Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Ingen varig fred i Midtausten

Av Svein Gjerdåker
,  23.11.12


Som venta kom det i stand ein ny fredsavtale etter denne Gaza-krigen òg. Men den vert ikkje varig. Dagens israelske og palestinske leiarar er ute av stand til å få til ei reell langsiktig løysing.

I denne konflikten er det fanatikarar på begge sider. Israel har i dag leiarar som berre tenkjer militær makt og kortsiktige militære løysingar. Og Hamas står for ei line som heile vegen har ført folket i feil retning. Det er tragisk at det palestinske folket skal måtta slita med ei slik totalitær rørsle – som er skipa for, og plikta til, å utsletta staten Israel.

Så kan ein diskutera kven som har skapt Hamas. Der har dugløyse og årelang korrupsjon på palestinsk side mykje av ansvaret, men det kan ikkje vera tvil om at Israels politikk òg har gjort sitt.

Israel må i det heile ta mykje av ansvaret for den situasjonen som er no. Ein kan ikkje sperra folk inne på eit lite område slik som på Gaza år etter år. Det er umenneskeleg og fører berre til at generasjon etter generasjon vert valdeleg og styrd av hat. Difor må Israel avvikla blokaden om ein skal få til fred.

Kva då med alle bombene som kjem inn over Israel frå Gaza? Over åtte hundre bomber berre i år. Trengst ikkje blokaden for å hindra at våpen vert smugla inn?

Tydelegvis har ikkje lenger Hamas kontroll over eige område. Enno meir fanatiske grupper enn Hamas ser ut til å ha fått større makt. Det gjer det berre endå viktigare for Israel å skifta politikk og strategi og gje pale­stinarane reelle innrømmingar for å få til ein varig fred.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake