein held delar av utsleppa utanfor rekneskapen, og ein reknar inn utanforståande ting, som tilvekst av skog, som eigentleg inneber oppgjeving av matjord. Og i endå større grad ved at ein trekkjer frå enorme mengder utslepp, ved å visa til innkjøpte klimakvotar.
Dersom norsk industri og samferdsle har eit utslepp på 100 einingar, så dreg ein frå 10 for skogen og 30 for klima-kvotar. Då står ein att med 60.
Då kan dei faktiske utsleppa aukast med 30, og likevel har vi spart inn 10 einingar. Tala er tilfeldige, men reknemåten er den offisielle. Slik oppfyller vi klimamåla.
Det er to måtar å overprøva denne tankegangen på. Den eine er generelt etisk: Er det rett at dei rikaste landa, dei med størst energiforbruk per innbyggjar, får lov til å løysa sin del av miljøproblema ved å betala mindre rike land, slik at dei må påleggja seg større restriksjonar enn vi gjer? Det er etisk problematisk, fordi det bryt med det kantianske prinsippet om at det skal gjelda same reglar for alle. Å innføra særordningar for dei som er rike, og påleggja dei fattige strengare reglar enn dei ein fylgjer sjølv, er klassisk umoral. Men det er dette kvotehandelen inneber.

Tiltaka verkar ikkje
Den andre måten å overprøva tankegangen på er å sjå korleis den faktisk verkar i praksis. Det er dette Erling Borgen har freista på. Og sjølv om det sikkert er ulike resultat, så dokumenterer han til fulle at mange av dei tiltaka Noreg betalar for, ikkje verkar miljøfremjande, men faktisk er store miljøsyndarar.
Vi aukar eigne utslepp, og i tillegg betaler vi store internasjonale selskap for å gjera meir miljøskade. Det er sant om ein del av dei prosjekta Noreg støttar. I rekneskapen min vil det seia at ein ikkje skal trekkja frå 40 for kvotane, men leggja til 10.
Det er ein faktor til her. Kvotehandel handlar om svimlande beløp. Meklarane, mellomlekkane, tek sin store prosent av dei pengane som er i omløp. Det blir ei ny finansnæring, ei boble som forsyner seg og lever høgt på miljøpengane. Vi veit ikkje kor mange kroner eller dollar, men vi veit at det er mykje.

Absolutte motsetnader
Kvifor kan dette skje? I norsk samanheng er dette oppfunne og sett i verk av Stoltenberg og hans folk. Dei står på skuldrene til Brundtland-kommisjonen, som i si tid skapte uttrykket «sustainable development» – berekraftig utvikling. Det er ein tvitydig term, eit mytisk omgrep, kan ein seia, som tyder (1) økonomisk berekraftig og (2) miljømessig berekraftig.
Tanken er at dei to handlar om det same. Slik løyner ein, reint språkleg, at det som øydelegg miljøet, er den typen økonomisk utvikling som vårt system byggjer på: vekst og større forbruk. Ein snur det opp ned, og seier at miljømessige framsteg er avhengig av økonomisk vekst. Det er ein myte, det er å sameina absolutte motsetnader. I praktisk språkbruk vil berekraft høyrast ut som miljø, men i praksis tyda økonomi.
Denne modellen har Stoltenberg overteke, og gjennom kvotesystemet har han funne den praktiske utforminga. Vi kan auka veksten, auka utsleppa, men fordi vi tener pengar på dette, kan vi betala oss ut av rekne-skapen. Og vi kan i neste omgang også tena på kvotepengane, ved at norske selskap kan vera med på å utføra jobben. Det er ikkje berre vinn-vinn, det er vinn-vinn-vinn.
Det einaste som taper, er miljøet. Difor er Noregs 27. plass av hundre land ei altfor god plassering.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake