Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Zappa om USA

Av Rasmus Hungnes
,  30.11.12


Zappa kommenterer dagens samfunn på ny samleplate.

ROCK
Frank Zappa:
Understanding America
Zappa Records/Universal

Understanding America er ei av tre samleplater Zappa sette saman før han døydde i 1993. Plata vart utgjeven for første gong like før det amerikanske presidentvalet i år og målar eit galgenhumoristisk bilete av politikk og familieliv i Sambandsstatane.

Hovudattraksjonen for fansen er ein forlengd, til no uutgjeven versjon av ein lydcollage frå 1985. «Porn Wars Deluxe» krinsar rundt opptak frå ei kongresshøyring same år, der Zappa tok til motmæle mot sensurering av det moralistane kalla «porn rock». Her finst mykje subjektiv moralisering framførd av ymse politiske og religiøse autoritetar.

Meir oppløftande er det å høyre unge Al Gore gi Zappa ein kunstnarleg kompliment. Zappa gav verket klengjenamnet «Congress Descending a Staircase» etter Duchamps dimensjons­overskridande kubistiske målarstykke «Nude Descending a Staircase», ei nemning som nok passar betre til den meir abstrakte versjonen som var å finne på Frank Zappa Meets the Mothers of Prevention. I Deluxe-versjonen er delar av andre songar blanda inn, og den sarkastiske effekten blir tydelegare – kanskje overtydeleg.

Elles er ikkje dette ei best of- eller greatest hits-samling, men eit politisk utsegn som viser både brodden og breidda i Zappas musikk. Slik kan samlinga fungere som introduksjon for nye lyttarar, medan entusiastane kan glede seg over enkelte alternative innspelingar som har snike seg inn her og der.


Rasmus Hungnes er musikar og fast platemeldar for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake