Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Den uærlege skattedebatten

Av Jon Hustad
,  07.12.12


I 2011 betalte nordmenn 35 milliardar i topp- og formuesskatt. Motorvognavgiftene var på vel 40 milliardar. Slik er Utjamnings-Noreg.

Éin ting er dei politiske forståsegpåarane i Noreg samde om: Valkampen i 2013 vert ein valkamp om skatt, og mest skal det handla om formuesskatten. Det kjem til å verta ein lang valkamp. Men kva er det politikarane skal krangla om, kva slags skattesystem har vi eigentleg her til lands?
– Noreg har eitt av verdas mest progressive skattesystem, har Audun Lysbakken og andre i SV og Arbeidarpartiet hevda ved fleire høve. Høgre ser ut til å vera samd, difor vil dei ha bort formuesskatten og arvegifta. Så då er det vel greitt då?
Dei rike i Noreg vert nemleg hardt skattlagde, er både Høgre, Ap og SV samde om. Men som vi skal sjå, dei direkte personskattane, dei som vert nytta til omfordeling via skattesystemet, representerer berre om lag 12–13 prosent av den samla verdiskapinga i Noreg, og det er faktisk omtrent som i USA. Danmark og Sverige, derimot, hentar inn mellom 20 og 30 prosent av BNP via direkte personskattar. Her er det noko som ikkje heilt stemmer.

Vanskeleg tema
Å diskutera skatt i Noreg er i alle høve litt vanskeleg, for vi har både ein offshore-økonomi og ein fastlandsøkonomi, og dei to storleikane prøver Finansdepartementet ofte å halda frå kvarandre. Uansett: Mykje av det staten tek inn i skattar og avgifter frå olje- og gass, vert spart. Men ein del bruker vi, og det gjer at Noreg har ein mykje større offentleg tenesteproduksjon på fastlandet enn det ein skulle tru utifrå skatteinngangen, og det igjen fører til ein del filosofiske argument rundt reelt og potensielt skattenivå. Det skal få liggja ved dette høvet.
Då tala: OECD seier at det norske skattenivået har gått frå 29,6 prosent av BNP i 1965 til 43,2 prosent i dag. Dette er høgt i internasjonal samanheng. Vi er inne på fem på topp-lista, men eit stykke bak vinnaren Danmark, som ligg over 48 prosent. Om vi derimot held oljen utanfor, kjem skattenivået i Noreg ned i om lag 40 prosent av verdiskapinga.
Så ja, vi har eit nokså høgt skattenivå, men vi er ikkje av dei hardast råka. Det vi derimot kan slå fast, er at langt fleire nordmenn får meir frå staten enn dei betaler til staten gjennom livet. Oljen gjev oss høve til å ha verdas største offentleg sektor, men utan at vanlege skattebetalerar her og no må betala svært mykje for å ha det slik. Det må kallast flaks.

Regressivt
Kva eit progressivt skattesystem er for noko, er ikkje heilt lett å definera. Men i grove trekk betyr det at folk som tener lite, ikkje bør betala særleg i skattar og avgifter. Det bør vidare vera slik at mesteparten av skatteinntektene kjem via skatt på formuesobjekt og inntektsskatt, og at dei som tener mest, bør betala mykje av den samla skatten. I tillegg bør det vera slik at avgiftsnivået er lågt. Om ein innfører avgift på forbruk og seier at alle skal betala den same avgiftssatsen, så vil det automatisk føra til at dei som har låge inntekter og ikkje har råd til å setja av pengar til sparing og investeringar, betaler relativt sett mykje meir i avgifter enn dei som tener godt og har råd til å spara og å investera.
Eit land som skårar godt etter desse kriteria, er faktisk USA, som til dømes ikkje har ei føderal meirverdiavgift, eller moms. USA har òg eit høgt minstefrådrag, 47 prosent av dei vaksne i USA, betaler ikkje inntektsskatt. Eit land som etter dei fleste mål, gjer det dårleg etter ein slik definisjon, er Noreg. Vi er truleg det rike landet i verda som etter regjeringas eigne definisjonar tek inn relativt mest av skatteinntektene gjennom avgifter. Eller som Finansdepartementets eige Fordelingsutval skriv: «Det norske skatte- og avgiftssystemet skiller seg til en viss grad ut med relativt stor vekt på merverdiavgifter og særavgifter.»
Eit godt døme på kva utslag eit regressivt skattesystem kan gje, er dei norske alkoholavgiftene. Vi har særavgifter på alkohol i Noreg. Avgiftene på alkohol vert i hovudsak rekna ut på basis av alkoholinnhaldet i flaska i staden for på flaskeprisen inn til polet. Dette betyr at produkt med låg kvalitet vert svært dyre i Noreg, medan produkt med høg kvalitet, til dømes god fransk vin, vert relativt billig. Om vi reiser mykje via fly, slepp vi rett nok alkoholavgift på det vi kjøper på flyplassar. Men kven reiser mest? Dei med gode inntekter. Dobbelt fordel altså.

600 milliardar
Tala for ulike typar skatt finn vi i SSBs statistikkbank. I 2011 betalte nordmenn om lag 360 milliardar i direkte skattar på inntekt, formue, avkastning og verksemdsoverskot, som artig nok nesten på krona svarar til det staten gjev attende i form av ulike typar sosial stønad til hushalda. Då er skatt frå olje- og gass halden utanfor. Tek vi med det området, går dei direkte skattane opp til knapt 600 milliardar.
Det er i hovudsak den direkte inntektsskatten som vert nytta til å omfordela mellom dei som har høg lønsinntekt og dei som har låg. Avgifter, derimot, har som nemnt ingen slik effekt: Dei med relativt liten inntekt må nytta ein relativt høgare del av inntekta si på konsumavgifter enn dei som tener godt. Samla tok staten inn om lag 320 milliardar i avgifter i 2011, nesten det same som han tok i direkte skattar frå fastlandet. Alle, pensjonistar, uføretrygda, sosialklientar, studentar betaler moms i Noreg, momsen åleine utgjorde 211 milliardar av statens inntekter i 2011. Og momsen har gått jamt og trutt oppover i over 45 år.
Sidan dei med låg inntekt har lite å spara og investera med, kunne vi kompensera for desse ulikskapane gjennom ei høg formues- og eigedomsskattlegging. Dei som har råd til å skaffa seg formuesobjekt, har høg skatteevne. I 2006 tok den nye skattereforma til å gjelda. Då tala var klare, viste det seg at skatt på formue og eigedom utgjorde 1,2 prosent av inntektene til staten. Same året var gjennomsnittet for OECD 2 prosent.

Fast sidan 2006
Skattefordelinga i Noreg har lege nokolunde fast sidan 2006. Det året hevda Finansdepartementet at 43 prosent av all skatte- og avgiftsinngang var frå inntektsskatten, men eit så høgt tal kom dei fram til ved å mellom anna inkludera arbeidsgjevaravgifta. Dette er i og for seg rett sidan arbeidsgjevaravgifta er ein kamuflert inntektsskatt, men staten krev avgifta inn utan at vi ser effekten av den. Arbeidsgjevaravgifta er altså ein direkte skatt på lønsinntekt som dei fleste må betala, og med unnatak for delar av distrikts-noreg der ho er differensiert, er prosentsatsen på 14,1 prosent for kvar krone. Arbeidsgjevaravgifta er ein av dei viktigaste inntektspostane for staten.
Avgifta var på 140 milliardar i 2011. Trygdeavgifta, som vi betaler via skattesetelen, var på si side 100 milliardar i fjor. Eit artig poeng er at når staten krev inn trygdepremiar frå innbyggjarane, så kallar dei det avgifter medan dei i andre samanhengar kallar det inntektsskatt.
Trygd- og arbeidsgjevaravgift utgjer rundt 17 prosent av inntektene til staten, og er ein rein bruttoskatt utan høve til skattefrådrag. To av dei aller største inntektskjeldene til staten, trygde- og forbruksavgifter, har altså ingen progressiv effekt.

Toppskatt
To andre skattetypar som derimot har ein klår omfordelande effekt, er toppskatten og den før nemnde formuesskatten, men sant å seia er desse to postane ikkje særleg store. Den samla inngangen av direkte skattar, inkludert olje, var om lag 600 milliardar i 2011, toppskatten var på 21 milliardar, fire milliardar mindre enn vi betalte i tobakks-, alkohol- og lotteriavgifter. Formuesskatten var på knapt 14 milliardar. Om vi legg saman topp- og formuesskatt, 35 milliardar, er det seks milliardar mindre enn staten tok inn i motorvognavgifter, som alle som har bil med forbrenningsmotor, må betala. Om vi held olje- og gassinntektene unna, utgjorde topp- og formuesskatt 10 prosent av all skatteinngang frå inntektsskatten. Samla tok staten inn litt under 800 milliardar kroner frå fastlandsøkonomien i 2011, 4,5 prosent av inntektene kom frå topp- og formuesskatt. Utjamninga mellom høg og låg er altså minimal.
Men på eitt område kan den noverande regjeringa hevda at ho har gjort noko for å gjera det norske skattesystemet meir progressivt. Før 2006 slapp ein god del eigarar av aksjeselska å betala skatt på utbyte, argumentet var at dei alt hadde betalt 28 prosent skatt på overskotet i verksemdene dei var eigarar i. I 2006 var det på nytt innført ein utbyteskatt, noko som gjorde at den samla formelle overskots- og utbyteskatten vart på 48 prosent, reelt sett 45–46 prosent. Så ja, det har skjedd ei utjamning i det norske skattesystemet dei siste åra: Dei som har høge lønsinntekter vert no behandla nokolunde likt med dei som har høge kapitalinntekter. Men skatt på aksjeutbyte har gjeve staten relativt lite i skatteinntekter så langt. Utbyteskatten vert i alle høve ikkje ei valkampsak. Høgre vil ikkje endra det nye systemet.

Konklusjon
Oppsummert kan vi kanskje seia det slik: Ja, Noreg har eit stykke på veg eit progressivt skattesystem. Om du tener godt og vel å bruka den siste krona di på forbruk i staden for å spara, vert marginalskatten din inkludert direkte og indirekte skattar på 70 prosent, seier Finansdepartementet. Men den prosenten er i hovudsak teoretisk. Det norske skatte- og avgiftssystemet er fyrst og fremst svært regressivt og prega av indirekte og løynde skattar vi knapt nok registrer i kvardagen. Det er i stort sett trygdesystemet, og ikkje skattesystemet, som vert nytta til utjamning i Noreg.
OECD har evaluert det norske skattesystemet, i all hovudsak meiner dei det er godt for næringslivet og den samla økonomien, rett nok ymtar dei frampå om at toppskatten bør bort sidan det kunne føra til at dei mest produktive arbeidde endå meir. Men det er trygdesystemet OECD verkeleg vil endra. Dei vert ikkje høyrde, i realiteten går ingen norske parti inn for å endra trygde- og sosialsystemet.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake