Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Dei nye koloniherrane

Av Per Anders Todal
,  23.11.12


Jakta på matjord i fattige land har fått enormt omfang. Opptil 203 millionar hektar – seks gonger Noregs areal - er seld eller bortleigd til store investorar. Mykje av jorda blir brukt til å produsere biodrivstoff.

For mayabøndene i Polochic-dalen i Guatemala må det ha sett ut som om borgarkrigen hadde byrja att. I mars i fjor rykka væpna soldatar inn med støtte frå helikopter og paramilitære. Dei banka opp folk, dreiv dei ut av husa sine og brende landsbyane og avlingane deira. Over 3000 menneske vart fordrivne. Den jorda som desse familiane hadde levd av og på i generasjonar, vart kort tid etter teken i bruk for å dyrke sukkerrøyr for å lage etanol til europeiske bilar. «Folk mista alt dei hadde – dei var ikkje lenger anna enn billeg arbeidskraft», fortalde menneskerettsaktivist Maria Josefa Macz til The Guardian.

Liknande ting skjer no i ei lang rekkje fattige land i verda, frå Guatemala til Kambodsja. Fenomenet blir på engelsk kalla landgrabbing - ei høveleg norsk omsetjing kan vere jordrov: Utanlandske storselskap og rike statar kjøper eller langtidsleiger billeg jord i tredje verda, og produserer biodrivstoff eller matvarer for eksport. Nasjonale og lokale styresmakter stiller gjerne med den makta som må til for å fordrive dei småbøndene som lever av jorda. Profitten går til investorane og dei nasjonale elitane, og lokalbefolkninga ender i mange tilfelle opp i slummen i byane. I beste fall får dei arbeide for dei nye landherrane.

Seks gonger Noreg
Slik jordovertaking er sjølvsagt ikkje noko nytt. Det nye er at fenomenet har slik enorm målestokk. Ingen veit omfanget sikkert, mellom anna fordi avtalane som blir inngått mellom investorar og styresmakter, ofte er hemmelege. Kva ein skal definere som jordrov er òg diskutabelt. Men organisasjonen International Land Coalition kom i fjor med eit overslag: 203 millionar hektar jord har det siste tiåret blitt seld, leigd bort eller blir forhandla om med investorar. Det er over 200 gonger så mykje som den samla dyrkamarka i Noreg, og seks gonger så mykje som heile det norske landarealet.

I somme land er det sjokkerande store delar av matjorda som blir seld eller leigd bort på dette viset. I Kambodsja er kanskje så mykje som 63 prosent av det dyrkbare arealet no i hendene på private selskap, i Liberia rår investorar no over 30 prosent av landarealet, syner ein rapport som Oxfam la fram i haust.

Paradoksalt nok: Storparten av desse investeringane skjer i Afrika, og oftast i land som har problem med å fø si eiga befolkning.

Det lova landet
Ein viktig arena for denne typen investeringar er Etiopia, som ofte blir vist til som eit føredøme for økonomisk utvikling i Afrika. Ein grunn til denne rosen er at Etiopia har vore gode til å leggje til rette for utanlandske investorar, noko mange afrikanske land har strevd med å få til – og ein stor del av investeringane skjer i landbrukssektoren.

Men denne tilrettelegginga har ofte brutale lokale konsekvensar. I Gambella-regionen har 70.000 menneske blitt tvangsflytta for å gje plass til landbruksinvestorar, og det ligg føre planar om å flytte nye 1,5 millionar menneske i Etiopia, fortalde Human Rights Watch i januar i år. Berre frå 2008 til 2011 leigde Etiopia ut 3,6 millionar hektar jord til utanlandske investorar, og nye 2,1 millionar hektar er stilt til rådvelde.

«Etiopia er det lovede land for jordbruk. Alt vokser her», uttalte Jan Prins, direktør for Jettu Horticulture, til Dagens Næringsliv i 2010. Prins administrerte investeringane til den saudiarabiske sjeiken Mohammed al-Mahmoudi i Etiopia. Selskapet hadde betalt kring 20 kroner per hektar til den etiopiske staten – eit eingongsbeløp – for å leige enorme jordområde i 99 år. Dessutan fekk selskapet fritak frå skattar og avgifter på både import og eksport frå regjeringa.

Bøndene som brukte jorda før, vart fordrivne med makt av hæren. Alle grønsakene frå Jettu Horticulture gjekk til eksport.

Samtidig er det tørkeutsette Etiopia berre unnataksvis i stand til å fø på si eiga befolkning. Landet er verdas største mottakar av matvarehjelp.

Håp om utvikling
Eit vanleg forsvar for denne praksisen er at «landgrabbinga» bringer inn investorar med kapital som kan få mykje meir ut av jorda enn fattige småbønder var i stand til. Matmengda ein kan produsere blir sjølvsagt større med moderne landbruksmetodar.

Styresmaktene håpar gjerne at investorane skal bringe med seg ny teknologi, infrastruktur og kunnskap om marknadstilgang som kan kome landet til gode, og skape nye, meir produktive arbeidsplassar i landet. Men i mange tilfelle er det få alternative arbeidsplassar tilgjengelege for dei fordrivne småbøndene. Og dei store inntektene frå eksporten av landbruksvarer hamnar uansett hos investorane, ikkje hos lokalbefolkninga.

– Utviklinga minner om «kappløpet om Afrika» på 1890-talet. «Landgrabbing» kan kallast ei form for nykolonialisme, seier Ian Bryceson, som er professor ved Universitetet for miljø- og biovitskap.

Bryceson kjem opphavleg frå Tanzania. Han har i seinare år engasjert seg i debatten om eit svensk prosjekt for å dyrke sukkerrøyr til biodrivstoff på fire millionar hektar i Tanzania. Kritikken mot desse planane vart så sterk at prosjektet vart skrinlagt.

Det er fleire grunnar til at Afrika er så attraktivt for landbruksinvestorane, meiner Bryceson.

­– Både jorda og arbeidskrafta er svært billeg. Det er få offentlege reguleringar, og eigedomsretten til bøndene er svak eller ikkje-eksisterande. Bruksretten som småbøndene har til jorda, blir trakka på.

For dei fordrivne bøndene er konsekvensane ofte stygge, påpeikar Bryceson.

– Dei blir skvisa ut og marginaliserte på bygda, eller dei endar opp i slummen i byane.

Sikringskost og diesel
Det er særleg dei siste fem åra at «landgrabbing»-fenomenet har skote fart. Dette har fleire årsaker: Eksplosjonen i matvareprisane som byrja i 2007, gjorde investeringar i landbruk og matjord langt meir attraktive, og attraksjonen vart ikkje mindre av raset i aksjekursane som kom med finanskrisa i 2008: Kapitalen trong nye, interessante stader å gå for å yngle. Finansselskap som Goldman Sachs har etablert eigne fond for å investere i landbruk.

Klimapolitikken i dei rike landa har òg spelt ei viktig rolle. Av den «landgrabba» jorda som blir brukt til landbruksføremål, blir tre fjerdedelar nytta til å produsere biodrivstoff, ifølgje International Land Coalition. Ein av drivarane for utviklinga har vore EUs mål om at innblanda biodrivstoff skulle utgjere ti prosent av bensin- og dieselforbruket.

Ein tredje faktor er politikken til rike land som ikkje er sjølvberga med sin eigen matproduksjon, og som fekk ein støkk av matkrisa i 2008. Oljeland som Saudi-Arabia, Dei arabiske emirata og Qatar er store aktørar innanfor landgrabbing, og også framveksande stormakter som Kina, India og Brasil er på jakt etter jordbruksland i fattigare statar.

Ville vesten
Jakta på matjord har likevel minska litt i intensitet i det siste, meiner Ian Bryceson.

– Dette er framleis eit en enormt problem. Men i mange land har det kome så sterke protestar at styresmaktene i ein del land har innsett at dei har gått for langt, og har sett bremsene på.

Bryceson viser til Madagaskar som døme. Der hadde regjeringa lova bort halvparten av matjorda – 1,3 millionar hektar – til det sørkoreanske storselskapet Daewoo, som ville dyrke mais for eksport til Sør-Korea. Selskapet skulle få disponere jorda i 99 år. Men protestane vart i 2009 så sterke at det medverka til regjeringsskifte, og avtalen vart kansellert.

José Graziano da Silva, leiaren for FNs matvareprogram (FAO), er blant dei som har åtvara mot utviklinga. I eit intervju med The Guardian nyleg samanlikna han landgrabbinga i Afrika med det ville vesten, og etterlyste «ein sheriff og ei lov». Men da Silva vedgjekk at det var lite FN og FAO kunne gjere med dei nye, globale godseigarane.

– Eg ser ikkje korleis vi kan stogge dette. Dei er private investorar. Vi har ikkje reiskapane for å hindre storselskap i å kjøpe jord, sa da Silva.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake