Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Transporten må ned

Av Svein Gjerdåker
,  30.11.12


Så er det slutt på godstrafikk på jernbane frå Oslo mot Europa. Cargo-nets rute mellom Oslo og Malmö vert lagd ned neste veke. Langtransporten på E6 har konkurrert ut jernbanen, og godsmengda har gått ned år for år.

Toga har stort sett gått halvtomme. Det er billegare og raskare med vogntog på E6.

Kven ville trudd det etter Soria-Moria-erklæringa i 2005 – at godstrafikken på jernbanen ut av landet skulle leggjast ned sju år seinare? Og at trailertrafikken over Svinesund skulle auka med ni prosent siste år? Held auken fram gjev det ei dobling av tungtransporten på knappe ti år. Lukke til!

Den store saka regjeringa arbeider med for tida, er Nasjonal transportplan 2014–2023. Med alle dei forventningane som er om nye firefeltsvegar, bruer, tunnelar, dobbeltspora jernbaner, skipstunnelar og oppgraderte flyplassar, er det ein rapport som regjeringa er dømd til å tapa på. Ingen kjem til å verta heilt nøgde.

Med oljeinntektene har vi sjølvsagt pengar til det meste. Og Høgre og Framstegspartiet vil lova storsatsingar. Men økonomien toler ikkje ei slik storsatsing. Kva skal då finansiera dei auka utgiftene dei neste tiåra til pensjonar, aldersheimar og sjukehus? Og ikkje har vi nok arbeidskraft til all utbygginga heller.

Diverre er nye vegar lettare å finansiera enn nye jernbanar. Ein treng berre setja opp mange nok bomringar. Og bomringar er bra, men konsekvensen av utbygginga har uheldige sider, jamfør veksten på E6 og nedlegginga av godstoga.

Kva gjer vi då? Det er lett å seia, men transportveksten må ned. Så enkelt og så vanskeleg er det. Du kan ikkje dobla transporten kvart niande år utan store negative konsekvensar.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake