Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Men statsråden er jo naken!

Av Jan H. Landro
,  30.11.12


Ein retorisk gjennomgang av Trond Giskes språkmelding frå 2008 avslører eit språkpolitisk konkursbu. Det er ikkje vakkert.

På oppdrag frå Språkrådet har sakprosaprofessor Anders Johansen, Universitetet i Bergen, kartlagt korleis dei prioriterte tiltaka i St.meld. nr. 35 (2007–2008), Mål og meining, er følgde opp. Til grunn ligg også ein politisk-retorisk analyse av spenningar mellom norsk språkpolitikk og andre viktige politikkområde, særleg uni­ver­sitetspolitikken.

Konklusjonen er nedslåande.

Johansen finn at meldinga på den eine sida teiknar eit dels alarmerande bilete av situasjonen for norsk språk på sentrale samfunnsområde. Samstundes unngår ho forpliktande formuleringar om tiltak som kan bidra til å snu den trugande utviklinga. Ja, endå verre: På fleire avgjerande punkt ser professor Johansen eit påfallande misforhold mellom situasjons­beskriving og handlingsplan.

Lovar og lyg
Mykje står på spel, men lite skal gjerast.

Meldinga lovar ein «heilskapleg» og «sektorovergripande» språkpolitikk, men denne lovnaden er ikkje innfridd. Endå om ein viktig intensjon er å reversere tendensane til domenetap for nasjonalspråket – særleg er delar av norsk fagspråk truga – skjer lite eller ingenting. Og dette trass i at Mål og meining inneheld ikkje mindre enn 109 «prioriterte tiltak», som samla synest varsle ein massiv innsats over eit breitt felt.

Kva er det då som har svikta?

Kan hende har det ikkje svikta. Kan hende har det berre gått slik Anders Johansens analyse syner at det ville gå. Og slik det er grunn til å tru at i alle høve somme krefter i ymse departement helst såg at det gjekk. For sakprosaprofessoren peikar på eit gjennomgåande styringsprinsipp i statsforvaltninga: Språk­politikk er vel og bra, men der språkpolitiske omsyn kjem i konflikt med diverse «sektorspesifikke» interesser, må språket som oftast vike.

Atterhalds-tassen
For mitt indre auge ser eg han, den vesle tassen med kalkulator og synonymordbok, som sit i eit ørlite kontor inst i Finansdepartementet, eller Finansmausoleet, som Åslaug Haga kallar det. Den einaste oppgåva han har, er å forsyne heile statsapparatet med atterhald, tåkepreik og defensive retoriske knep som svekkjer ambisjonen om heilskaplege grep – uttrykk av typen «der det er formålstenleg», «i hovudsak», «som hovud­regel», «i utgangspunktet», «primært», «normalt», «til vanleg», «der dette er relevant». Ved hjelp av desse orda, som både språkmeldinga og andre stortingsmeldingar er fulle av, får sentrale formuleringar og tiltak dei smotthola som skal til for å styre unna det som tilsynelatande var intendert.

Det styrkjer heller ikkje krafta i språkmeldinga når Johansen kan dokumentere at om lag ein tredjedel av dei 109 «prioriterte tiltaka» alt var sette ut i livet lenge før meldinga vart skriven.

Kva skal vi då med ei språkmelding, og tilsvarande papirprodukt frå andre departement? Svaret er enkelt: Å skrive uforpliktande stortingsmeldingar er synonymt med å bli avlasta for eit ansvar, ein måte å få problemet ut av verda på. No har ein jo ein politikk, og med det skulle ikkje ytterlegare tiltak vere naudsynt.

Så kan ein gå vidare til neste problem – og neste stortingsmelding.

Who cares?
Når intensjonane er så ulne, signala så tvitydige og oppfølginga i beste fall ineffektiv, er det ikkje anna å vente enn at våre høgste utdannings- og lærestader heilt gløymer morsmålet i alt snakket om internasjonalisering. Rett nok gir språkmeldinga desse institusjonane eit særleg ansvar for å tryggje «norsk språk som eit komplett, samfunnsberande nasjonalspråk»; men Kunnskapsdepartementet si melding om Internasjonalisering av utdanning (St.meld. nr. 14 (2008–2009)) er fri for språkleg angst. Der er engelsk det einaste rette svaret.

Hadde eg trudd det kunne gjere ein skilnad, ville eg gjort framlegg om at kvart eit departement vart utsett for ein tilsvarande retorisk analyse.

Men kven bryr seg?

Jan H. Landro er journalist og fast kommentator i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake