Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
Fakta om avisa
Manglande avis?
Redaktøransvar
Riksfondet
Tilsette
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


To bilete frå Negev

Av Øyvind Strømmen
,  16.11.12


Igjen bombar Israel Gazastripa, og igjen sender Hamas rakettar mot Israel. Bakteppet kan ein skjøna gjennom to bilete. Men skjøner norske palestinavener båe?

Historia om den vanskelege Midtausten-konflikten kan forteljast med to bilete. Det eine er eit bilete frå Associated Press i 1948. Det stod på trykk på framsida av Aftenposten 19. november det året. Ein ser ei arabisk byscene og ein jeep med israelske soldatar. I underteksten heiter det: «Da styrker av Israels armé rykket inn i industribyen Majdal nord for Gaza i forrige uke, var byen blitt rømt av de arabiske soldater, men en del sivile arabere ble igjen, og sto eller satt apatisk i gatene.»

Al-Majdal – namnet tyder «tårnet» – finst ikkje lenger. Dei fleste arabarane som levde i området, flykta eller vart fordrivne av israelske styrkar i 1948. Eit par tusen var attende i al-Majdal, men mot slutten av 1950-åra vart nesten heile den resterande arabiske befolkninga flytta til Gazastripa, dagens grense går 13 kilometer sør for den israelske byen som har vakse opp der al-Majdal ein gong låg, Ashkelon. Nokre vart flytta til Ramla, nordaustover i Israel. Det er ei ikkje heilt uvanleg forteljing i det palestinarane kallar an-Nakba, «katastrofen».

Konstant uro
Det andre biletet er eit Reuters-fotografi frå 29. oktober 2011. Det syner ei scene i Ashdod, som ein gong gjekk under namnet Isdod – det var ein gong ein arabisk by – 20 kilometer lenger nord. I bakgrunnen er ei bustadblokk. Fremst på biletet ser ein tre utbrende bilar og ein ung gut som stirer inn i ein av dei. Denne oktoberdagen for eit år sidan trefte ein Grad-rakett skoten opp frå Gazastripa Ashdod, og 56 år gamle Moshe Ami vart drepen. Han var busett i nettopp Ashkelon.

I 2011 var det 680 åtak av denne typen mot Israel, missil­åtak og bombekastaråtak. Fram til oktober i år har det vore meir enn 800. Få av dei er dødelege, men 28 menneske har vorte drepne i slike åtak sidan 2001, og hundrevis har vorte såra. Den viktigaste effekten er at åtaka er ei kjelde til konstant uro. Og ikkje minst: Med eit snitt på over to slike åtak kvar einaste dag – i røynda er det langt meir i periodar – er dei ei kjelde til stadige israelske motaksjonar, retta mot mål på den Hamas-styrde Gaza­stripa.

David mot Goliat
Kvifor fortelja om desse to bileta? Grunnen er enkel. I Noreg – og då spesielt på den norske venstresida – er det fyrste biletet lett å forstå: Palestinarane er den undertrykte parten. Dei har vorte fordrivne frå landet sitt. Dei vert nedverdiga på sjekkpunkt på Vestbreidda, og Gaza-stripa er isolert frå omverda og lid av dette.

På eit område på storleik med Sarpsborg kommune lever 1,7 millionar menneske, mange av dei ser på seg sjølve som flyktningar. Eigentleg høyrer dei heime på stader som al-Majdal og Isdod. Det er eit tredje bilete som tel. Biletet av palestinarane er biletet av ungguten i t-skjorte som kastar småstein mot tungt væpna israelske soldatar, ein David mot Goliat.

På norsk venstreside går ein i demonstrasjonstog for å boikotta Israel og med slagord som «La de palestinske flyktningene komme hjem». Det gjer ein sjølv om dette kravet er noko israelarane aldri vil gå med på, sjølv om det er eit av krava som står i vegen for ein reell fredsprosess.

Det er det andre biletet ein har vanskar med å forstå. På det biletet er det sivile israelarar som er offeret, og gjerningsmennene er væpna med rakettar og med ein ideologi som inkluderer radikal islamisme, ein variant av nasjonalisme (Hamas talar stadig om al-wataniyya, fedrelandet) og eit djuptgåande jødehat der konspirasjonsteoriar også spelar ei viktig rolle.

I det biletet er Israel omringa av folk som vil dei vondt, og biletet er sjølvsagt påverka av den historiske lagnaden til det jødiske folket. Eit illustrerande uttrykk for dette finn ein – av alle stader – i Melodi Grand Prix. I 2007 var det israelske bidraget songen «Push the Button» med gruppa Teapacks. Tittelen vart forstått som ein referanse til det iranske atomvåpenprogrammet, og i refrenget heiter det: «And I don’t want to die. I want to see flowers bloom. Don’t wanna go capoot kaboom.» Den kjensla av å vera omringa, av å ha fiendar på alle kantar, er ei kjensle det er vanskeleg å skjøna frå trygge, fredelege Noreg.

Nasjonalismen
Det andre biletet er like reelt, like ekte, som det fyrste. Men det evnar sjeldan norsk venstreside å skjøna, og dermed sluttar dei seg mellom anna til ein politikk som understrekar biletet: Dei vil boikotta Israel. Det er ei stadfesting av verdsbiletet til den nasjonalistiske høgresida i landet og noko som berre vil svekkja fredsrørsla i landet – ei fredsrørsle som er svak frå før. Men det har òg verre utslag: Den manglande forståinga gjer at somme vel å tilskriva israelarane rein vondskap i kraft av å vera israelarar, og «sionisme» vert skjellsordet over alle skjellsord, sjølv om sionisme er verken meir eller mindre enn jødisk nasjonalisme, og sjølv om også jødiske nasjonalistar kan ha sterk motvilje mot israelsk politikk andsynes palestinarane.

Og bak anti-sionismen lurer antisemittismen, som når fleire på norsk venstreside omfamnar karikaturteikning­­ane til den brasilianske teiknaren Carlos Latuff, ein teiknar som kombinerer anti-israelisme og antiamerikanisme med klassisk antisemittisk symbolikk.

I slutten av oktober skreiv Anne Sender, tidlegare leiar i Det Mosaiske Trossamfund, ein sterk tekst på nettstaden Verdi­debatt.no, «Sløret er borte». Ho fortel om eit besøk til Vestbreidda og skriv: «Jeg har ikke vært uvitende om eller likegyldig til palestinernes virkelighet, men tidligere var det på avstand. Det å ta det inn over meg var noe annet. Sløret var borte, jeg så fattigdommen, den ulike fordelingen av ressurser, frustrasjonen og håpløsheten som okkupasjonens pris.»

Ho held fram med å påpeika at partane i den langvarige konflikten treng felles vener, og at ingen av dei er tente med at «venner utenfra pleier egne visjoner – om de er bibelske eller politiske».

Det er kloke ord, og det er å vona at fleire enn Sender kan løfta sløret. For nokre handlar det om å sjå og forstå den israelske røyndomen.

Øyvind Strømmen er frilansjournalist.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake